onsdag, desember 28, 2005

Då var det gjort

Ikkje veit eg korleis det gjekk, den gjekk det gjorde det. Ved hjelp av bål,uendeleg med klede, ein stor stein og varme sengklær kom eg meg igjennom natta utan forstskader og med ein del søvn. Med eit høgt konsum av både tobakk, alkohol og næring vil eg seie turen var ein suksess.

Det vart hevda at det er uekte å sove i telt når ein først søv ute. Er det det? Eg veit ei, men gav etter for preset og sovna utanfot teltet.

Takk for turen folkens.

X.m:
Eg tenkjer dagstur i morgon eller på fredag. Er du klar så gje lyd. Det er artig.

tirsdag, desember 27, 2005

Hei, hei


I da skal eg på tur. Overnattingstur. Heilt til i går såg eg ei det store problemet med det. Det var til i går. Då sat eg hjå Kesse og samtala med mellom andre Odd Erling. Det gjekk opp for meg kor kaldt det kom til å bli. Litt etter litt byrja det å klarne, og eg trur no eg innser kva eg har begitt meg ut på. Sist gong eg sov ute i Guds frie natur var det 20 herlege i lufta. I natt skal det være ingen eller anti varmegrader. Eg har faktisk ikkje sove ut i Noreg sidan eg gjorde det med speidaren, den tida Jon H og eg gjekk der. Det er sikkert ti år sidan. Hendelse, dette kjem til å bli kaldt. Det som skal redde meg er speiderutstyret til mine søstre. Eg lånar både det eine og det andre og satsar på at det verste av kulda held seg ute. Det verste er eigentleg at eg aldri plar forholde meg temaet utandørs når heile det noregskartet på NRK er dekkja av blå flekkar. Det har då tidlegare vore uaktuelt å gå ut. Kva har eg begitt meg ut på?

Margunn, Tone og Odd Erling er dei som skal bære restane av meg heim.

onsdag, desember 21, 2005

J.J.

Før har eg skrive om Jack Johnson. No gjer eg det igjen. Høyr på det. Eg meiner det! Set i gang. Det er konge! Av di det er dyrt å kjøpe ein heil CD, og det tek lang tid har eg gjort eit triks. Dersom dy trykkjer her er du kun eit taste trykk unna å høyre Jack synge for deg. Klikk i veg.

tirsdag, desember 20, 2005

Tur

Eg har vore på tur. På jæren. Med gode folk. Sarons folk. Det var fint. Bål er kjekt. Kom og bli med neste gang. Sjå bilete her og her.

Dette er ein tur mann.

torsdag, desember 15, 2005

Kjell

I lengre tid har eg tenkt å skrive dette innlegget. Eg har venta, av di eg kjennde at ord fort kunne bli knappe. No som ventinga er unnagjort er det berre å skride til verket og la det stå til.

Eg har ein ven. Livsledsagar har han ein funne.Han er ven. Han er singel. Han er kjekk. Ei kvinne saknar han. Han er koseleg. Han har ingen til å koke for seg. Han er god. Valentinsdagen får han ikkje brukt til det den skal brukast til. Han er kristen. Han manglar ei å be i lag med. Han er student. Han kunne hatt bruik for ei å lese til eksamen i lag med. Han er glad i mat. Det hadde vore kjekt om han fann ei å ete med. Han er ein kosar. Kvar er kose dukka hans? Han er klar for alt. Er du? Han er ein KRIK'ar. Turar i skog og mark likar han best å gjere i lag med ei jente. Han er ein rasar i standvolleyball, fotball, baseball, og dansar lett salsa og swing om det er det soms skal til. Han har ingen å danse med. Han er (ikkje minst) filius. Han saknar si filia. Han vert omtala som 65. Han manglar henne som fullbyrdar han, han manglar 45. Han er ung og lovande. Han er ei trulova. Han er 21. Alder er ikkje så viktig. Han studerar kristendom. Kom og pugg Augustin, Hernhutterar og bakhti med han. Eg kallar han Kjell, men det er ikkje det han heiter. Han er uimotståeleg. La deg freiste. Eg kan sitere kvinner som skrik "Hald meg fast!" når dei ser bilete av han. Han er magisk. Han vil så gjerne trylle for deg. Han har eit blikk av ei anna verd. Lat det fortære av blikket hans. Ein fysikk det ikkje er til å ta feil av. Han er åleine.

Sjå bilete og misunn han alle menn. Sjå bilete og bli betatt alle kvinner.



Telefonnummeret hans finn det med å søkje her. Vel det nest øvste namnet.

Det eineste negative er at han bur med tre andre gutar som er ville etter han. TO av desse stillar eg meg nølande til. (Eg ville ikkje stått på sida av dei dersom ein skulle leike fotleiken.)

onsdag, desember 14, 2005

wameeha

fredag, desember 09, 2005

FERIE!

Ja det er det eg har. Ferie. Det er fint. Eigentleg skule eg ahr gått på tur med mentor Kristian (med gliset) og turkammerat Halmrast, men det skar seg. Mentor var sjuk og tukamerat Halmrast kjennde han heller måtte skrive oppgåve. Så no sit eg her med null program og ingenting å gjere. Ex phil oppgåvar er gjor og planen for i dag er å gjere nada. Ingenting. Det er fint det. Verre blir det ikkje heller når Jack syng til meg.

I og med at dette no liknar meir og meir på ein status rapport kan eg og slengje på at eg er heime på Bryne sinast onsdag. Då er det jul, næring og læring. Synd det er så kaldt. Gler meg til innefotball, dersomn det er ein gong eller to igjen.

lørdag, desember 03, 2005

Vasspipe

Eg er så glad i ei god vasspipe. Det var eg før og det er eg no. På Bryne var det Lloydas som stod for dette, og vi var ofte fleire enn tre som røykja. Det var fint.

Til min store fryd finne ein faktisk vasspipetilhengjarar her i Bergen og. Ein mann ved namn Brøvig er svaret. Han er ei bergenser, men i frå det blide, glade og alltid regnfrie sørlandet og tykkjer det er viktig å få ein god Start. Å røykje vasspipe med Brøvig har vist meg nye dimensjonar ved denne fantastiske reidskapen. Medan vi på Bryne stod i ein garasje og fraus (i regelen var det slik i alle fall) og tala om vær og vind og lo litt, sit ein her i Bergen inne. Det gjer seg jo sjølv eigentleg. Ei er det opphald her. Inne er musikken på, den gode. Den som lagar ei hærleg døsig stemning. Inne går det gode praten. Den relativt djupe og fine samtalen. (Det er ikkje så voldsomt som det høyres ut til, men fint er det, ja fint). Ein er ei heller mange om beinet (les: pipa, om det var vanskeleg å forstå. Vi røykjer ikkje bein.). Av dette føljger det at ein fåt tid til å bli passe svimmel eller som ein austlending ville sagt: dizzy (Eg omgjer meg med ein del austlendingar og har lært dette). Eg har og fått prøve å blåse ringar. Etter å ha studert den teite "blås-ring-posisjonen" til Odd Erling hadde eg fått inspirasjon. Eg kopierte han og hans stil. På første forsøk kom det ei ring. Då var det berre å la hovudet falle tilbake på puta og la svimmleheita (den hærlege) gå over og la vasspipa vandre vidare.

Ein blir sløv. Ein blir avslappa. Ein blir psykisk oppstemd.

Vasspipe er tingen.
Kom ei med peikefingen.