fredag, mai 06, 2005

Litt frå Manajary turen igjen

16/10

Vakna om lag 0530, etter lite eller ingen søvn. Teltet var varmt, klamt, illeluktande og fullt av mygg. (Eg hadde, som nemt, vore ute på natta for å gå på do. Då eg kom tilbake og skulle legge meg kjende eg at det lukta vondt i teltet og at det var særs varmt. Vi sov i eit gamladags ”trekant” telt, med horisontal glidelås nederst. For å gjere noko med varmen lot eg vera å lata att glidelåsen nederst. Det straffa seg; 41 myggstikk på to anklar. Og dei var mine, dei anklane med stikk på.) Frukost bestod av mokary (ein form for risbolle, litt søt). Før frukost hadde Riemar og eg skifta framdekk på Nissan Hiace som vi kjørde.

Etter at eg hadde presisert at vi IKKJE måtte eta medan veren såg på, drog ei av lærerane fram brød og pålegg. (Argumentet var at nokon av borna ikkje hadde ete fordi dei ikkje likte frukosten, og dei måtte få mat. Veldig bra argument) Korleis kan ein gjera det etter at ein nett er blitt servert frukost av han som er verten din?! Uforskamma og arrogant, men og kanskje litt uviten og lite oppservant…? ((Det var rett før eg sprakk, men eg greide å halde maska.)Veldig krass tone her, men eg var heilt i frå meg. Kan setje denne tabben på kvoten for ”vi lærer av våre feil” kontoen for ho som drog ut maten.)

Så var det på stranda ved hotellet for å bade før vi drog opp til Rivo og Laila. Der traff vi ein blind mann som var kjempe musikalsk! (Har gløymt namnet hans, men han var innom hjå meg i Abe ein gong. Han hadde hareskår, neste ikkje gane, tre fire tenner og var blind. Likevel hadde han ei livsgnist som var ubeskriveleg. Og så så musikalsk! Absolutt gehør, spelte gitar, piano trommer o.s.b. Alt spelte han strålane! Konge mann!)

Kvleden vart avslutta med det som skulle vera ein betre middag(trur faktisk vi feira ei jente som fyllt året, men er ikkje sikker). Bord var bestillt til 19.00, og litt over 19.00 hadde vi bestilt maten. Etter mange missaksyttringar og fleire rundar med kort, rundt rekna og litt trukke i frå for vener og kjente, om lag to og ein halv time seinare, kom maten. Ikkje direkte det eg vil kalle fast food (søgg fôr), nei. Når sant skal seiast smakte maten ganske godt, men den gjekk ned på ti min. så eg veit eignetleg ikkje heilt korleis det smaka.

(Det var heilt utruleg korleis dei prøvde å forklare kvifor maten var sein. Den beste varianten var at kokken hadde reist til Tana i dag morges og at det var servitørane som måtte lage maten! Kjempe...)