fredag, november 24, 2006

Ferie!

Yahoo.com no er det ferie! No er det å gjere ingenting som står på planen, og det blir nydeleg!

Ha ei fin helg!

onsdag, november 22, 2006

Consentratzione!

Donnez-moi une peut de consentration et d'inspiration s'il-vous plait!

tirsdag, november 21, 2006

Eksamen

Islam eksamen vart innlevert for få minuttar sidan. Måtte eg bestå. Torsdag er neste. Måtte eg prestere over evne.

Sjekk forresten ut Toky si side, den er koseleg.

lørdag, november 18, 2006

Motsetnadar i islamske skrifter og forsøk på forklaringar

Korkje koranen eller hatdith er frie for indre motsetnadar. Ved fleire annledningar ser ein at eit vers hevdar ein ting, berre for å finne eit seinare vers som seier det beint i mot. I eit vers heiter det at ein ”ikkje skal stride mot bokfolket anna enn med fagre ord”, berre for at det seinare blir hevda at ein skal ”kjempe mot bokfolka…til dei strekk handa si ut og betalar lydnadsskatten”. Motsetnaden verkar klar. Korleis forklarar teoretikarane innan for normativ islam dette?

Ein måte dette blir gjort på er å påpeike at eit eller begge versa er spesifiserte eller avhengige. Dette vil seie at dei berre gjeld i ein kontekst som anten er spesifisert i teksten eller kjent grunna tidspunktet verset vart opneberra på. Hadith er den viktigaste kjelda til dette siste og det er den som gjev autoritet til bestemte forklaringar av koranversa.

Likevel er det tilfelle der denne forklaringsmodellen ikkje strekk til, og koranekspertane vedkjenner at versa er motstridande. For å forklare dette visar dei til etableringa av islam. Somme av versa i Koranen vart openberra i ei tid der det var viktig for islam å tilpase seg. Desse versa er altså ein form for overgangsvers og blei seinare erstatta av nye openberringar. Dette av di Gud først godtok ein form for åtferd, i og med at det var i byrjinga, for så seinare å stramme opp krava gjennom ei ny openberring. Ein seier då at det første verset (i tid) vart trukke tilbake, eller abrogert om ein vil. Dermed blir tidsrekkjefølgja avgjerande. Nyare vers vil alltid være overordna dei gamle. Dette er for lekamannen problematiske då Koranen er systematisert etter verselengde og ikkje versa sin kronologi. Likevel kjenner dei lærde til kva tid kva for eit vers vart openberra, noko som gjer forklaringa beskrive ovanfor mogleg.

Profeten sin sedvane, sunna, som er ein del av hadith har og indre motsetnadar. På same måte som ein tenkjer om indre motstridnadar i Koranen, tenkjer ein om indre motstrindnadar i sunna. Tidlegare vers representerar ei adapsjonsfase og dei ”ferskaste” versa blir derfor normative.

Eit annan problem relatert til indre motstridnadar i Koranene er motstridnadar mellom Koranen og sunna. Shafi’i er ein kjend teoretiakar innan for islam og har beskjeftiga seg særleg med to spørsmål. Kan ein seinare sunna erstatte eit tidlegare openberra koranvers? Og kan eit koran vers erstatte ein tidlegare sunna? Med tanke på at Koranen er skriven av Gud, og er ei direkte openberring skulle ein tenkje at den hadde ein høgare status enn Profeten sin sedvane. Her er Shafi’i bestemt og hevdar at dette ikkje er tilfelle, men at desse er to separate kjelder. Berre Koranen kan erstatte Koranen og berre sunnanen kan erstatte sunna. Med dette som utgangspunkt skulle ein tru Shafi’i møter seg sjølv i døra, for det eksistera mange klåre motsetnadar mellom Koranen og sunna. Shafi’i løyser dette problemet med å stille opp tre alternative erstatningar.

Den første er at Gud først openberra ein midlertidig regel, som etter ei stund vart ersatta av ei ny openberring med nytt innhald. Likevel eksistera begge versa framleis. Dette vert omtala som at Gud fjernar ”reglen, men ikkje teksta”. Det andre alternativet er at Gud har fjerna ”både tekst og regel”. Dersom Profetens sedvane ikkje er tufta på det ein har i koranen i dag er det dette som har skjedd, at teksten og regelen er fjerna. Med andre ord er dette ein rein teoretisk konstruksjon som bli brukt til å forklare at sunna går i mot Koranen. Den tredje kategorien er den mest kompliserte. Shafi’i talar om at ”teksta, men ikkje regelen” er fjerna. Eit koran vers har eksistert og dette avla ein regel. Teksta er forsvunne, men regelen som det utrykkte vert framleis hugsa, og gjeld difor fortsatt. Denne forklaringar blir brukt for å begrunne ein regel som er tufta på sunna, men som vert motsagt av Koranen.

Basert på sidene 54-58 i Knut S. Vikørs ”Mellom Gud og stat.”

Etiketter: , , ,

tirsdag, november 14, 2006

Sosiale antennar

Hallo du? Ja, du ja. Har du ingen sosiale antennar? Du som tek fram matpakka medan du sit ved mi side. Krafse, krafse. Og så denne vanvitteige pølselukta. Gullsalami. Kva tenkjer du med? Ut! Mat er til for kantina. Eller du som tek telefonen, berre for å kviskre og trur at ingen høyrer deg! I 5 min sat du der og lot meg høyre den du tala med preike uanstrengt i andre enden. I all verda! Gå ut! Men, vent litt, du som sit og fnisar med vennindene dine? Kvar er antennane? Kvar er dei! Kvar er evna til å tilpasse seg? UT! Og du som høyrar på musikk. Hadde du berre i det heile trudd du hadde det lågt nok. Neida, tanken om at andre høyrer diskanten av negersteppen du høyrar på har vel neppe streifa deg. Ro! Og så ja, skru av lyden på mobilen. Idiot. Kva trur du dette er for ein plass!? Ikkje berre lyden, få av vibrasjoenen.

Enn du då? Du som sit ved mi side og spelar dataspel? Er det noko som er meir irriterande enn det? NEPPE! Hold deg til bøkene og oppgåveskrivinga di du, så kan vi vera vener. Og sist men ikkje minst, ristarane. SLUTT Å RIST PÅ BEINA! Heile pulten hopp fram og tilbake, alt blir tull. Setningane ligg ikkje i ro, og lampa svaiar fram og attende som ei kokosplme i den stiaste syklon. Sitt i ro.

Hold kjft, sitt fint og les. Det er ikkje så vanskeleg. Ikkje noko meir, ikkje noko mindre.