mandag, mai 30, 2005

eg er proff

Har på ein eller anna underleg måte fått ein profesjonell konto hjå flickr. I den anledning har eg lagt ut litt gamøe bilete eg kom over. Dei er i frå då eg (med følge) frakta bøker til Midtausten.

lørdag, mai 28, 2005

Siger!

Sist eg skriev noko om Klebe var rett før heime kampen mot Ulf Sandnes. Då denne kampen enda med 3-4 til Ulf, forbigår eg heile kampen i tyssna. Særleg fordi Johannessen var innvolvert i alle Klede sine baklengsmål, ikkje minst det siste, to min på overtid.

Då det er eg som skriv vel eg å rette fokus på kampen som vart spelt i går. Den gjekk på voll, mot..., ja nettopp Voll IL. Kampen var både eit toppoppgjer og lokaderby, så rammene rundt kampen var fine. Skuffande var det då at det berre var 20 tilskodarar, inkludert begge lag sin resevebenk og trenarar. Unge Nese skulle vera toastmaster i mora sin 50 års dag, så han var ikkje med. Synd, for Klebe kunne verkeleg hatt bruk for ein resurs som han denne kampen.

15. Johannessen fekk utruleg nok starte denne gongen og, noko som truleg ikkje var grunna innsatsen i kampen før. Denne gongen gjekk det litt betre og 15. Johannesen var ikkje innvolvert i nokon av måla, verken den eine eller andre vegen. I første omgang kjørde VOll over Klebe. I andre omgang var rollene snudd. Det gledelege var at Klebe, trass sterk motstand i frå Voll og i andre omgang, klarde å hale sigeren i land, to minutt før slutt. Ballen blei satt i mål av Alf E. Stokka, etter godt forarbeid at Arne Eigil Aksnes. Neste kamp er 6/6-05 heime mot Mastra. Vel møtt

onsdag, mai 25, 2005

Dette er ei ny form for blogging, totalt revolusjonerande. Metoden er enkel relutatet forbløffande. Det heiter i frå no av overskriftsblogging!

Jack Johnson

Som tidlegare nemt fekk eg to CDar av Jack Johnson. Faktisk ikkje meir enn 209kr var prisen for begge med porto. Fint.

Platene er ”On And On” (”På og På” evt, ”Vidare og Vidare”) frå 2003, og “In Between Dreams” (”Mellom Draumar”) frå 2005. Eg bestillte dei etter tips frå tusse, tussleik, tussanlull, baretull, og studenten-som-verken-les-eller-meldar-seg-opp-til-eksamen-men-likevel-kallar-seg-student. Begge er 100% Jack Johnson stil. Denne stilen er ikkje heilt lett å setje på genre kartet. Kallar ein det for ”akustisk rock”, er ein inne på noko. I same andedrettet kan ein og seie ”singer/songwriter”. Ikkje langt borte er ”Robert Nesta” og ”reggae” heller. Musikken er utruleg avslappa og så fort eg trykkjer på play kjenner eg eksotiske lukter, og temeraturen i stua stig. Eg vart rett og slett bli. Er eg i rette hjørne må eg moglegens kjempe med ei lita tåre. For ein musikk. Jack klarar å få fram dei ”positive vibrasjonane” frå reggaen utan at den stundom irriterande ”kåchonk, kochånk” rytmegitaren. No har eg berre høyrt begge platene ein gong, men favorittane er ikkje vanskelege å identifisere.Taylor frå den første plata er veldig bra, frå Mellom Draumar vil eg framheve ”Sitting, Waiting, Wishing” (”Sitte, vente, ønskje”) og Banana Panckakes (Bananpannekaker”). No kan eg gå sumaren trygt i møte (hendelse den let vente på seg), for sumarmusikken er i boks! Dette kan det ikkje bli dårlege grillselskap av!

Tjohei!

For ein gledens dag! Etter ein litt skral star blei dagen betre og betre. Eg kom meg ikkje skikkeleg opp or senga, så eg kasta meg i dusjen. Etter frukosten sette eg meg til pulten for å gjere det eg eigentleg skal på dagtid på ein vanleg onsdag; lese. Og las gjorde eg. Islam var temaet og sidene fauk forbi. Før eg visste ordet av det hadde eg lese 50 sider, noko som er særs sterkt til å vera meg. Fortsatte med å lage ei oversikt over dei heilage skriftene i hinduismen, men det gjekk i dass. Førsnøgd var eg likevel. Logga med inn på nettet og fann at fleire sider var oppdatert sidan sist. Så kom posten! Og du hendelse! For ei glede! Eg hadde forsvidt venta på den eine pakka som var sendt meg frå amazoo.com, men at eg hadde byrja å abonera å Guitar World Acoustic, det hadde eg gløymd ut. Med gitarbladet i handa og to CD’ar frå Jack Johnson (det var det som var i pakka, viss du lurte) i handa smilte eg frå det venstre øyre til kakket i bakhovudet. Til slutt laga eg ein gneistrande god middag med kvitløksbrød til! Og no tastar eg lett og fornøgd nokre få blide tankar, medan Jack blås meg bort, som det heiter på norsk. Om litt skal nok det nye gitarbladet til pers. For at dagen skal bli heilmax (Egon) så håpar eg berre at AC gjer jobben sin, slik at dei som syng at dei aldri går åleine ikkje får noko meir å skryte av.

tirsdag, mai 24, 2005

Katt

Søstera mi har skaffa huset ein katt.


Ho fortalde han om meg.


Det klikka for han og han ville utkjempe ein duell.


Spist mat tekte eg. Eg vann.

mandag, mai 23, 2005

Klebe nyhende

I dag, mandag 23. mai, er det duka for ny kamp på Øksnevad stadion kl 1900. Klebe står på den eine banehalvdelen, kven som står på den andre er uvisst i skrivande stund. Truleg finn underteikna det ut i seks tida. Toppkamp blir det uansett då Klebe toppar sin avdeling, og er med i rotteracet for opprykk.

Unge Nese og 15. Johannessen er begge med i dagens tropp, og dette som dei som skal representere ungdomen. Om dei får starte er vel heller tvilsamt, men på benken er dei. Om det er grunna fotball ferdigheiter elller pga sin uvanleg evne til å spre glede på benken, skal vera usagt.

Skulle ein døme ut i frå treninga på torsdag ligg nok Nese'n nærast laget. Han spela på lag med dei gamle og er på veg inn i varmen. Kampen om dei tre plassane på midten re hard, så kanskje Nese lurar seg ut på ein ving? Eltervåg er ein slu taktikar og vil nok gjere sitt ytterste for at laget skal stå utan tap så langt i sesongen og etter denne kampen.

tirsdag, mai 17, 2005

Appropos dritt russ

Tankar om 17.mai og det som er norsk

Klokka er no eitt. Det er syttande mai. Eg sit inne med maskina og skriv. Det er særs lenge sidan eg har likt syttande mai. Lenge var det nok fordi eg ikkje kjende på at dette var ein del av meg, men etter kvart har heile feiringa verka litt konstruert. Då dette kom meg på sinnet gjekk tankane til ein viss Anders Johansen. Eg las ein gogn ein liten artikkel av han om det å vera norsk. Basert på ein del av tankane hans fekk eg lyst til å skrive dette:

Nordmenn i dag held på å bli blinde av ideen om dei er norske. Kan eg gå så lang som å seie at det er ei myte "om å vera norsk"? Myteaktiviteten baserar seg på å skape ein nasjonal identitet ved å vektleggja symbol og kjenslemessige markørar for å bevare denne identiteten. Her er dømene mange. Bevaring av norske kulturminne, mykje av politikken, forretningslivet, kulturlivet og ikkje minst dagen i dag; syttande mai. Eigentleg treng ikkje desse symbloa vera bunadar o.l., men det kan vera kva som helst. Ein typisk nord mann kan vera viking-brutal og pietistisk, klranglete og fredselskanden, jordnær drøymande. Når alt kjem til alt så kan kva som helst vera typisk norsk, nettopp fordi ingenting er typisk norsk!

Fleire vil seia seg einige i at norsk mat er smalahovud og gamalost. Kor menge er det som har smakt, og evt. et dette til kvasrdags?! Nærare sanninga vil ei kome derson ein seiar at pizza er typisk norsk. Det er noko alle et med jamne mellomrom, og noko alle har eit meir eller mindre bevisst forhold til. Likevel manglar pizzaen det somn skal til for å vera ein "norskheits markør".

Påstanden om at norsk kultur er ein myte foruset at det er nokon "myteaktørar". Desse er nasjonalistane, politikarar, reklame folk, men og først og fremst den menige Ola Nordmann. Han feirar syttande mai med brask og bram, han tykkjer bondekulturen er fantastisk, han meiner det som er norsk er vaskeekte, naturleg opg verdt å bevare.

Er ikkje dette illusjonar som er lite matnyttige i dagens multikulturelle kontekst? Globaliseringsprossessa er lang i frå over. Lurar vi oss sjølve og andre til å vidare formidel desse illusjonane om norskheita?

SOmme vil gå så langt som å seie at desse ilusjonane konstruerar taparar i det norske samfunnet. Kva med arbeideraene og våre nye landsmenn?For det første så stengjer vi rett og slett innvandrarane ute. Sett i frå min ståstad så er det frykteleg negativt. I årets syttande mai tog i Oslo var det forbode å gå med andre flag enn det norske. Dette er faktorar som undertrykkjer det som tydeleg vis er det eigentlege norske. For det andre går dette ut over arbeidarane. Å vear lojal blir forherleggjord, og i og for seg er det bra å vera lojal. Noko anna er det at arbeidsfolka bort i mot blir manipulerte til å vera lojale medt norske bedriftsherrar og direktørar, berre fordi dei er norske og at det norsk er best.

No har eg langt på ved støtta Johansen og hans syn, nettopp av di eg tykkjer han har fleire gode poeng. Likevel er det verd å kommentra at eit litt meir nyansert syn på "tingenes tilstand" nok er meir tenleg.

fredag, mai 13, 2005

Hat

Russen. Det irriterar meg. Eg kjenner at det stramar seg i magen berre eg ser russen. Det er ikkje den menige russen som plagar meg, men den som er ute på tull og vondskap. Det være seg alt i frå vassballongar og vassgevær til egg og mjøl. Eg vert svett i hendene berre ved tanken. IDIOTAR! Kvifor i all verda skal dei herja med folk og plaga unskyldige sivile?! Eg kan sjå at det er morosamt dersom det er konfliktar russen seg i mellom. Men kor ofte lar ikkje desse små drittrussane seg rive med, og skvettar litt på dei stakkarane som tilfeldigvis går på sida av det eigentlege offeret? Kor ofte er det ikkje at svimerussen, ofte i bakrus, bommar totalt på det han siktar på og treff ei mor med eit spebarn på fanget?!

Og så er det desse evindelege knutane... Off (det er norsk og er eit uttrykk ein brukar dersom ein er oppgitt eller skuffa. Forfedeleg å måtte forklare dette ordet, men i dagens anglofiserte verd må det truleg til for å ikkje bli missforstått). Dersom du ikkje tør å gå 50 gonger opp og ned ei rulletrapp i sivilt, då er det berre ynkeleg å gjere det fordi russedressen legitimerar å tøffe seg på denne måten. Eller å bjeffe i 5 min framfor hundemate. Hendelse! For å ikkje nemne det å bite folk i leggjen! Kunne klikka av mindre! Og så har du desse rundane i rundkjøyringa.

Kva med å bruke russetida konstruktivt. La det no heller gå sport i å gjera gode gjerningar. Kven samlar inn mest pengar til eit veldedig formål (tusenlapp knytta i hyssinga)? Vaske huset for mor (vaskefille i huå), ta oppvasken sju dagar på rappen (oppvaskkost i hatten), handle mat for ei veke (Rema pose i toppen) eller vaske bilen til naboen (dekk på hovudet)? Lista kunne vore mykje lengre, men av di ingen kjem til å gjere dette stoppar eg mendan leiken framleis ikkje slit meg ut.

Leitar ein på nettet tar det ikkje lang tid før russen står i sentrum.

Dritt russ.

Maiestas

Vel, vel. Musikk er ein lidskap og eg har planar om å hylle (og anmelde) nokre CD'ar etter kvart. Berre fordi det er så originalt.

Før er gjer det vil eg først annbefala ei liten låt, for å ha ein mjuk start på heile musikk "greia". Den er laga av komponisten Maiestas og er eit stykke elektronica. Låta heiter "Istanbul" og den kan du finne her, på Urørt sidene til NRK under "Urørt anbefaler".

torsdag, mai 12, 2005

Øverkjørsle like ved jordbruksskulen ved Øksnevad

Etter å ha vore forvist til tribunen sist kamp var no duoen 15. Johannessen og Nese tilbake på benken til Klebe. Onde tunger skal ha det til at det var skader og forfall som gjorde det, men duoen vel å tru at det er hard eigentrening og ekstra balløkter som gjorde utslaget.

Ramma for kampen car flott. Sola klimra med sitt nærvær, banen var vatna før kampstart (truleg det næraste duoen kjem Champions League) og fleire hadde funne vegen til Øksen. Blandt tilskodarane sat det lokale orginalar og c-kjendisar.

Korleis kampen starta veit Nese Og 15. Johannessen lite om. Dette av di tarmane skreik, duoen lystra og var på Klepp for å kjøpe bananer. Ti minutt inn i kampen var det tydeleg at dette var ein kamp Klede skulle vinne. Og vant gjorde dei. 5-0 over STIL-HIS (student lag frå stavanger). Lite nøytrale kjelder forklarar det med at fleire studentar var reiste heim for pinsehelga, men det kan underteikna avkrefte.

Når det gjeld innsatsen til duoen så var det med ein bitter søt smak 15. Johannessen såg Nese kome inn på etter ein time, vel vitande om at han sjølv framleis sat på benken. Nese gjorde eit godt innhopp og kom godt inn i kampen med det same. Han hadde eit skot på mål, fleire fine passningar og gode løysingar. Dagens prestasjon var då han på afrikansk vis la ein særs vanskeleg ball død med rista. Publikum (dei som har auge for detaljar) jubla. Sju åtte minutt seinare entra 15 Johannessen banen. Flaks som han hadde fekk ahn spele høgre back. Vel, innsaten kan best summerast opp i eit ord: innbyttarpuls. Vill og gal og totalt utan hemningar gampa han i veg på eit 50 meters løp opp langs høgre sida. Planen var ein overlapp. Til hans store fortviling gampa han ikkje direkte fort. Det tok ein evigheit å ta igjen vingen, og då vingen var lei av å vente slo han ballen. Reslutatet var at 15. Johannessen måtte kaste seg ned for å i det heile få foten på ballen. Alt til dette til inga nytte. Det einaste dette løpet resluterte i var at keeperen fekk ein trillballa han lett kunne plukke opp.

Ei klok av skade gallopperte det overmodige høgrebacken opp igjen. Kreftene tok slutt halvveg og iveren forsvann då vingen denne gongen valde å slå ballen over på motsatt side. Nese fortsatt sitt show på venstrevingen. Sjølv klaga han på at han ikkje hadde røyst til å skrike på balle og at han difor ikkje fekk ballen så ofte som han eigentleg ville. Samstundes var sola irriterande låg for deisom spela på venstresida.

Oppsummerande kan ein vel seie at Nese kom ut av kampen med pluss i margen medan 15. Johannessen kom ut med eit lite minus i margen (som bestod i dårleg kondis, liten fart og manglande plasseringsevne). Ingen dreit seg ut og då er det meste bra.

onsdag, mai 11, 2005

Å leve i nuet?

Kven har vel ikkje høyrt det? I det siste har eg fundert litt på korleis ein skal forholde seg til fortid, nå tid å framtid. Kva skal prege kvardagen? Er det å sjå seg tilbake og lære av erfaringane, er det å lever her og nå og ta ting som det kjem eller er det å planleggje det som evt skal koma. Med tanke på at eg har livet for mine føtter og har "invandrar bakgrunn" er dette ikkje berre lett å finne svaret på. Som ungdom trur eg nok at fleire kan nikke bekreftande når eg seier at det går ein del tankevirksomheit med når det er tale om framtida. Det som skjer no er i regelen ei transport etappe. I alle fall har det lenge vore slik for meg.

På søndag då det hagla som verst slo det meg at eg brukar mykje tid på fortida. Høyres kanskje litt rart ut, men eg er ikkje i stand til å gleda meg 100% over Bryne, Noreg og det som er her. Eg tenkjer tilbake på året i fjor(og forsåvidt alle åra før det) og tenkjer at det vil eg gjere igjen. Altfor mange gonger refererar eg til den som har skjedd. Alt for ofte tenkjer eg på det som var. Det høres uendeleg gamalt ut, og ikkje er det dtore framtida i det heller.

Vel, det er det. For framtida brukar eg og mykje tid på. Drøymar om kva som skal skje, kva eg vil gjere. Og ja, at eg gjerne vil ha det slik eg hadde det. Uansett er det ein del tankeverksemd som går med til det.

Kva så med "nuet"? Med Bryne? Med MHS? KRL grunnfag? Eg brukar lite tid på det som skjer no. Det meste er ting som skal skje for at tida skal gå. Det kan vere kjekt i seg sjølve det, men det er underleg å bare drive med tidsfordriv. Eg ser at eg ikkje brukar så mykje tid på folk (jaja, for de som ikkje forstår kva folk og omgangskrins er så kan ein vel bruke eit pop ord: relasjonar) som eg gjorde før. Eg brukar berre litt tid på ei lita knippe folk.

Slik eg ser det er dette ein uheldig balanse. Kva som er den rette måte å forhalde seg til fortid, nåti og framtid finn er individuelt. Eg finn nok min balanse etter kvart, men det tek nok si tid.

Spørsmåla eg sit igjen med kan verke arrogante, underlege og malplassete. Har eg opplevd for mykje kjekt? Er eg rett og slett borskjemd med opplevingar utan omdet vanlege? Har eg mista evna til å vera på ein stad 100%, ein eigenskap eg syntes å ha bra taket på tidlegare? Er eg i ein overgangsfase (sikkert)?

tirsdag, mai 10, 2005

Heimtur frå Mananjary

17/10

Opp 04.30, om lag. Vi hadde ein lang dag føre oss Mananjary – Abe på ein dag. Som vanleg mykje dill, difor drog vi ikkje før 05.25. Turen gjekk over all forventning. Eg kjøyrde om lag 1 og ½ time mendan Henrik køyrde resten. Etter ein middag i Ambositra kom vi til Abe rundt 16.30. 11 timar i bil, nesten nonstop. (Det mest utrulege med heile turen var passasjerane. Anders (5. klassing) , Alf (3. klassing) og Fano(1. klassing) , sønene til Henrik sat i ro heile turen og ba ei heller aldri om pause! Vanvittig!)



Fano i grønt, Alf med "hatt", Henrik i dress og Anders i blått

Etter å ha sjekka mailen fekk eg nøkkelen til huset mitt av Hald folka. Dei hadde passa på den medan eg var borte.

Åt kvelds med Hald gjengen. God matt og jabb. Mellom alt sladderte og vast kom det fram at Kjersti, Hanne Marthe og Maria ville vera med. (På kva då? Den halsbrekkande turen på kanalen, som eg planla å gjere rund juletider). Får sjå kor lenge dei vil det. Enn så lenge prøvar eg å instille meg på at det blir meg åleine. Gud veit best, så eg prøvar å la hans vilje skje… (voldsomt åndeleg plutseleg).

søndag, mai 08, 2005

Røykjeforbod på Bryne stadion

Bryne slo opprykkskandidat 5-0 i dag. Eg burde vera glad. Men det er eg ei. Sigeren burde vera det eg hugsa frå denne dagen. Men det er det ei. Det eg hugsar kan eg lage tre pungt om. Desse er alle særs negative pungt.

Møkka vær. Noreg er eit dritt land, klimatisk sett. Ikkje veit eg om noko land som er så håplaust på værfronten. Det var sol, det var vindstilt, det var opplett, det var overskya, det regna, det hagla og det blåste. Eg hatar det!

Eplekjekke folk som kjem med håplause kommentarar berre av di dei er på fotball kamp og vil tøffa seg for dei som dei reknar for sine komåpisar. Det gjekk så langt at eg vurderte å snu med å be dei halde kjeft. O hat! O hat! Tosken kommenterte alt som skjedde, og alt han sa var like usakleg. Klikke!

Røykje forbod på stadion. HELNDELSE! Over alt skal dei nekte folk å ein blås. Få ting var så koseleg som mi legendariske pause-pipe. Pipa eg røykja i mellom omgangane. Av ein eller annan uforståeleg grunn fekk eg tilfeldig vis med meg at Hr. Urstad ba folk ta omsyn til det nye røykje forbodet på stadion. Det enda med at eg stod på hjørne av bowlingbygget for meg sjølv og patta på pipa i trass. Blir oppgitt!!

fredag, mai 06, 2005

Litt frå Manajary turen igjen

16/10

Vakna om lag 0530, etter lite eller ingen søvn. Teltet var varmt, klamt, illeluktande og fullt av mygg. (Eg hadde, som nemt, vore ute på natta for å gå på do. Då eg kom tilbake og skulle legge meg kjende eg at det lukta vondt i teltet og at det var særs varmt. Vi sov i eit gamladags ”trekant” telt, med horisontal glidelås nederst. For å gjere noko med varmen lot eg vera å lata att glidelåsen nederst. Det straffa seg; 41 myggstikk på to anklar. Og dei var mine, dei anklane med stikk på.) Frukost bestod av mokary (ein form for risbolle, litt søt). Før frukost hadde Riemar og eg skifta framdekk på Nissan Hiace som vi kjørde.

Etter at eg hadde presisert at vi IKKJE måtte eta medan veren såg på, drog ei av lærerane fram brød og pålegg. (Argumentet var at nokon av borna ikkje hadde ete fordi dei ikkje likte frukosten, og dei måtte få mat. Veldig bra argument) Korleis kan ein gjera det etter at ein nett er blitt servert frukost av han som er verten din?! Uforskamma og arrogant, men og kanskje litt uviten og lite oppservant…? ((Det var rett før eg sprakk, men eg greide å halde maska.)Veldig krass tone her, men eg var heilt i frå meg. Kan setje denne tabben på kvoten for ”vi lærer av våre feil” kontoen for ho som drog ut maten.)

Så var det på stranda ved hotellet for å bade før vi drog opp til Rivo og Laila. Der traff vi ein blind mann som var kjempe musikalsk! (Har gløymt namnet hans, men han var innom hjå meg i Abe ein gong. Han hadde hareskår, neste ikkje gane, tre fire tenner og var blind. Likevel hadde han ei livsgnist som var ubeskriveleg. Og så så musikalsk! Absolutt gehør, spelte gitar, piano trommer o.s.b. Alt spelte han strålane! Konge mann!)

Kvleden vart avslutta med det som skulle vera ein betre middag(trur faktisk vi feira ei jente som fyllt året, men er ikkje sikker). Bord var bestillt til 19.00, og litt over 19.00 hadde vi bestilt maten. Etter mange missaksyttringar og fleire rundar med kort, rundt rekna og litt trukke i frå for vener og kjente, om lag to og ein halv time seinare, kom maten. Ikkje direkte det eg vil kalle fast food (søgg fôr), nei. Når sant skal seiast smakte maten ganske godt, men den gjekk ned på ti min. så eg veit eignetleg ikkje heilt korleis det smaka.

(Det var heilt utruleg korleis dei prøvde å forklare kvifor maten var sein. Den beste varianten var at kokken hadde reist til Tana i dag morges og at det var servitørane som måtte lage maten! Kjempe...)

Eksamen er over

Du hendelse så stress med eksamen! Og i alle fall når ein skriv den hieme. Sat å skreiv og finn pussa til to min før innleveringsfristen. Og så klart funka ikkje mail.yahoo.com då eg var avhengig av det. Stressa ein del og det heile endte med at eg faktisk sendte den avgjerande mailen kl 15.01. Dette gjorde eg frå ein tulle e-post adresse eg nett har oppretta. Godt eg går på MHS er alt eg har å seie.

Dei som latar til å bry seg vil gjerne spørje: "Korleis gjekk det?" Jo det skal eg seie deg. Eg stryk ikkje, så eg annser det som ti lette poeng. Greitt nok to tre dagar med stress, men det er verdt det. No treng eg faktisk berre ta 40 studiepoeng på eoit år og likevel få fullt lån og stipend!

onsdag, mai 04, 2005

Eksamen i "Modul: Islam og muslimsk kultur 20-imku"

Nett no har eg eksamen! Dette er oppgåvene eg fekk og det bør gå som smurt. Ikkje dei vansklegaste oppgåvene.

"Det gis to oppgaver, begge skal besvares. Hver besvarelse teller 50 % av endelig karakter.

1) Gjør rede for profeten Muhammeds liv, og drøft hvilken betydning han har for muslimer i dag.

2) Gjør rede for islams syn på ekteskap og skilsmisse, og drøft hvilke utfordringer dette kan ha i en ikke-muslimsk kontekst.

Lykke til!"


Eg må svare innan fredag kl 15.00.

Trur eg legg ut besvarelsane når eg er ferdig. Kanskje nokon synest at dette er interessant? Same det vel, uansett er det kjempe aktuelt i dag!

tirsdag, mai 03, 2005

Siger på ein dårleg dag.

Klebe spela som kjent kamp mot Madla 2 i går. Entusiasmen var stor då det var første serie kamp og det atpåtil på gras. Skuffelsen var desto større då vi oppdaga at kampen skulle spelast på kunstgras.

På ein heller laber dag, der altfor mange sjansar blei brende, vann Klebe 2-1. Dette etter mål av Eddi og Aras. Det siste målet var ei perle av eit frispark. I frå 20-25 drog Aras til og sendte ballen i vinkelen. Det var krona på verke for Aras som hadde ein stor dag på midtstoppar plass, godt assistert av Klebekaptein Urstad.

Når det gjeld dei unge (enkelet vil nok stille spørjeteiken ved følgjande) og lovande på Klebe, så dreit ingen seg ut. Det er jo første målet. Nese (20) kom inn eit snautt kvarter før slutt, og bidrog til å sikre sigeren med hard defensiv jobbing. Underteika tabba seg utruleg nok ei heller ut. Kunne faktisk ha hatt ein målgivande passning, men til det var talentet for lite, evna fraverande og all flaks brukt opp ved ein tidlegare anledning.


Med vantru auge leita eg igjennom alle nett-utgåvene av ymse aviser, uten å finn eit einaste bilete i frå kampen i går. Difor brukaer eg denne dårlege erstattninga (som Scanpix har retten til) som eit illustrasjonsfoto. Klebe sine drakter er gule, og ikkje kvite som vist på bilete

Mange har gleda seg til å få høyre meir om: Manajary dag 3! Veldig spennande lesning.

15/10

Etter ei god natts søvn var det opp til ein god frukost. Ein fin start på dagen. Føremiddagen tilbragte vi på kanalen.

Det var flott og lyden frå motoren var overkommeleg. Var innom ein landsby og såg korleis livet langs kanalen fungerar (Pangalana kanalen). Vi var innom tranobe (”Det store huset”); av med skoa og snakka med kongen. (Den ledste i landsbyen, i dette tilfellet ei gamla kvinne. På slike besøk er det viktig å vite kvar ein skal sitje og korlies. Menn, kvinner unge og gamle har alle sine plassar i huset. Huset var for øvrig ei hytte av palmestilkar og stod på pålar slik at set skal vera leveleg der i varmetida.)

(Plutseleg gjer journalen min eit uforståeleg hopp. Det som følgjer er skrive her i Noreg etter humkommelsen.)

Vi kjøyrde ut or Mananjary og inn i regnskogen. Der hadde Rivo snakka med ein landsbyhøvding (som faktisk eigentleg var i frå Tana) og ordna det slik at vi kunne besøke dei. Vi hadde med KFUK/KFUM sine telt.

Etter å ha sett opp telta var det festmiddag i landsbyen. Høne og ris, kjempe godt! Etter det var det kveldskos og ”jabb”. Eg spela litt gitar og kosa meg. (Seinare på kvelden høyrde Henrik og meg på utanlandssendinga for å få med oss dei siste resultata frå Tippeligaen. Kava med lang ekstra antenne, og så å berre så vidt få med seg resultata på nyhetene.)

Vi hadde ein kjempe hyggeleg vert. Han var utruleg oppofrande og gjorde alt han kunne for at vi skulle trivast.(Noko som er eit gjennomgåande trekk på heile Mada, alle er så gjestmilde!)

Til slutt. Dreit på utedass. Rimeleg fornøgd med treff prosenten. Eigentleg ganske slitande å sitje på huk, men det hjalp på trykket. Ein liten kuriositet: kvadratet var på 30’30 cm! Prest…

søndag, mai 01, 2005

Madala 2 vs Klebe

I morgon er det endeleg klar for seire start for oss i Klebe og. Eingentleg skulle vi ha spelt kamp sist madag men då klarte ikkje motstandare å stille lag.

I samband med morogondagens kamp kommenterte mor mi at det var byasar vi skulle spele mot. Eg kan vel ikkje si at blodpumpa gjekk i stå då eg høyrde det. Det er liksom ikkje så stas lenger. I mi tid i Bryne var kampane mot Viking og Vidar (kanskje til og med Ulf Sandnes) noko vi så fram til. Det var i desse kampane vi kunne springe til vi kasta opp. Kunne fint brekke eit bein eller to berre vi vann. Adrenalinet pumpa, og vi (i alle fall eg), gav ikkje ved dørene og og tråkka til det vi makta. Det er noko med Bryne Viking.

Noko heilt anna er det med Madla 2(ja det er faktisk 2. laget deira) mot Klebe. Grunnlaget for dei same kosntelasjonane bør jo være der. Bønder mot dei i frå byen. Likevel, kjenner eg ikkje på rivalkiseringa. Det kan jo ha noko med at vi er i 5. divisjon og blir omtala om "breddeidrett" eller mosjonistar, ikkje veit eg.

Det eg veit er at det var kjekt å kjenne at eg var klar for å ofre helsa for ein siger. Det gjer eg ikkje no lenger.

Litt surt, men uansett: Alt for Klebe!