søndag, april 16, 2006

Misjon

Her er ei oversikt over ein god del misjonsorganisasjonar. Interessant for den som ikkje veit kva ein bør støtte.

Spørsmål

Eit spørsmål vert aldri spurt, der vert stilt. Det heiter å stille eit spørsmål, ikkje å spørje (eller på dialekten til somme i dette landet: spørre) eit spørsmål.

Jaja, det gjer ingenting...

100 bønder bur rundt ei slette med gras. Desse sletta kan halde liv i 100 kyr året rundt. Medan dei gressar i aust sprirar det og gror i vest, når dei beitar i vest veks graset fram igjen i aust. Kvar bonde kan då altså ha 1 ku kvar.

Ein av bøndene, Gabriel Mikael (GB), får ein lur idé. Han let to av sine kyr beite må sletta. "Ei fra eller til har då ingenting å seie, det er jo så lite. Slitasjen blir jo ikkje nemneverdig verre og eg gjer det. Og så er det jo trange kår i familien, så litt ekstra mjølk hadde er jo berre på sin plass."

Då GB ein dag ser ut over sletta, finn han at han ikkje er den einaste lure bonden. Det står no 200 kyr å beitar der. Etter få månader er graset oppspist og sletta eit einaste stort fyre tråkk, og ikkje lenge etter luktar det forråtnelse. Alle dyra er døde. No er alle bøndene ille ute.

Kva tid skal vi mennekse vakne?! Kva er det vi held på med!? Kva er det eg tenkjer når eg kastar uncle bens glaset i sølpla fordi eg ikkje gidd å gå til næraste miljøstasjon? Kva tenkjer eg med når eg kjøyrer i frå Austbøfeltet til Rema 100? Kvifor tek eg aldri med meg bæreposar, som eg har så mangen av, til butikken og brukar dei igjen? Kva med å bruke matboks? Eg er ikkje den einaste utan sanst for å ta vare på jorda. Måtte eg klare, og alle andre med meg, å bry meg i kva einsate situasjon der ein kan tenkje på miljøet, og gjere noko med det!

Nei, det er berre ein ting å gjere. VAKN OPP ALLE SAMAN!

Og til den som argumenterar med dei store selskapa som forureinar kolosalt, og alle som er verre enn ein sjølv; HALD KJEFT. Der er totalt irrelevant. Vi forbrukarar skapar etterspørsel. Og kva tid blei det at andre er verre enn meg eit argument for å rettferdiggjere eigne haldningar og handlingar?

onsdag, april 12, 2006

Hagen

Dette er rett og slett konge. For ein god mann. For ein historie.



Navn: Steffen Hagen
Født: 08.03.1986
Fødested: Kristiandsand
Høyde/vekt: 185 cm/80
Posisjon: Forsvar, midtstopper og sideback
Tidligere klubber: Mandalskameratene, Vigør
Seriekamper/mål: 1/0
Landskamper: 3 U21, 9 G19, 7 G17.

Dagbladet blingsa litt på faktabiten. Det er viktig å kommentere at han faktisk og har spela for Club Radio på Madagaskar.

søndag, april 09, 2006

Hemningar er oppskrytt!

Utan hemingar framstår eg ei ofte. Likevel hendar det. Viss det skjer, skjer det i lag med gode vener, og særleg når filius er innvolvert. Det eg her skal presentere høyrar til unntaka, til mi kreative og ekspressive side. På godt norsk kan ein kalle dette spontan avgudsdyrking. Lovsongs dans kan og vera treffande. Dersom eg tenkjer litt over det vil eg kanskje gå så lang som å seie at det du no vil få sjå er ei radikal omdefingering av omgreper lovsongsdans. 05. og 15 dansar for sola, som ei takk for varmen den gjer og gleda den sprer. Legg merkje med 05 si dedikering på slutten av seansen.

05. og 15. presenterar:

Spontan avgudsdyrking i form av radikal lovsongsdans.

Nyt det, og kjenn dei revolusjonerande straumingane som går i gjennom kroppen, like som dei gjekk igjennom våre.

lørdag, april 01, 2006

Bøsse bærar

I går var eg bøssebærar. Eg bar ikkje rundt på Bjotleikson, men på ei bøsse folk kunne leggje pengar i. Det er rart å være bøssebærar. Plutseleg er det greit å bryte all normane som finnst i Noreg. Ein har augekontakt med folk meir enn tre sekund. Det være seg ei kvinne på 50, jente på 20, mann på 50 eller gut på 20, eingen reagerar unormalt. Det er greit. Ein kan hendvende seg til villt frammande mennesker og få venlege ord i retur. Ein kan gå etter folk og samtala med dei. Rart er det.

Og der er vel det som poenget med dette innlegget. Det rare eg fekk høyre.

Det mest frastøytande var folk som gjekk med nasen i ein hamburger og frotsa i total sjølvforherligelse og som bare stønna ;"Nei!". Eg skal ikkje døma, det får han der oppe ta seg av, men det blei usamkeleg. Så var det dei som var blakke. Nokon såg blakke ut. Eg visste ikkje at så mange hadde så dårleg styring med pengane sine. EIn fann og dei som sa at dei ikkje hadde pengar. "Tar du kort" var ein standar. Somme hadde det travel, og andre hudfletta meg av di dei hadde blitt spurt tidlegare på dagen.

Ein ting eg kom til å undre meg over i løpet av dagen, og som eg no skal gjere klart ein gong for alle, er at pengar er pengar store eller små. Av eineller annan underleg grunn sa folk at dei ikkje hadde små pengar, eller vekslepengar. Dei stpre fungar glimrande dei og. Berre så det er sagt. Alt går i bøssa!

Dei mest orginale svara ein fekk var ofte rasistsk motiverte. "Gje de ei kula!" sa ein då han fekk vite at pengane var til psykisk helse som jobba for å betre det psykiske helsetilbodet for innvandrarar i bergen. "Send dei heller heim!". "Har du ein tiar?" Mange festelege alternativ.

Likvel må det beste seiast å være min kamerat SIndre som vart stogga av ein gamal mann. Han ville dele ei nyhende med sindre. Stortinget hadde vedteke at alle over 70 no skulle henrettast. Det var ikkje meir gagn i dei og dei berre slukte resurssar!