søndag, juli 31, 2005

Surrealistiskt

Tore, Øystein, Frank, Elisabeth, Ronny, Grete, Janne og Mari leika ved ein av leikeplassane på Lyefeltet. Dei kosa seg sang og lo. Plutseleg, ut i frå intet, kom det ein bande på fleire vaksne menn. Dei bandt hendene deira hardt og førte dei opp i heiane innanfor Åsenvatnet.

Då det lei mot kveld lausna mennene litt på tauet rundt handledda og sette to vaktar til å passe på dei. Borna fekk beskjed om å ikkje rømme, og gjorde dei det, ville dei bli straffa med døden. Litt etter litt lata soldatane som om dei sovna. Etter ein halv time kunne Tore ikkje dy seg lengre. Han var livredd. Han ville heim. Han orka ikkje dette lengre. Han la på sprang. Vaktene merka dette så å seie før Tore hadde tatt tenkt tanken, og fanga han.

No vart borna stillt opp i ring med Tore i midten. Beskjeden frå mennene var klinkande klår. Tore skulle bitast i hjel. For at dette skulle gå skikkeleg føre seg sette mennene premissane. Dersom ein ikkje hadde hud mellom tenna etter kvart einaste bet, ville og den dette gjaldt lida same skjeben. Enkelt og greit.

Dette kunne aldri ha skjedd i Noreg. Likevel skjer der i dag. Borna heiter ikkje lenger Tore og Janne, dei bur ikkje på Lye og det er ikkje Åsenheia ein blir frakta til. Det skjer i Afrika, nærare bestem i nord Uganda.

fredag, juli 29, 2005

IKEA 2

Eg er ikkje særleg praktisk av meg. Litt får eg til, men ikkje meir heller. Det hender det irriterar meg (veldig skjelden eigentleg) at eg ikkje kan gjere litt praktske ting. Eller det vil seia, eg irriterte meg før, no eg har funne løysinga. Ikea sine produkt er løysinga. Slik eg ser det føre meg har ein mask&mek fyr slått seg saman med ein lesehest. Bokormen har sett på det mask&mek mannen gjorde og teikna og forklare det. Mask og mek mannen har pakka det ned og så har lesehesten lagt beskrivinga oppi eska og skrive namn på pakken.

Denne kombinasjonen gjer at eg plutseleg kan kjenne på at eg har laga noko sjølve. I går laga eg mi eiga seng. Som om ikkje det var nok fiska eg meg ein pult og laga ein stol. Eg er nøgd.

IKEA

I går kom eg heim i frå Bergen, plassen eg skal vera å lese det neste året(eg hatar Ikea). Grunnen for turen var innflyting (eg hatar Ikea). Eg måtte ha ymse utstyr, så vi drog til Ikea (eg hatar Ikea). Eg brukte så mykje peng at eg vart fysisk dårleg (eg hatar Ikea). Eg fekk tak i ein del (eg hatar Ikea). Så var det å skru (eg hatar Ikea). Det tok lang tid, frykteleg lang tid (eg hatar Ikea). Eg er sår på tommlane enda (eg hatar Ikea). Eg hatar ikea (eg hatar Ikea).

søndag, juli 17, 2005

Fantastisk

Dagen som eigentleg skulle ha vore misserabel, vart mykje betre enn forventa. Teknologien i dag forundrar meg. Eg samtala i omlag 80 min med ein kompis på andre sida av jorda. Kor utruleg er det ikkje at ein kan ta opp røyret og snakke med ein som sit heilt på andre sida av verda som om han sat rett ved sida av ein?

Det som redda dagen var at eg fekk gå på Bryne kamp og få betalt for det. Konge.

Hat

Eg hatar regn! Eg hatar regn. Eg hatar det. Kvifor?

Det er sundag. Vekkerklokka var sett til å lage lydar kl 1000. Ikkje for at eg skulle gå i kyrkja (hadde det no berre vore så vel), men for at eg skulle spele beach. Beachvolleyball. Det er kjempe kjekt. Det var opplett, men overskya då eg stod opp. Etter eg hadde fått i meg litt mat byrja det å dryppe. Eg nekta å gje etter. Jon blei plukka opp. Saman konstaterte vi at værforholda var dårlege. Eg frykta den som alltid negative Hr. Bakke sin reaksjon. Den lot ikkje vente på seg. Han sa ingenting då vi henta han. Ord ville berre vore overflødige. Saman sette vi kursen for orre og Vik håla. Der er det alltid fint vær. Etter omlag 11 kjøyrde kilometer sprekk Bakke. "Det er ingen plass eg kunne tenkt meg mindre å vore enn på eg til Orre". Vo blir samde om at vi skal høyre med fjerde mann. Han er einig. Vi avlysar. Eg blir sur. Inneslutta. Bitter. Grinete. Ilter. Irritert. Oppgitt. Fortvila. Eg hatar regn. Regnet er noko eg hatar.

På lørdagskvleden hadde eg sett hardt mot hardt. Beach vs. Bryne - Stabæk. Eg valde Beach og sa ja til å bytte ei dag vakt med ei kvelds vakt. Alt gjekk i dass. Eg sit igjen med svarteper. Per er ein dust. For ein idiot (det har ingengting med fargen å gjera).

Vi talast. Eg skal jobbe i staden for å sjå Bryne spela mot Stabæk.

lørdag, juli 16, 2005

Elektrolått 2

Eg har tidlegare uttrykt min store frustrasjone over det eg har valt å kalle elektrolått, forsøk på å gjengi latter via tastaturet. Elektrolåtten er noko ein finn i SMS språket og dersom ein brukar ulike chatte program på nettet.

Vel, til poenget. I går fann eg at enkelte folk har ein lettare jobb å uttrykkje latter via tastaturet. Dette av di dei faktisk ler med så pass tydelege lydar at det er mogleg å skrive det. Dette blei særs morosamt for meg då eg oppdaga det, og det er det framleis. Etter å ha kome halvvegs over kor festeleg det var, gjekk det opp for meg kor lett desse folka må ha det i SMS/chatte situasjonar. Tenk for å ein fryd å kunne knatte ned enkle stavelsar som ha-ha, ha-ha, ha-ha, for så å vite at ein har gjengitt sine kjensler så korrekt som mogleg!

Det negative med denne opplevinga er at eg no vert, om mogleg, meir forvirra når eg får SMS med ynkelege fosøk på å uttrykkje latteren sin. Eg veit at vedkommande som skriv ikkje ler slik, og vert sittjande og undra kva denne personene eigentleg meiner.

Lenge leve den levande SMS-låtten. Lenge leve den levande og ekte elekrolåten.

søndag, juli 03, 2005

Abort

Kom over dette innlegget. Det er ille.

Plikt

Har du skrive deg på lista? Gjer det.