onsdag, juni 29, 2005

Verdas navle

Ofte uttalar eg meg negativt om stader og seier: "Det er ikkje akkurat verdas navle!". Vel, eg har no funne verdas navle!

Staden ligg ikkje så langt i frå Bryne 20-25 min kjøyring på gode breie vegar, med romslege fartsgrenser. Vegen dit er ei nyting, anna kan ein ikkje seie. Staden eg talar om er naurlegvis Ålgård.

Denne tettstaden er svært lett tilgjengeleg med kollektivtransport og har alt ein kan drøyme om. Badebasseng, bustikkar, fotballbane, tettbyggd sentrum og god handlegate. Det beste av alt er at det er så mange fine bygningar i sentrum. Staden er bort i mot blotta for industri og institusjonar, dette er "by" planleggjing på høgt nivå. Det berre osar av at det er eliten av arkitektar i noreg som har boltra seg på denne staden på Jæren. Vegane rund i sentrum er mange og breie, veldig kjekke å kjøyre.

Nei i det heile er Ålgård ikkje mindre enn fantastisk. Eg vil bu der, slå meg ned der, få meg fast jobb der, gifte meg der oa aldri flytte der i frå! Gjer sommeg, ta turen til Ålgård.

Håp

Bøsse reiste i dag til gftnaainsa. Måtte Gud forby at vi får han heim i ein svart pose.

torsdag, juni 23, 2005

Vankunna sitt fullstendige kaos

Det er mange som kavar fortvila og hjelpelaust rundt i vankkunna sitt fullstendige kaos. Den vankunna eg oppdaga i dag er så grov at eg vil kommentere det på verdsveven.

Eg vakna og skulle ete frukost. I og med at ingen adre var i huset, leita eg etter noko adekvat frukost lektyre. Det eg fann var Bryne magasinet. I utgongspunktet ikkje eit så prestisjetungt blad, men det eg las var graverande. Artikkelen om Bryne sin spiss Paul Oyuga såg for meg ut til å vera interessant. SÅ byrja eg å lese. Forfattaren kava i i kaoset som opp står i fraværet av kunne. Vedkommande blanda nynorsk og bokmål til den store medaljen. Tydlegvis var dette eit intervju som var gjort på engelsk, noko setningane bar kraftig preg av. Flyten var totalt fråverande. Ok, dette er kanskje litt pirkete og unødvendig å henge seg opp i, vil folk seie. Ja, det er det nok men det heile toppa seg då eg las følgjande:

"Hvordan er det og vokse opp i Kenya, må dere for eksempel gå langt for å hente vann?"


HEDELSE! Kva er det for eit spørsmål? Og kvi for i all verden trykkjer ein det når Mr. Oyuga svarar:

"Selv har jeg ikke gått etter vann, men i de områdene....bla, bla, bla."


Eg gjer Mr. Pyuga kreditt for å svare venleg på eit slik spørsmål.

Likevel er eg rysta over at ein vaksen person på godt over 30 kan stille slike spørsmål. Kor navlebeskuande og sjølvsentert går det an å bli? Er alt anna enn Bryne og fotball laget der i frå totalt uinteressant?!

Eg har funne ut at visse formar for kunne må ein ha i dagens globaliserte verd.

1. Namn på ti land i kva verds del
2. Hovudstaden på halvparten (litt drygt; kanskje på tre i kvar verds del...)
3. Kvar tre av landa i kvart kontinet litt på kartet
4. Språket i 50% av landa ein nemde på pungt 1
5. Generell kunne om kolonialiseringa av den "tredje verda".

Kunne hatt fleire punkt, men det for halde for no.

Førebilete mitt

Er det rart han er førebilete mitt? Berre sjå på dette. Han har jo opparbeida seg ein posisjon som ein ekte lokakjendis, klasse c. Det er konge. Media diggar han. Fjoslappen skriv om han med store ordelag, sjølv om han langt i frå vann rittet han var med i. For ein 12. plass hamnar han i avisa. Dette seier noko om kva for ein man dette er. Ein glimrande mann. For ei utstråling, for ein karisma. Korleis kan han framleis vera singel? Det er utruleg. Eg nektar å tru det.

Sei i frå til meg neste gong det finn ein heil side i jærbladet om ein person som kom på 12. plass. Ingen kan måle seg med hans venleik og karisma. Slikt vekkje åtgaum.


Sjå kor ven han er.

mandag, juni 20, 2005

Dag to: Morondava

20/10
Vakna til lyden av ungar, tidleg på morgongn ein gong. Frukost, så var det ”skule”. Brødrene Grydeland krangla som alltid (alltid er å ta hardt i, men dei var flinke til å fyre kvarandre opp). Etter ei stund bar det til stranda. Fantastisk! 35 grader i skuggen (ikkje så gunstig for skule og i alle fall ikkje inne…) og rundt 30 i vatnet. Var innom havna og undersøkte litt om Mantirano turen, men fann ut lite. Fekk kjøpt ein del nyttige ting; t.d. lamba (eigentleg eit lendeklede, men er fantastisk til det meste), postkort, såpe og Socolait (skukker mjølk).

Etter middag var det kaffi hjå Bjørkås. Den var avslutta med misjønær-sladder (dei er menneske dei og, så baktaling førekjem), noko eg set svært lite pris på. Må seie i frå ein gong, men er vel ikkje alltid så mykje betre sjølve

På stranda svei eg ryggen kraftig. Voldsomt. No gjenstår det å sjå om eg får sove…

torsdag, juni 16, 2005

Heime skule i Morondava

No har eg ferie og det vil seie god tid til å skrive inn notatar frå i fjor. Denne gongen er det frå "heime skule" veka mi i Morondava.

Å sei at dette var ei himeskule veke var å ta hardt i. Eg var med fam Grydelnad, og dei er begge lærarar. At eg var med på kjøt og flesk er ein betre måte å seie det på.

19/10

Opp 07.00. Ut med sekken (som vart pakka i tolvtida kvleden før (dette blei notert fordi det er avsindig seint å leggje seg då på Mada)) og stable på taket.

Vi kom av gårde i åtte tida. Merete, Henrik, Anders, Alf, Fano, Veslemøy (Grydeland), Martha Bjørkås, og meg. Vi holdt bra fart og turen gjekk glatt (sett bort i frå litt mas frå ungane, men det er detaljar) heit til vi kom ca to timar i frå Morondava. Då pungterte vi. Ut for å skifte dekk. Leita ei stund etter jekk, fann ein men dn mangla ein veseneltelg del. (Det var den delen på jekken som vi skulle sveive med. Utan den fekk vi ikke opp bilen).

Festleg episode det med den dekk skiftinga. Pungteringa var ille nok i seg sjølve, då vi tapte masse dagslys. Varmen var trykkjande, noko vi merka særs godt etter å ha sutte i bil med air conditioning i seks-sju timar. Vi kava verre for å finne noko som kunne få fart på jekken. Til slutt fann eg ein skiftenøkkel og på eit eller anna vis fekk vi jekka bilen nok opp til å ta av dekket. Som om ikkje varmen var nok var himlen i aust grå, tynga av skyer og det var på veg mot oss. For den som har vore sør for ekvator så veit ein at dette er ille. Regnet kjem fort, voldsomt og i brutalt store mengder. Dette la tidspress på oss. Vi (Henrik og meg) jobba på spreng, medan Merete haldt borna i sjakk. VI hadde ikkje før fått av dekket og satt på det nye før vi kjente dei første dråpane. Eg byksa opp på taket og batt fast dekket og kom meg inn igjen. Då starta plask regnet! Hendelse så god vi slapp det. Vel, tilbake til det eg noterte vidare.

Flaks vi var kistne, slik at vi slapp regnet. Smugbønn er ikkje dumt!

Vi kom fram i fem tida, nok til å få med at Bryne hadde tapt 0-3 for Brann. No rykkar dei ned. Litt over seks var det kvleds hjå Bjørkås, kjempe godt! Fekk vite at det går båt til Maintirano. Satsar på at det blir noko av. (Budde i Maintirano to år som lite, og hadde luyst til å reise dit og helse på folk igjen. Alternativet lastebåt var i den samanheng spennande.)

tirsdag, juni 14, 2005

NNF

Ja, isamband med irritasjon. Vil anbefal Norsk Nebbsildforbud si heimeside. Der er det ei god oversikt over særs mange meir eller mindre rasjonelle ukvemsord ein kan bruke i situasjonar ein treng å få ut litt damp.

Norsk Nebbsildforbund. Trykk på skjellsord.

Den som er verkeleg sinna bør kanskje prøve lenkja mitt store førebiliete tipsa meg om.

Forbanna.com

Jæren

Jæren er der eg bur. Det er somme ting som er bra med denne delen av landet (les: det er her eg har dei eg kjenner). Men du og du kor mykje eg misslikar med denne staden! For at innlegget ikkje skal bli for lang og for negativt fokuserar eg på det eg hatar mest med Jæren: gjødsel. Ord blir tomme og fattige på meining når eg skal beskrive korleis eg hatar lukta!! Det er ille. Grusomt. Forferdeleg. Voddskapsfullt. Krise. Råte. Vondt. Fleire ord kjem eg ikkje på i farta, likevel er det ein del. Desse orda er ikkje i nærleiken av å uttrykkje mitt hat ovanfor dritt lukta.

Eg har vore ute og trena. Luktar ille. Eg dusjar, og kjenner med usedvanleg rein i det eg stig ut or dusjen. Eg tek ein handduk, ein tilsynelatande rein handuk og løftar den mot annlete. Eg byrjar å tørke meg der. Plutseleg raknar heile verda mi. Drittlukta moderert til eit minimum i den liksomreine handduken, men så fort den kjem i kontakt med vatn eller fukt; pam-pa-pa og fanfare og det som verre er! Eg vil aldeles svime av! FOR I LUKT! Eg maktar det ikkje. Skuffelsen er så stor. Å ehite for ein ned tur. Utan å mykje som ein liten forvarsel forsvann heile poenget med dusjen! Hildrande du! Vel det var eit scenario...

EG har nett sått opp. Minnene frå gårsdagens regnvær gjer at eg ikkje ser positivt på denne dagen. Til mi store undring er det skyfri himmel, sol og ein brukande temperatur på utsida. Eg gler meg til å kome ut. LItt etter litt blir eg var på ei lita lukt. I og med at eg nett gjekk forbi toalette tenkjer eg at det er einkvan som har hatt ein litt dårøeg dag. Rutinane fortset. Lukta bli litt sterkare dess nærare eg kjem utgangsdøra. I det eg opnar døra veltar lukta formeleg inn, ikkje berre litt med med voldsom kraft. Assosiasjonane går til tsunami-katastrofa, og med eitt forstår eg korleis dei hadde det då bølgja kom. GRUSOMT!! Å kor eg hatar den lukta!

Hadde eg lagt fram ein plan for kommunen der eg ville drive ein fabrikk (som laga ullsokkar) som kom til å sleppe ut ei så hårreisande lukt hadde eg aldri fått starta i det som skal vera ein by! Hendelse!

FOlk vil hevde (ja hevde) at dette er sumar for dei, og at det er eit teikn på vår. Send meg ein mail eller kom med ein kommentar så skal eg tids nok gje deg ei handfull med andre indisier på at det nærmars seg sumar. Prøv grøne trær. Kvitrande fuglar? Forbud mot piggdekk? Ikkje nok? Prøv kalenderen då for heite! Eller så er det og lett å forhalde seg til når alle skulane har sin lengste ferie. Dersom du tykkjer det er uvanleg mykje sol ei stund kan dette og tyde på at sumaren anten er her, eller er rett rundt hjørne.

Nok for i dag. Tørk avføringa og bruk det til brensel. La det ikkje lukte. Eg hatar den møkklukta!!

mandag, juni 13, 2005

Ja

Vel vel , kjære lesar (dei eksisterar faktisk, og du er ein av dei!), eg har ei kunngjering: Eg har feire!! Å sprudlande månedanserinne, dette er fint! Heite! No er det berre dill! Lamb Chop surrar roleg i bakgrunnen, nydeleg er det.

Eksamen var lett. Det svarar seg å ha kolokvie gruppe på ein lørdag i frå to til tolv. Det var konge. Sven slapp ei due i eit miljø der slikt ikkje blir sett på som den store hendinga, ei heller blir det applaudert. Jommen meg fekk vi ikkje labba oss igjennom alt pensum, høyrt myke lekker musikk, ete pizza, drukke brus, og ikkje minst: vi fekk servert tørre vittigheter på samleband og dei fleste lo. No gjenstår buffet og trøkking på Akropolis i på søndag så er året fullbyrda! Å kveite heite kor godt det er!

No er det berre beach og gammen resten av sumaren!

lørdag, juni 11, 2005

Eit innleg utan tittel, ganske enkelt fordi det ikkje handlar om så mykje spennande.

Heite! To dagar igjen til eksamen. Møkk. For eit slet. Blir trøytt.

Veit du kva bakgrunnen for uttrykket "argus-auge" er?

fredag, juni 03, 2005

SMS

Eg hadde sett meg inn i toget, tatt fram boka og gjort meg klar til nok ein halvtimes søving/lesing. Etter nokre stoppar kikka eg ut or vindauge. Der såg eg henne. Ho var av den kjekke sorten. Eg kjende henne. Meinar ho kjende meg og. No var det berre om å gjere å finne den rette balansen mellom å lese i boka og å kikke rutinert opp for å helse npr ho kom inn i vogna og unngå å vera arrogant. Time'inga var rimeleg bra, og det verka natureg. Utan eit ord nikka eg, og i nikket låg det eit "god morgon". Sete på sida av meg var ledig. Ho gjorde valet. Og for eit val. Ho sette seg på same rad, berre så langt bort i frå meg som ho kunne. Eg fatta ingenting. SKulle ho håne meg? Då var standaren sett. Eg gløtta kjapt ned i boka igjen. Eg las vidare. Hinduismen sine heilage tekstar. Det var ein fest. Festen blei om mogleg endå kjekkare og undringa større då noko rørte ved låret mitt. Eg fekk ein SMS. Mobilen hadde rista. Lite forstod eg. Det var jo så tidleg! Mindre forstod eg då eg såg kven avsendaren var. SMS'en eg fekk var i frå henne. Eg haldt maska, og svara som om det skulle vore ein SMS frå nokon eg ikkje kunne sjå. Ho svara. Eg svar og slik fortsatte det til vi kom eg måtte gå av toget. Underleg det der. Eg tala ei med henne, men kommuniserte likevel. Eg såg ei på henne, men kommuniserte likevel.

torsdag, juni 02, 2005

Alt forgår

Den som er oppteken av kropp og nytingar er oppteken av ting som forgår. Kvifor fyller ein (eg/vi) tida si (mi/vår) med så uendeleg mange ting som om litt sluttar å eksistere? Det må vera bort i mot hjerne dødt å ha så lite perspektiv på ting.