søndag, mai 08, 2005

Røykjeforbod på Bryne stadion

Bryne slo opprykkskandidat 5-0 i dag. Eg burde vera glad. Men det er eg ei. Sigeren burde vera det eg hugsa frå denne dagen. Men det er det ei. Det eg hugsar kan eg lage tre pungt om. Desse er alle særs negative pungt.

Møkka vær. Noreg er eit dritt land, klimatisk sett. Ikkje veit eg om noko land som er så håplaust på værfronten. Det var sol, det var vindstilt, det var opplett, det var overskya, det regna, det hagla og det blåste. Eg hatar det!

Eplekjekke folk som kjem med håplause kommentarar berre av di dei er på fotball kamp og vil tøffa seg for dei som dei reknar for sine komåpisar. Det gjekk så langt at eg vurderte å snu med å be dei halde kjeft. O hat! O hat! Tosken kommenterte alt som skjedde, og alt han sa var like usakleg. Klikke!

Røykje forbod på stadion. HELNDELSE! Over alt skal dei nekte folk å ein blås. Få ting var så koseleg som mi legendariske pause-pipe. Pipa eg røykja i mellom omgangane. Av ein eller annan uforståeleg grunn fekk eg tilfeldig vis med meg at Hr. Urstad ba folk ta omsyn til det nye røykje forbodet på stadion. Det enda med at eg stod på hjørne av bowlingbygget for meg sjølv og patta på pipa i trass. Blir oppgitt!!

3 Kommentarar:

Blogger Bjørnar said...

LOL! Der var jammen sytebloggen til slutt!

"Det gjekk så langt at eg vurderte å snu med å be dei halde kjeft." Ja, gjer det! Men kanskje på en litt mindre aggressiv måte, då kunne det faktisk hjulpet.

"Over alt skal dei nekte folk å ein blås." Rart å høre det komme fra deg...

09 mai, 2005 14:15  
Blogger magnus said...

syteblogg! syteblogg! syteblogg! syteblogg! syteblogg!

veldig bra, få ut hatet på nettet

09 mai, 2005 20:49  
Blogger Kristian said...

Det he gått for langt når folk blir nekta seg pause-piper....k slag syg verden e detta....

14 mai, 2005 11:49  

Legg inn en kommentar

<< Home