tirsdag, februar 28, 2006

Ein nyfiken ape

J.J. og vennane hans er ute med ny plate. Ta rennfart og hent den i den næraste cd sjappa de kjem over. "Sing-A-Longs and Lullabies for the film Curious George". Må bli bra! Eg har kjøpt den, men inntrykka har ikkje sett seg. Eg må jo blogge grundig om denne utgivlesen i tida som kjem.

onsdag, februar 15, 2006

Bling bling, for ein teit ting.

Sint. Det er det eg blir. Det hendar eg blir det for småting. I alle fall dersom andre skal døma meg. Og er det noko menneske er kjent for så er det jo å døma andre. Men, ialle fall (heftig sympaticus aktivering no kjenner eg). Ja, kvar var det eg var. Jo, eit til tider brennbart tema er det eg vil klemme ut litt aggresjon mot. Kanskje det er ein filleting. Denne møkka damefotballen. I utgangspungtet er det jo særs lite interessant, men når det atpåtil lurar seg inn på TV 2 sporten orkar eg ikkje meir. Saka er som følgjer: Asker, visst nok eit av dei betre damelaga, bomma på eit viktig punkt i det dei søkte om lisens for årets Toppserie. Dei klatta det til med økonomien. Serieforeninga var konsekvente, og som varsla på føre hand må Asker spela kommande sesong i 1 divisjon for kvinner, av di dei ikkje hadde økonomien på g. Kort sagt: Asker er blitt til aske. (Forlat meg denne utidige bruken av bokmål (aske istaden for oske), men vitsen og ordspelet var for tørt til å la det gå forbi i tyssnad).

Så kjem det mest irriterande, håplause og frustrerande av alt. Dei meiner at motstanden i 1. divisjon er for svak og treng matching, slik at dei kan vera klar for eliteserien til neste år igjen. Sjølvsagt rykkjer dei opp. For ein arroganse. Det verste er at denne matchinga skal være 16 år gamle gutar. Skulle ikkje klaga om det var ein treningskamp det var tale om, men dei har pressa seg inn i seriesystemet!! Arg. Angst. Oppkast. Fortviling! Kvar er det blitt av denne møkka likestillinga?! Snu dette på hovudet. Sett at Klebe, som no er i 4 divisjon, hadde bruk for hardare matching til deira "sjølvsagte" opprykk til 3. divisjon. Dei melder seg så inn i toppserien for kvinner. Og "hardare" motstand får dei... Hadde dette skjedd!? Aldri. Aldri. Aldri. Aldri! ALDRI! Hendelse. Ikkje det at eg ynskjer Klebe inn Toppserien, dei berre med for å illustrere (og av di det er eit magisk lag). Dette er meiningslaust. Arrogant er det og. Nei, det er ein grunn til at det heiter KVINNEfotball, og HERREfotball. Kreativitet og inprovisasjon er fint. Likevel; slutt å kødd med systema som har funka så fint heilt sidan tidenes morgon (litt utpå dagen)!

mandag, februar 13, 2006

Dago 03/04

Med ein heil ettermiddag til disposisjon og lite å gjera raska eg saman nokre bilete. Desse er det eg vil omtala som favorittar, personelge sådan. Dei er alle tekne på solskinsøya. Favorittane frå landet med blå værmelding får eg ta neste gong.

lørdag, februar 11, 2006

To ting, eg vil berre seia to ting

Eg brukar brorparten av tida mi på lesesalen. Der skjer det ikkje særleg mykje, men det er to ting eg kunne tenkje meg å neme.

Lukt. Eg er vár for lukt. Det straffar seg på lese salen. Det kan verkeleg øydeleggje dersom ein er inne i ei flytsone. Eg hatar når folk ikkje luftar hyblane sine. Oftast gjeld dette mannfolk. I det dei entrar salen kjennar eg eimen av dei. Eg mistar konsentrasjonen. Det er ikkje direkte delikat å kjenne at han som sit fire plassar til høgre hadde grandiosa i går kveld, medan han på plassen føre deg hadde indisk. Det er lang i frå delikat. No er det ikkje berre mannfolk som luktar. Det er og kvinner som legg sjela si i å formidle kva dei hadde til middag sist. Det er no likevel ikkje så ofte det skjer. Det som skjer relativt ofte er at eg kjenner ei anna lukt. Eg har lært meg at dette skal være godlukt, og eg kjenner godlukta lett igjen, sjølv om eg ikkje kan seie det er særleg godt. Det hendar eg vert uvel. Eg kan ikkje for det, men det blir berre for mykje av det gode. Det hendar eg undrar med på om dei har dusja i sakene, eller om dei har eit særs annleis vaskemiddel. Eg mistar konsentrasjonen. Igjen. Rått.

Lydar. Det er eg og vár for. Hendelse. Tidenes mest irriterande lyd oppelving inntraff for eit par dagar sidan. Eg sat og sleit med utviklingspsykologien. Det var ganske så fullt, så vedkommande såg seg nødt til å setje seg ned på plassen ved sida av meg. Eg registrerte kjapt at han hadde med seg nøtter. Pistasjnøtter, for å være meir presis. Kven vil vel ikkje ha med seg noko god på lesesalen? Han stappa proppar i øyrene for å ikkje bli forstyrra i lesinga, eller studiene om du vil. Det viste seg at pistasjnøttene låg i ein liten sprø plast pose. Det hadde vore menge nøtter i den, men det var ikkje så mange i den no. Det var mest skal. Som ei følgje av dette brukte vedkommande lengre tid på å leite fram nøtteskal med noko i blandt alt skalet. I posen føregjekk dette. Rått. Å rått. Var jo rått. Det knirka og kasa i eit bankande kjør. Han hadde ikkje før sått svelg ei nøtt før han var på 'an igjen. Etter tre minuttar (noko som kjendes som ei lita evigheit), snudde eg meg mot han og, i all min desperasjon, laga tidenes grimase og strakte ut armana samstundes som eg heiste oppskulderene. Han tok hintet. Godt var det.

søndag, februar 05, 2006

Vita tompoko

Etter 12 straffer kvar gjekk Kamerum på ein smell i går. Samuel Eto'o hadde laga mål på si første straffe. Då ingen andre heller bomma, skulle han ta straffe 12 for Kamerun. Det gjekk langt over. Droga tok sitt andre for kvelden, Elfenbenskysten sitt tolve, og sette det iskaldt i mål. Han feira på sedvanlig vis. (Veltrena fyr). Fortvilelesen var stor i stua. Lite vart sakt, mykje vart tenkt. Heite. Kveit. Humle. Bumle.

Dette måtte eigentleg berre skje. Heile dagen hadde varsla om det. Då eg skulle kle på med kikka eg ut or vindauge og registrerte (til mi store overrasking og letting) opphald. Eg hadde ikkje før fått i meg frukosten før eg såg regnet. Heite. Nei vent, ikkje regn, men snø. Rått. Vind var det òg. Avgårde kåre for å lesa. Der var det tydelegvis eit par som nett hadde funne tonene. Med jamne mellomrom kviskra og fnisa meg langt ut or biologipensum, og langt inn i irritasjonens verd, eg grensa faktisk til vannvidda. Då det var gjort gjekk eg ut. Hendelse. Møkk. Der var sykkelen borte. Artig. For anledninga hadde eg kledt på meg litt mindre klede slik at eg ikkje skulle perspirere så avsindig medan eg sykla. No som sykkelen var borte var det kun kaldt. Huff. Eg tok bussen til Landås og fekk sett kampen. Eg skulle ta bussen heim og. Misslukka. Det heile endte med at eg traska heim. Ein solid mil! Blir oppgitt.

Me ser. Møkk. Må melde sykkelen rana.