onsdag, mai 11, 2005

Å leve i nuet?

Kven har vel ikkje høyrt det? I det siste har eg fundert litt på korleis ein skal forholde seg til fortid, nå tid å framtid. Kva skal prege kvardagen? Er det å sjå seg tilbake og lære av erfaringane, er det å lever her og nå og ta ting som det kjem eller er det å planleggje det som evt skal koma. Med tanke på at eg har livet for mine føtter og har "invandrar bakgrunn" er dette ikkje berre lett å finne svaret på. Som ungdom trur eg nok at fleire kan nikke bekreftande når eg seier at det går ein del tankevirksomheit med når det er tale om framtida. Det som skjer no er i regelen ei transport etappe. I alle fall har det lenge vore slik for meg.

På søndag då det hagla som verst slo det meg at eg brukar mykje tid på fortida. Høyres kanskje litt rart ut, men eg er ikkje i stand til å gleda meg 100% over Bryne, Noreg og det som er her. Eg tenkjer tilbake på året i fjor(og forsåvidt alle åra før det) og tenkjer at det vil eg gjere igjen. Altfor mange gonger refererar eg til den som har skjedd. Alt for ofte tenkjer eg på det som var. Det høres uendeleg gamalt ut, og ikkje er det dtore framtida i det heller.

Vel, det er det. For framtida brukar eg og mykje tid på. Drøymar om kva som skal skje, kva eg vil gjere. Og ja, at eg gjerne vil ha det slik eg hadde det. Uansett er det ein del tankeverksemd som går med til det.

Kva så med "nuet"? Med Bryne? Med MHS? KRL grunnfag? Eg brukar lite tid på det som skjer no. Det meste er ting som skal skje for at tida skal gå. Det kan vere kjekt i seg sjølve det, men det er underleg å bare drive med tidsfordriv. Eg ser at eg ikkje brukar så mykje tid på folk (jaja, for de som ikkje forstår kva folk og omgangskrins er så kan ein vel bruke eit pop ord: relasjonar) som eg gjorde før. Eg brukar berre litt tid på ei lita knippe folk.

Slik eg ser det er dette ein uheldig balanse. Kva som er den rette måte å forhalde seg til fortid, nåti og framtid finn er individuelt. Eg finn nok min balanse etter kvart, men det tek nok si tid.

Spørsmåla eg sit igjen med kan verke arrogante, underlege og malplassete. Har eg opplevd for mykje kjekt? Er eg rett og slett borskjemd med opplevingar utan omdet vanlege? Har eg mista evna til å vera på ein stad 100%, ein eigenskap eg syntes å ha bra taket på tidlegare? Er eg i ein overgangsfase (sikkert)?

5 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Syns du fundere interesant. Æg he då kommt i den fasen av livet at æg tenke at livet går mod slutten. Altfor ofta ser eg at drømmar som æg he hatt ikkje komme te å gå i oppfyllelse. Det eg ikkje har opplevd til nå det komme eg aldri til å få oppleva. Æg he basert framtiå mi på urealistiske drømma.
Men æg he ei trøst;
Tenk å blitt gammle uden å våre kristne? Æg sko slede mæ å holdt mote oppe då. Du merkte liksom at alt gjekk nerøve, å du visste dæ aldri kom te å ta seg opp! Dæ måtte våre tungt dæ!
Nå ser æg, mæ mine 24 år på nakken, at dæ he begynnt å gå nerøve. Men æg vett, i dæ minsta, at om ei stonn vil det snu å gå oppøve igjen..

11 mai, 2005 18:55  
Blogger 15. Johannessen said...

Nyttig innfallsvinkel. Tenkjer ein først kristeleg er det jo naturleg å tru at Gud vil noko med dette. Kanskje vil funderingane vera fruktbare? Blir i alle fall interessant å sjå.

Bitter å koma i den fasen der ein innser at alle draumen ikkje gejkk i oppfylling. Gruar meg til den fasen kjem. Godt er det då at når ein eigentleg trur det går nedover, så går det oppover! Frelse er målet, og det vanlegaste tidspungetet å oppleve dette på er jo etter at livet har gått nedover si stund, og du er død!

11 mai, 2005 20:55  
Anonymous Anonym said...

Good design!
[url=http://klzdsdzz.com/kuzz/uywq.html]My homepage[/url] | [url=http://orhdtdxz.com/xjxk/lihb.html]Cool site[/url]

14 september, 2006 07:46  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
My homepage | Please visit

14 september, 2006 07:46  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://klzdsdzz.com/kuzz/uywq.html | http://xiyeoluk.com/uoug/yaum.html

14 september, 2006 07:46  

Legg inn en kommentar

<< Home