tirsdag, mai 10, 2005

Heimtur frå Mananjary

17/10

Opp 04.30, om lag. Vi hadde ein lang dag føre oss Mananjary – Abe på ein dag. Som vanleg mykje dill, difor drog vi ikkje før 05.25. Turen gjekk over all forventning. Eg kjøyrde om lag 1 og ½ time mendan Henrik køyrde resten. Etter ein middag i Ambositra kom vi til Abe rundt 16.30. 11 timar i bil, nesten nonstop. (Det mest utrulege med heile turen var passasjerane. Anders (5. klassing) , Alf (3. klassing) og Fano(1. klassing) , sønene til Henrik sat i ro heile turen og ba ei heller aldri om pause! Vanvittig!)



Fano i grønt, Alf med "hatt", Henrik i dress og Anders i blått

Etter å ha sjekka mailen fekk eg nøkkelen til huset mitt av Hald folka. Dei hadde passa på den medan eg var borte.

Åt kvelds med Hald gjengen. God matt og jabb. Mellom alt sladderte og vast kom det fram at Kjersti, Hanne Marthe og Maria ville vera med. (På kva då? Den halsbrekkande turen på kanalen, som eg planla å gjere rund juletider). Får sjå kor lenge dei vil det. Enn så lenge prøvar eg å instille meg på at det blir meg åleine. Gud veit best, så eg prøvar å la hans vilje skje… (voldsomt åndeleg plutseleg).