onsdag, november 30, 2005

Ein fin ting

One good thing about music; when it hits you, you'll feel no pain.

- Robert Nesta Marley

tirsdag, november 29, 2005

Vakum

For eit hærleg vakum! I to veker har eg lese og jobba med skule i frå 0700-2000. Plutseleg er det over, og det oppstår eit vakum. Eit magisk vakum. For tredje dag på rad gjer eg nett som eg vil ogalltid draumar om. Eg set meg kun eit mål for heile dagen, og oppnår det målet om eg vil. I går var målet å pante ein pose med tomflasker, men det fekk eg ikkje gjort. Konge. For tredje dagen i strekk har eg null program og null press på meg. Eineste eg må sørge for er å få i meg nok mat. Det er eit fint liv. Dagens mål er å gjere det eg ikkje fekk gjort i går. Det bør kunne gå, men eg er litt usikker.

mandag, november 28, 2005

Fobier

I ljos av eit halvt år totalt misslukka psykologistudier tykkjer eg det ville søma seg med ei lita oversikt over ulike forbier.

Amathophobia - støvfobi

Aquaphobia - vassfobi

Arachibutyrophobia - fobi for å få peannøttsmør sittjande fast i ganen

Dystychiphobia - uflaksfobi

Phalacrophobia - fobi for å bli skalla

Bathmophobia - fobi for trapper og stigar

Pogonophobia - skjegg og skjeggete menn fobi

Erythophobia - raudmingsfobi

Bromidrosiphobia - kroppsodørfobi

Kolpophobia - fobi for bryster

Cherophobia - lystigheits- eller festelegheitsfobi

Chrematophobia - penge- og velstands fobi

Cyclophobia - fobi for syklistar

Pantophobia - fobi for alt (kjipt)

Pteronophobia - fjærfobi

Parascevedekatraphobia - fredag den trettande fobi

Alliumphobia - kvitløksfobi

Hypertrichophobia - fobi for for mykje eller for lite hår

Om det heiter forbi for eller mot er eg usikker på, men det fattar poenget.

Konsoliderings tur


I går fortsette eg min streben mot å få mekjelappen friluftsmenneske. Igjen gjekk eg ei langt, igjen laga eg bål, igjen spiste god mat og røykja pipe. Kanskje eg burde gå lengre om dette skal holde fram? Eg hadde med meg to kjekke kompanjongar i Øyvind og Ingunn. Full av tull er dei begge. Takk for følgje!

Eg kjennde likvel på det mykje omtala turklærpresset. Min gode broder og førebilete, njuten, veit alt om dette og plar støa meg. Eg merkjer at det røynar på. Eg veit ikkje om eg held ut meir. Ei bukse frå VGS'n, lue frå fretex og Klebe jakke. Ikkje akkurat slik at eg glei inn i gjengen.

Meir dokumentasjon av både tur klær press og turen i seg sjølve på flickr.

Dette går vegen

Akademisk maladaptiv. Intelektuelt inkompetent. Stort sett håplaus. Midt i vankunnas fullstendige kaos.

Kvifor?! Kvifor?!

lørdag, november 26, 2005

Drap

Folk drep kvarandre i gata mi. Nærmeste nabo fekk VG på besøk for nokre dagar sida.

tirsdag, november 15, 2005

Donavon Frankereiter

Eg har tidelgare skrive innlegg i ekstase over glitrande musikk. Den gongen var det Jack Johnson som forårsaka det spontane gledesutbrotet.

Her kjem utbrot nummer to. Hendelse. Heitekveite. Kva kan eg seie? Du stor alpakka. Nei, det dekkjer det ikkje. Heilt villt. Magisk. Ord er knappe når musikken treff meg i hjarterota. Nok ein gong er konseptet enkelt. Ein gitar og ein mann. Han blir støtta av andre musikarar, men det er det er gitaren om mannen som er gjennomgangstonen. Det er så herleg avslappande. Så muntert. Lett og ledig. Eg vert glad både inni, utan på og litt på sida av meg. Trur det er slik humør som kan smitte. O glede! Eg hadde ikkje høyrt meir enn tre og ein halv sang då eg visste at dette var noko som var midt i blinken. No er eg komen til sang 8 og eg sit framleis og gyngar i sofaen, medan foten slår taktfast i golvet. Og Donavon syng. SÅ behageleg. Bålkos. Varme strender, ein annan stad enn Bergen. God stemning. Blide folk. Ingen restriksjonar på synginga. Eg har øyrevoks i munnvikane, så breidt smilar eg. Donavon Frankenreiter har gjort det.

Dette er musikk eg tykkjer om!

torsdag, november 10, 2005

Ålesund

Dette redda ein eller håplaus dag(grunna regn, som så ofte før). Dette kunne eg drømt om å gjera, men gjorde det aldri. Har har vunne meir enne det han kan vise til!

mandag, november 07, 2005

søndag, november 06, 2005

Friluftsmenneske?


Kva er det eigentelg som kjenneteiknar eit friluftsmenneske? Kva må til for at ein skal kunne setje på seg denne merkjelappen?

Dei siste fire søndagane har eg vore i skogen. Er det nok? Eg barnt bål i dag. Tel det? Eg er ein tur røykjar. Hjelp det? Eg tek bilete på turane. Hjelp det?

Var i alle fall på tur i dag. Tok Fløyen opp, gjekk i eit kvarter, klatra litt, sette meg ned. Med meg var Kristian M, ein fantastisk mann, og min mentor i friluftsliv. Det er viktig å ha ein mentor. (Eg har to; Magnus på damefronten og Kristian i naturen). Saman kosa vi oss med ein genial rett; eggish peanut chiken! Dessert var brownies og det heile vart topp med ei pipe og "den gode samtalen". (Har alltid lurt på kva denne er, Kent tala ofte om den, men eg vågar å bruke ogrepet no). Fint å være student med søndagsfri. Hald kviledagen heilag!

fredag, november 04, 2005

Eksamenstid, eller REM om du vi

Eg har mange fine pause variantar. Mange gode orsakingar til å ta pause. Ein av pausevariantane er internettpausen. Til vanleg trekk desse pausane ut og eg vasar bort mykje tid. Så, for å gjere denne internettpause litt meir pensum relevant kan eg fortelje dykk om REM. Mange veit sikker kva bokstavane står for, men veit du kva det eigentleg er og kva eigentleg skjer?

Fenoment REM har fått namnet av di at kvart 30 sekund førekjem det muskel ”utbrot”, det augo virrar ukontrolert farm og attende bak igjenlatne augelokk. Vidare er dette søvnstadiet prega av at ein draumar og har eit høgt aktiverings nivå. Eit anna fasinerande poneg er at på EEG maskina (som måler hjernens elektriske aktivitet) ser det ut som om at den sovande personen er fullt vaken. Hjernen jobbar som om det skulle vera dag. Det er intens aktivitet i dei limbiske strukturane. Amygdala som er ”følelsessenteret” i hjernen, er i full gang, men den ”intelektuelle” prefrontale hjernebarken er relativt lite aktiv. Dette kan vera ein av forklaringa på at draumar ofte ikkje heng saman reint logisk. Den motoriske hjernebarken oppererar, som styrar bevegelsane våre, og som om det skulle ha vore dag. Likevel rørar den sovande ikkje på seg. Forsking har vist at signala frå den motoriske hjernebarken blir blokkerte, og då er det logisk at kroppen ikkje reagerar.

Festleg.

torsdag, november 03, 2005

Dagfinn Enerly

No veit eg ikkje om de har fått med dykk alt som har stått om Dagfinn Enerly i avisene i det siste. Han er kaptien på Fedrikstad FK, og ein sentral spelar. I siste serierunde fekk han ein medspelar overseg og knakk ein nakkevirvel (eller var det fleire?). Poenget er at han er i fare for å blir lam i frå halsen og ned. Eg vil berre oppfordre alle til å be for han og hans famile.

Når dette er sagt, har denne saka vist kor uendeleg gale fokuset i dagens medie bilete er. Enerly har eg ingenting i mot, og eg ysnakjer han alt vel, hans sak tener berre som eit døme.

Kva er det som gjer at dei to største tabloidavisene lager førsteside opplsag av ein personleg tragedie? Fokuset på fotball og framdyrkinga av heltar har teke heilt overhand. Er det ikkje andre viktigare saker vi skal beskjeftige oss med? Bruke ressurser på? Bruka tida vår på? Det er vel og bra å uttrykkje omsut til godeste Enerly, men faktum er at Enerly er på sjukehus og i dei beste hender. Det er lite vi kan gjere fra eller til. Det beste ein kan gjere er å vente. Er det ikkje då betre å bidra der ein kan hjelpe til? Når eg skriv "ein", talar eg om alle nordmenn, ikkje berre du som kjøper avisa med dette som førstesideoppslag, men og alle andre som sit på gjerde og ventar på at verda skal bli betre.

Eg draumar om eit totalt omskifte i fokuset i Noreg. Tenk deg eit nyhets bilete der ein fekk vete om alt det vonde, slik det delvis er i dag, og der ein fekk vite om alle historiane der hjelpa kom fram! Borte vekk er Carew og hans nye hårsveis, Aylar og brystene hennar, Marit Bjørgen og musklane hennar og Røkke med dame problemer. Ingen paralellar til Enerly for øvrig, men alt det vi ikkje treng å vite blir erstatta med nyheter som skapar eit ynskje om å hjelpe nesten vår! Det hadde eg likt. Og mislikt litt og. Eg kunne ikkje ha brydd meg så mykje om meg sjølv som eg gjer no.

Eksamensmas

Dei tre siste dagane har eg vore på skulen i frå 0800 til 1900. For noko herk. Eg trur eg heller ville vore her igjen:


Eller her:

onsdag, november 02, 2005

Veit du kva stress er?

”Hva er stress?”

Stress er eit stadig aukande problem og aktuelt tema i verden i dag, der alt skal gå fortare, meir efffektivt og betre. Mange mennekse lever under eit kjempe press til dagleg. Kva for press det er varierar i frå verdsdel til verds del. Somme er stressa av liten tilgang på vatn, andre grunna tidsfristar, medan andre igjen opplever naturkatastrofer. Som vi skal sjå inngår alle desse faktorane i stress. Hovudvekta av denne oppgåva vil omhandle dei vestlege deimensjonane av stress, og dermed er dei ikkje relatert til prmærbehov som mat og husly.

Då denne oppgåva er særs vid er det naudsynt å kome med ei avgrensing for å kunne rekkje over. Til dømes kunne det ha vore særs interessant å sett på kva tiltak ein har for å takle stress, men for at oppgåva ikkje skal bli for omfattande, ser eg meg nødt til å utelukke det. Eg vel å lage fleire delspørsmål som eg skal svare på undervegs, og til saman vil desse teikne eit bilete av kva stress er i psykologisk samanheng. Den første delen av oppgåva blir då desse spørsmåla samt viktige definisjonar. Hovuddelen blir å svar på desse spørsmåla, samt å utdjupa dei definerte omgrepa, medan eg avsluttningsvis peiker på faktorar som gjer ein sårbar eller resistent mot stress.

Problemstillingar
Kva er stress? Kva stressar oss? Kan vi måle stress? Korleis responderar vi på stress? Kva gjer stress med oss?

Definisjonar
Helsepsykologien fokuserar på faktorar som påverkar helsa, samstundes som den er oppteken av å måle positive og negative faktorar for helse.

Stress er eit mønster av kognitive vurderingar, fysiologiske responsar og atferdsmessige tendensar som oppstår som eit svar på ubalanse mellom situasjonens krav og resursane ein har tilgjengeleg.

Stressors, eller stressfaktorar, er psykologisk og/eller fysiologisk stimuli som gjer at ein får ein kjensle av å være stressa, i stor eller liten grad.

Kva er stress?
Stress blir sett på som fleire ulike ting, anten som stimuli, respons eller som eit samspel mellom organsimen og miljøet. Eg vil i denne oppgåva ta utganspunkt i at stress blir sett på som eit samspel mellom person og situasjon. Som ei følgje av dette er definisjonane farga av denne ståstaden.

Kva stressar oss?
Stressfaktorar er stimuli, det være seg psykologiske eller fysiologiske, som set press på oss eller som truar vår velvære og som krever at vi tilpassar oss på ulike måtar. Det er altså desse som gjer mennesket stressa. Stressfaktorane varierar i storleik og kor alvorlege dei er. Den minste formen for stressfaktor er det ein på engelsk omtalar som micro stressor. Dette er små stressfaktorar ein opplevar kvar dag, og som er langt i frå usunne. Eit døme kan vera at ein vert lit setressa av at ein må rekkje bussen. Større stressfaktorar omtalar ein på engelske som major negative events, eller store negative hendingar på norsk. I denne kategorien fell tap av ein kjær, dødsfall, fisko i på jobb eller skule, ein kraftig sjukdom eller å være offer for ei valdshandling. Alle desse krevjer mykje av mennesket for at det skal kunne takle det på ein sunn måte. Ein må ofte jobbe hardt for å komme igjennom det. Chatastrophic events, eller katastrofale hendingar er ofte uventa, svært store og mange menneske er innvolvert. Her finn ein traumatiske opplevingar, naturkatastrofer, terrorhandlingar, misshandling, tortur og liknande.

Kan vi måle stress?
Det er ikkje mogleg å bruke instrument for å måle kor trist eller tragsik noko blir opplevd inne i hovudet til folk. Dersom ein veit at ein person har vore igjennom ei naturkatastrofe er det ein ting. Veit ein derimot ingenting må ein basere seg på sjølvrapporteringsskjemaer for å måle stress. Ein set opp fleire ei liste med stressfaktoarar og ber vedkommande svare på om han/ho har opplevd noko av dette, til dømes dei siste 3 månadane, for så å rangere dei etter kor stressande desse hendingane var. Deretter blir dei bedt om å rangere den aktuelle situasjonen på ein skala. Ut i frå dette kan ein lage ein skala for dei ulike hendingane, med ei oversikt over kor stressande dei var.

Korleis svarar vi på stress?
Kroppen sin respons på stress kan delast inn i tre delar, kognitiv, fysiologisk og atferdsmessig respons.

Den kognitive responsen handlar å ta ein heilskapelg vurdering av situasjonen. Først tar ein stilling til kva for ein stressor ein har med å gjere og kva som må til for å takle denne. Steg nummer to er å stikke fingen i jorda og sjå kva ressurser ein har til disposisjon. Så gjer ein eit annslag over kva konsekvensane kan bli, både positive og negative. Når dette er gjort vert situasjone vurdert opp i mot kva den betyr for vedkommande personleg, kva vil resutatet av dette ha å seie for meg?

Sjølv om den kognitive delen er den som kjem i gang, er det ein interaksjon mellom den og den fysiologiske delen. Det sansane fortel oss kan få oss til å revudere situasjonene. Dersom hajrta hamrar, og ein svettar og skjelv, kan dette tyde på at situasjonen er svært sterssande. Hans Seyle var ein pioner med si forsking på kroppslege responsar til stress. Han hevda at kroppen auka aktiveringsnivået så for den kjennte på stress, dette for å auke vår evne til å ”forsvare seg”. Dette er den første fasen i ein modell han kalla general adaption syndrome. Aukinga av aktiverings nivået skjer grunna ei aktivering av det sympatiske nervesystemet slik at det vert sluppe ut stresshormoner frå det endokrine nervesystemet. Fase to er det han omtalar som motstand. No mobileserar kroppen alt for å stå i mot, og det endokrien nervesystemet fortsetter å pumpe ut stresshormoner. Dersom stresset ikkje går over kjem ein inn i fase tre, utmattelsen. Kroppen har ”gitt opp”, og ein er svært sårbar. Dersom ein ikkje kjem seg ut av denne fasen kan ein kollapse og i verste fall dø.

Den atferdsmessige biten er rett og slett kva vi føretek oss på bakgrunn av den kognitive vurderinga og den fysiologiske aktiveringa. Ein kan føreta feilvurderingar på den kognitive biten, og kroppen kan overreagere fysiologisk. Ei feilvurdering vil føre til at ein anten blir for stressa eller for lite stresse og dermed takler situasjonen dårlegare enn det ein hadde gjort dersom ein hadde gjort ei korrekt vurdering. Nettopp dette er med på å gje oss ein peikepinn på kvifor folk så ofte responderar totalt ulikt i relativt identiske situasjonar.

Kva gjer stress med oss?
Ein kan lettast sjå kva effekt stress har på folk etter katastrofale hendingar. Somme stressfaktorar er så traumatiske at dei kan var i mangfoldige år, til døme holocaust. Meir vanlege negative stressfaktorar påverkar og folk. Denne formen for stress er ofte forbunden med angst, depresjon og ulukkelegheit.

Fleire forskarar har påvist at det er ein samanheng mellom stress og sjukdom. Sjukdommane kan variera i frå influensa til kreft og hjerte og kar sjukdommar. Etter eit jordskjelv i California auka antalet på folk som døde av hjerteinnfarkt drastisk. Andre stressfaktorar verkar og inn på helsa. Det visar seg at dødsraten bland gamle enkjer og enkjemenn aukar kraftig i månaden etter at er ektefellen død. Stress kan og bidra til at folk gjer ting som aukar sjanse for sjukdom og ulikker. Eit døme kan vera ekstrem overtidsarbeid.

Betydeleg bevis hevdar at stress kan svekke imunforsvaret. Forskarar følgde studentar over ein periode på eit år. Under eksamnes periodane tok dei blodprøvar og målte immuncelle aktiviteten. Det viste seg at ved kvar eksamen var immunforsvaeret svekk, noko som igjen hang saman med sjansen for å blir sjuk. Ikkje berre skule og jobbstress kan føre til svekka immunforsvar men og stress som følge av personlege konfliktar. I eit studie av kvinner som mista ektefellen fann dei det same resultatet som hjå eksamens elevane; immun celleaktiviteten var kraftig svekka.

For å svare på denne oppgåva delte eg oppgåveteksten opp i minder underspørsmål. Ved å svare på desse har eg no forklart kva stress er, kva det er som stressar, om vi kan måle stress og korleis vi responderar på stress, samr kva stress gjer med oss. Til saman gjer dette eit heilskapleg bilete av kva stress er i psykologi faget. Dette ville vøre ein fin bakgrunn for å skrive om korleis ein skal takle stress, men då dette ville blitt for omfattande utelot eg det.