lørdag, november 24, 2007

Deira

Opphaldet i Dubai kan oppsummerast som eit vellukka paa maafaa prosjekt. Det einaste eg viste daa eg kom var at det skulle vaere store bygningar der og at over 50% av verda sine byggjekranar var aa finne i denne byen.

Grunna eit begrensa budsjett hvana eg i den eldre delen av Dubai, kjend som Deira. Dette var ein byddel nesten utan turistar og ei heller dei store attraksjonane. Likevel fann eg det eg var ute etter: spennande mat og ein god vasspipeplass.

Eg tenkjer aa faa skrive litt meir om vasspipeopplevngane seinare dersom eg orkar, men nett no er det ikkje prioritet.