søndag, februar 03, 2008

Tenk på det du!

Det drar seg til i Chad. Stemninga i N'jamena er roleg men uhyre spent. Dei omlag 10 000 000 innbyggjarane er vitne til opprørstyrkene, Unified Military Command (UNM), sitt forsøk på å kuppe makta. Historia er lik den i så mange andre land i den tredje verda. Presidenten Idriss Déby har regjert i to periodar, og mot slutten av den siste perioden får han igjennom endringa i grunnlova som gjer det mogleg å stille til attval for andre gong. Dette valet vinn han i eit val opposisjonen boikotta. Samstundes som at dette skjer er innbyggjerane og politikarane prega av konflikten i nabolandet; Chad grenser til Darfur regionen i Sudan er det omlag 500 000 flykningar i frå Darfurkonflikta i landet.

Då eg såg nyhende i går var det tre punkt som vart tekne opp. Det første var at det var omlag 400 'expats' eller europearar i N'jamena og at franske styrke vart forberedte på å evakuere desse. Det andre var at det vart planlagt å sende styrkjer i frå EU for å beskytte den halve millionen med flyktningar. Det tredje var at militsen hadde kontrollen i N'jamena, men at presidenten endå ikkje var styrta.

Då eg vakna i dag og sjekk kva som hadde hendt i løpet av kvelden og natta vart eg provosert, men langt i frå overraska. For det første hadde UNM ful kontroll over hovudstaden, dei held kun tilbake angrepet på presidentpalasset for å gi Idriss Déby en sjanse til å flykte. For det andre hadde FN evakuert sine medarbeidarar til Kamerun, og franske styrker hadde fått 400 utlendingar i sikkerheit. Det tredje var at EU styrkene som skal beskytte flyktningane var forsinka.

Alle mennesker er like mykje verdt, det er oppdradd til å tru. I FN sin menneskerettigheitsdeklarasjon artikkel tre heiter det; "Everyone has the right to life, liberty and security of person." Den verkelege verda er langt i frå dette. I ein kvar konfliktsituasjon, særleg i den tredje verda, er det dei kvite, utlendingane som reiser fyrst. Militært personell kjem inn, målretta og uhyre effektive, hentar ut dei kvite i frå den betente situasjonen dei befinn seg i og reiser så i frå landet. Eit av dei mest brutale døma var evakueringa av Rwanda våren 1994. Og det skjer i dag i Chad. Slik eg ser det er dette å sei; dei kvite er meir verdt den dei lokal svarte.
Det er jo verdt å merke seg at flyktningane frå Darfur også blir behandla før dei sivile i Chad, eller det er vel heller i teorien. EU styrkene er forsinka, og kven veit når dei eventuellt måtte finne det for godt å kome.
Hovudargumentet mitt er altså at menneskerettigheitene er verdt like mykje som papiret dei er skrivne på. Hadde flyktnigane frå darfur vore amerikanarar skal eg love deg at det ikkje hadde vore tal om forsinkingar. Dei hadde blitt henta ut sporenstreks.
Samstundes som eg vert oppgitt er det greit å vite at eg som kvit kan rote meg borti så å seie kva som helst, eg vil alltid bli evakuert. Eg er verdt meir i kroner og øre enn det mine svarte brødre er.

1 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

18 april, 2008 22:32  

Legg inn en kommentar

<< Home