mandag, mai 23, 2005

Klebe nyhende

I dag, mandag 23. mai, er det duka for ny kamp på Øksnevad stadion kl 1900. Klebe står på den eine banehalvdelen, kven som står på den andre er uvisst i skrivande stund. Truleg finn underteikna det ut i seks tida. Toppkamp blir det uansett då Klebe toppar sin avdeling, og er med i rotteracet for opprykk.

Unge Nese og 15. Johannessen er begge med i dagens tropp, og dette som dei som skal representere ungdomen. Om dei får starte er vel heller tvilsamt, men på benken er dei. Om det er grunna fotball ferdigheiter elller pga sin uvanleg evne til å spre glede på benken, skal vera usagt.

Skulle ein døme ut i frå treninga på torsdag ligg nok Nese'n nærast laget. Han spela på lag med dei gamle og er på veg inn i varmen. Kampen om dei tre plassane på midten re hard, så kanskje Nese lurar seg ut på ein ving? Eltervåg er ein slu taktikar og vil nok gjere sitt ytterste for at laget skal stå utan tap så langt i sesongen og etter denne kampen.

1 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Ser at dette er en stor dag for nynorsken. Gratulerer!
http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/05/22/432399.html

24 mai, 2005 02:18  

Legg inn en kommentar

<< Home