mandag, september 26, 2005

Sit. rep.

Har nett gjennomfør ei økt med ex fac; psykologihistorie. Freud er ein tulling. Sovna nesten. No bør skal må eg lese ec fac; vitenskapsteori i ein dryg time. Så er det ei økt med ex phil. Håplaust. Fekk berre 5,6 timar på auge i natt. Kjem til å sovne før eg rekk å erkjenne om det er mågleg å ha eksakt viten eller ikkje.

La vie est dur. Life is hard. Baite ny fiainana. Das Leben ist hart. La vita è dura. A vida é dura. η ζωή είναι σκληρή.

Ok, greit. Eg dreit meg ut når eg tok med gresk, då gjennomskua du meg. Eg kan ei alle desse språka, eg innrømmer det. Klarar du då å seie kva som er kva? Du kan velje mellom Portugisisk, engelsk, tysk, gresk, eit afrikansk språk, fransk og italiensk.

lørdag, september 24, 2005

RAUL MIDÓN

Å blogge frå kjøkkenboret er ein ny oppleving. Vi har fått trålaust internett. Så no sit eg, som sagt, ved kjøkkenbordet. Eg er mett, nippar i eit glas appelsinjuice og har det fint medan vidunderleg musikk spelar i frå høgtalarane.

Det er Midón som syng. Raul Midón. For ein musiker. For ei stemme. Og ikkje minst, for ei steming han klarar å skape! Eg held takta med heile kroppen, og ynskjer eg kunne vore med i bandet hans og kompa. Eg vil lansere han som den ny Steve Wonder. Wonderful. Stemma hans liknar særs mykje på Steve si, noko som er ubetinga positivt. Og så spelar han gitar. Heilt genialt. Kasse gitar. Eg likar det!

Den muntre stemninga er den raude tråden gjennom det heile. Likevel er plata, State of Mind, svært variert. Og svært god!

Eineste negative er at tekstane stort sett handlar om kjærleik og ordet på f som eg ikkje gidd skrive heilt ut, i og med at det er forbunde så mykje sterke kjensler med det.

At han er blind er ikkje eit billig salstriks.

fredag, september 16, 2005

Kjøp kjøtdeig i frå Botswana!

Ja blei kanskje freista til å tru at dette var i tulleoverskrift, men NEI! Dette er ramme alvor. Noko av det beste vi kan gjer ovanfor land osm ikkje har det lik godt som oss er å handle med dei. Kjøpar du botswansk kjøttdeig bidreg du til at etterspørselen aukar, og til at butikkane truleg tek inne fleire produkt i frå Botswana og land i same kategorien. Dette førar igjen til fleire arbeidsplassar og kan vera starten på ei betre fordeling av godene.

Vær deg sjølv bevisst, tenk i gjennom kvar det du handlar kjem i frå. Glad i kaffi? Kjø kaffien merka med Max Havelaar - rettferdig kaffi.

Nok for denne gong. Kjøp botswansk kjøttdeig.

Visar forøvrig til artikkelen skrive med rødt nedst på denne sida

torsdag, september 15, 2005

Tjobing

No har vi fått internett i huset. Konge. No kan eg blogge. Etter eg har lese ex phil, såklart.

mandag, september 12, 2005

Snue

Det blir sett på som ekkelt og ufint å ete sin eigen snue (snått, snørr, basselusk, bussefant). Likevel er det akseptert (til ein viss grad) å snufse medan ein er forkjøla. I forlenginga av eit snufs kjem i regelen eit svelg eller ei saftig spyttklyse. Dersom det førstnevnet: kva er det ein frivillig lar gå ned strupen? Dersom tilfellet er spytting: kva er det ein frivillig lar passere smakslaukane på veg ut or kjeften?

For min del er det snue. Kanskje eg er ekkel. Kanskje eg ikkje har oppfatta at eg over lengre tid har blitt sanksjonert av omgivnadane mine? Kanskje er er sær. Same det. Eg snufsar, og det funkar.

Bileta under viser snue og ein måte å kvitte seg med snue på utan å la den passere smaksløkane.

søndag, september 04, 2005

Engelsk er lett

Vi spela beach her for ei stund sida. Saman med ein tysker. Ein tysker. Ein lang tysker. Då dei tyske glosene ikkje var så stabile måtte vi ty til engelsk. Erlend, som er flik å legge, var den første som spelte saman med han. Då han så at tyskaren var flink til å smash'e lurte han på korleis tyskaren helst ville ha opplegga sine. Han sa: "How do you like your legs?". Eg kollapsa på andre sida av nettet. Eg orka rett og slett ikkje meir. Det beli for mykje.

torsdag, september 01, 2005

Dette slo meg

I Noreg i dag har kvinner lov til å ta abort, utan nokon spesiell grunn, i veke 12 i "graviditetsprosessen". I Noreg er det lovfesta at det ikkje er lov til å ta liv. Slik eg ser det blir logikken et Noreg, landet eg bur i, ikkje seier at det som er i magen til kvinna har verdi som menneske(liv) før fosteret er 12 veker gammalt. Dette i seg sjølve er ein tanke eg ikkje klarar heilt å forsone meg med.

Ut i frå denne logikken oppstod følgjande problem i hovudet mitt: Ei kvinne, som har vore gravid i elleve veker og fem dagar, er ute og nyt haust sola. Medan ho går i den flotte parken som likk kun fem min i frå det nye huset ho og mannen nett har kjøpt, får ho auge på ein narkoman. Ho synest synd på denne narkomane men går vidare. Plutseleg ut i frå intet kastar ein guttegjeng seg over henne. Dei stiller seg i ein ring rundt henne og krevar å få pengar og alle verdisakene hennar. Ho nølar, men finn det fram. Leiaren går inn i ringe for å ta i mot. Han tek i mot pengane, og gjer henne erett høgre som ligg solid planta i magen på kvinna, for så å følgje opp med ein spark og to slag til. Gjengen forduftar. Kvinna, fortvila som ho er, kjem seg på beina og rasar til sjukehuset. Sjølv er ho forslått, har brukke to ribbein, men det som gjer situasjonen totalt svart er det legen fortel henne. Fosteret ho bar i magen er blitt abbortert.

Lat os forlate denne tragiske situasjonen. I staden rettar vi blikket mot gjerningsmannen. Han blir raskt spora opp, og varetektsfengsla. Betjent Johnson sit og les kva som har skjedd. Det er ikkje tvil om at gjerningsmannen skal tiltalast for grovt ran og legemesbeskadigelse. Men, kan han tiltalas for vold med døden til følgje? Johnson er i tvende sinn, og klarar ikkje bestemme seg. I følge norsk lov hedde ikkje det som var i magen til kvinna menneskeverd...

Kva i heite? Korleis skal ein forholde seg til ein slik situasjon?

Alt dette er basert på informasjon eg har fått frå andre og mi eiga tankeverksemd. Eg har ikkje hatt annledning til å sjekke opp dei aktuelle lovane.