tirsdag, mai 17, 2005

Tankar om 17.mai og det som er norsk

Klokka er no eitt. Det er syttande mai. Eg sit inne med maskina og skriv. Det er særs lenge sidan eg har likt syttande mai. Lenge var det nok fordi eg ikkje kjende på at dette var ein del av meg, men etter kvart har heile feiringa verka litt konstruert. Då dette kom meg på sinnet gjekk tankane til ein viss Anders Johansen. Eg las ein gogn ein liten artikkel av han om det å vera norsk. Basert på ein del av tankane hans fekk eg lyst til å skrive dette:

Nordmenn i dag held på å bli blinde av ideen om dei er norske. Kan eg gå så lang som å seie at det er ei myte "om å vera norsk"? Myteaktiviteten baserar seg på å skape ein nasjonal identitet ved å vektleggja symbol og kjenslemessige markørar for å bevare denne identiteten. Her er dømene mange. Bevaring av norske kulturminne, mykje av politikken, forretningslivet, kulturlivet og ikkje minst dagen i dag; syttande mai. Eigentleg treng ikkje desse symbloa vera bunadar o.l., men det kan vera kva som helst. Ein typisk nord mann kan vera viking-brutal og pietistisk, klranglete og fredselskanden, jordnær drøymande. Når alt kjem til alt så kan kva som helst vera typisk norsk, nettopp fordi ingenting er typisk norsk!

Fleire vil seia seg einige i at norsk mat er smalahovud og gamalost. Kor menge er det som har smakt, og evt. et dette til kvasrdags?! Nærare sanninga vil ei kome derson ein seiar at pizza er typisk norsk. Det er noko alle et med jamne mellomrom, og noko alle har eit meir eller mindre bevisst forhold til. Likevel manglar pizzaen det somn skal til for å vera ein "norskheits markør".

Påstanden om at norsk kultur er ein myte foruset at det er nokon "myteaktørar". Desse er nasjonalistane, politikarar, reklame folk, men og først og fremst den menige Ola Nordmann. Han feirar syttande mai med brask og bram, han tykkjer bondekulturen er fantastisk, han meiner det som er norsk er vaskeekte, naturleg opg verdt å bevare.

Er ikkje dette illusjonar som er lite matnyttige i dagens multikulturelle kontekst? Globaliseringsprossessa er lang i frå over. Lurar vi oss sjølve og andre til å vidare formidel desse illusjonane om norskheita?

SOmme vil gå så langt som å seie at desse ilusjonane konstruerar taparar i det norske samfunnet. Kva med arbeideraene og våre nye landsmenn?For det første så stengjer vi rett og slett innvandrarane ute. Sett i frå min ståstad så er det frykteleg negativt. I årets syttande mai tog i Oslo var det forbode å gå med andre flag enn det norske. Dette er faktorar som undertrykkjer det som tydeleg vis er det eigentlege norske. For det andre går dette ut over arbeidarane. Å vear lojal blir forherleggjord, og i og for seg er det bra å vera lojal. Noko anna er det at arbeidsfolka bort i mot blir manipulerte til å vera lojale medt norske bedriftsherrar og direktørar, berre fordi dei er norske og at det norsk er best.

No har eg langt på ved støtta Johansen og hans syn, nettopp av di eg tykkjer han har fleire gode poeng. Likevel er det verd å kommentra at eit litt meir nyansert syn på "tingenes tilstand" nok er meir tenleg.

1 Kommentarar:

Blogger Fru K said...

Såg litt på NRK i går, og der va det jammen meg ein heile hau med folk så ikkje va "etnisk norske". De dansa til og med for kronprinsen, og han måtte vær med å dansa! Så heilt vekke æ de nå ikkje..

18 mai, 2005 17:22  

Legg inn en kommentar

<< Home