lørdag, november 24, 2007

Kibuye

- Morahô.

- Yego.

- Amakoro.

- Imeza

- Yego.

Helsinga byrjar aa sitje, folk smilar medan eg gaar forbi og nyttar desse frasene. Vi gaar same veg. Ser dei same tinga. For dei er dette ein vanleg tirsdag, for meg er alt nytt. Alle butikkane er stengde, dei opnar ikkje foer tolv. Folk ha paa seg finstasen. Her i Kibuye skjer dette to gonger i veka. Dette er berre ein av dei utallege konsekvensane av det som skjedde vaaren 1994. To gonger i veka er det gacaca her i Kibuye, byen der det det mest groteske foeregjekk faade i kvantitet og kvalitet om ein kan seie det slik. Gacaca er den ein tilpassing av det tradisjonelle rettssystemet. Domsstolen er seks lokale respekterte mennesker i fraa byen.

No sit vi paa tribunen, same staden som dei i helgene ser det lokale laget Kibuye FC kjempe om ein plass paa den oevre halvdelen av tabellen i den nasjonale toppserine i fotball. Ingen bilete. Ingen notater. Av med capsen. Men det er greit at eg sit og observerar. Tribunen fyllest, det naermar seg sikekrt 400, utan at eg tel. Etter ei lita stund kjem Innocnet aa set seg ved sida. Det var han eg tala med foer eg gjekk inn. Han byrjar aa forklare meg kva dette gaar i, det gaar i baade engelsk og fransk. Alle som er tilstades kan kome med sine historiar og foklaringar, det er berre til aa halde opp handa. Saa reisar alle seg. Domstolen kjem inn og set seg. Vi set oss.

Dagens agenda blir lagt fram og vitnene etterlyst. 1 av tre er der. Panelet tek pausee for aa vurdere om saken kan gaa vidare. Det blir murring paa tribunen. Innocent fortel at alle vitnene faar brev inkalling i brevsform, men desse kjem ikkje alltid fram av di folk har flytta. Saa byrjar han aa fortelje om seg sjoelve. Han er 25 aar, og eineborn. Det er uvanleg i afrika, men ikkje i Rwanda. Dei var ni i familien. Alle som ein vart slegne i hjelp. Sjoelv levde han i konstant frykt i tre maanader daa han, saman med somme andre, gjoemde seg i skogen. Saa reisar alle seg igjen, for saa aa setje seg. Dei tiltalte staar fram. Ein ;ann i tredveaara, tiltala for drap paa to born og ytterlegare to drapsforsoek. Ei kvinne tiltala for tysting. Ein mann som er naerare femti tiltala for organisering av dei lokale massakrene. Dommarane gaar ut igjen. Igjen aukar murringa.

Innovcent fortel meir om opphaldet i skogen. Dei spiste det de ifann og om kveldane oppsoekte dei landsbyar og fekk tak i litt kjoet der. Han derg opp buksebeinet. Han har ikkje kunne drive med idrett dei siste 14 aara, foten er tydeleg perga av at det er blitt ramma av granatsplinter. Eg ytrykkjer empati i den grad det gaar an i ein slik situasjon og med mitt mildt sagt begrensa ordforraad. Han dreg opp skjorta. Ei treng han aa fortelje kva som har skjedd. Ei kule har truffe han bakifraa. Den traff hann i sia, inn her og ut der seier han. Flaks seier eg. Ja seier han, Gud er god. Alle reiser seg igjen. To drap og to drapsforsoek er verd 30 aar i fengsel. Minus dei ni han allereie har sona. Kvninna blir frikjent, ho har vore fenglsa i fire aar utan aa vaere skuldig. FOr organisering faar mannen paa over femti tre aar. Minus dei fem han har tilbragt bak laas og slaa. Saa byrjar folk aa le, heile tribunen. Innocent forklarar at eit av dei fraavaerande vitnene er kome, men fior seint. Det blir straffa med 24 timar i fengsel. Slik blir det rydda opp etter folkemordet. To gonger i veka her i Kibuye. Som om dette ikkje er ei paaminning nok ser ein menneske med arr i hovudet, paa armar og bein. Somme av desse skyldes heilt klart tilhoeve som ikkje er relaterte til folkemordet, men mangen er direkte konsekvensar. Og saa er det minnesnerka. I sentrum er det to. Over 10 000 i ei massegrav like ved stadion. 11 400 like ved der eg bur. Og rundt Kibuye er det mange minnesmerker. Korleis tekjer folk i Kibuye om fortid og framtida? Ein to leirar. Dei som seier dette er eit tilbakelagt stadium og dei som er bittre. Innocent er ein av dei som er bittere. Og det forstaar eg. Han blir sint naar han ser dei som drap familien sin gaa i gata. Det hadde eg og blitt. Men eg maa leve med det seier innocent. Det har han rett i tenkjer eg, han har ikkje noko val. Ein bodaboda sjaafoer eg talar ;ed seinare paa kvelden er oppgitt over gacacasystemt. 30 aar! Kan du tenkjer deg! 30 aar!? Han er oppgitt. Det anar meg at han er Hutu, trass i at han ikkje seier det. Alle veit kva dei er, trass i at det er no-go aa tale om det. Og dette er dilemmaet landet slit med har eg kome fram til. ein kan ikkje jobbe framover uten aa kjenne til fortida. Men desse skiljene er jo rota til problemet, dei maa gloeymast. Likevel vil born i alle generasjonar framover under seg over kva dei er, hutu eller tutsi, naar dei les historieboekene. Haapet maa vaere at ein ikkje let dette perge kvardagen, at ingen nyttar det i piolitisk maktspel.