torsdag, mai 12, 2005

Øverkjørsle like ved jordbruksskulen ved Øksnevad

Etter å ha vore forvist til tribunen sist kamp var no duoen 15. Johannessen og Nese tilbake på benken til Klebe. Onde tunger skal ha det til at det var skader og forfall som gjorde det, men duoen vel å tru at det er hard eigentrening og ekstra balløkter som gjorde utslaget.

Ramma for kampen car flott. Sola klimra med sitt nærvær, banen var vatna før kampstart (truleg det næraste duoen kjem Champions League) og fleire hadde funne vegen til Øksen. Blandt tilskodarane sat det lokale orginalar og c-kjendisar.

Korleis kampen starta veit Nese Og 15. Johannessen lite om. Dette av di tarmane skreik, duoen lystra og var på Klepp for å kjøpe bananer. Ti minutt inn i kampen var det tydeleg at dette var ein kamp Klede skulle vinne. Og vant gjorde dei. 5-0 over STIL-HIS (student lag frå stavanger). Lite nøytrale kjelder forklarar det med at fleire studentar var reiste heim for pinsehelga, men det kan underteikna avkrefte.

Når det gjeld innsatsen til duoen så var det med ein bitter søt smak 15. Johannessen såg Nese kome inn på etter ein time, vel vitande om at han sjølv framleis sat på benken. Nese gjorde eit godt innhopp og kom godt inn i kampen med det same. Han hadde eit skot på mål, fleire fine passningar og gode løysingar. Dagens prestasjon var då han på afrikansk vis la ein særs vanskeleg ball død med rista. Publikum (dei som har auge for detaljar) jubla. Sju åtte minutt seinare entra 15 Johannessen banen. Flaks som han hadde fekk ahn spele høgre back. Vel, innsaten kan best summerast opp i eit ord: innbyttarpuls. Vill og gal og totalt utan hemningar gampa han i veg på eit 50 meters løp opp langs høgre sida. Planen var ein overlapp. Til hans store fortviling gampa han ikkje direkte fort. Det tok ein evigheit å ta igjen vingen, og då vingen var lei av å vente slo han ballen. Reslutatet var at 15. Johannessen måtte kaste seg ned for å i det heile få foten på ballen. Alt til dette til inga nytte. Det einaste dette løpet resluterte i var at keeperen fekk ein trillballa han lett kunne plukke opp.

Ei klok av skade gallopperte det overmodige høgrebacken opp igjen. Kreftene tok slutt halvveg og iveren forsvann då vingen denne gongen valde å slå ballen over på motsatt side. Nese fortsatt sitt show på venstrevingen. Sjølv klaga han på at han ikkje hadde røyst til å skrike på balle og at han difor ikkje fekk ballen så ofte som han eigentleg ville. Samstundes var sola irriterande låg for deisom spela på venstresida.

Oppsummerande kan ein vel seie at Nese kom ut av kampen med pluss i margen medan 15. Johannessen kom ut med eit lite minus i margen (som bestod i dårleg kondis, liten fart og manglande plasseringsevne). Ingen dreit seg ut og då er det meste bra.