tirsdag, mai 29, 2007

Lenge leve den vestlege pressa

Det er mindre enn 24 timar til eksamen, men eg måtte blogge. Madeleine-saka har dei fleste høyrt om, den britiske jenta som foreldra ikkje kan finne. Etter eit kjapt søk i VGNett fann eg den føste artikkelen om henne 04.05.07. Etter det har saken hennar blitt omtala i meida stort sett kvar dag. Fotballstjerner har innvolvert seg og no skal foreldrene hennar besøke Paven. For all del, det er synd på Madeleine, men eg kalarar ikkje å ikkje blir ein smule provosert over media sitt fokus.



Det kjem vel neppe som ei bombe at eg tenkjer på Afrika, og ting som skjer i dette store landet med mange svarte mennesker. 26. mai gjekk 10 til 12 menn med opprinnelse i den ekstreme Hutumilitsen frå Rwandamassakren til angrep på to landsbyar i sør Kivu provinsen, i den Demokratiske republikken Kongo. Dei tok livet av minst 18, ved hjelp av knivar og andre våpen, samstundes som dei skada 27 andre. Blandt desse var det og fleire kvinner og born. I det same angrepet vart omlag 18 stk bortførte. Visste du om dette? Har det stått i VG?



Er alle menneske like mykje verdt? Er ei britisk jente meir relevant for nordmenn enn 60-70 stakkarslege negrar?

søndag, mai 20, 2007

Vas og tull

Er blitt kjent med ein kar i frå Vik i Sogn i det siste. Han fortalde meg om "grevinneslengjen". Det er fettet eldre damer har rundt triseps. Eit unikt uttrykk. Fantastisk.

Skal du understreke at du kjem fort vil eg anbefale å nytte dette uttrykket: "Eg kjem like fort som ei floge kjem til ein varm skit".

torsdag, mai 17, 2007

Lenge leve Kongen!

Hurra for 17. mai. Dagens nøtt er:

Kva er det einaste landet i Afrika som har spansk som offesielt språk?

torsdag, mai 10, 2007

Normar

No er det igjen eksamens tid og innlegg relatert til det kjem ikkje som ei overrasking. Eg lar meg fasinere av normane på salen, og særleg brudd av desse. No, for tre min sida, skjedde dette (nei, eg er ikkje i eit kjempe lesemodus); plutseleg ut i frå det blå ytrar ein austlending med klår røyst: "Skal du trykke tastane gjennom tastaturet? " medan han ser på ein forskremt fyrsteårsstudent. Han snur seg så rund i salen og fortset; "jeg vet ikke hvordan det er med dere, men...". Vidare snur seg tilbake og kjem med ei siste ytring; "jaja, kjør på for min del".

Han må jo kritiserast. Eg forheld personen anonym, og forsvarar min kritikk av han med det. For det første. Ein skal jo ikkje tale høgt på lesesalen. Aldri. Skal ein først klager er nonverbale sanksjonar første steg. Blikk, sukk, stirr eller ein tydeleg grimse. Den siste formen for klaging har eg sjølv nytta meg av, og det funkar. Funkar det derimot ikkje er verbal kommunikasjon på kviskrenivå neste steg. Så er det slutt. Då er det berre å bite det i seg. Å konfrontere nokon med at dei raslar med papira eller lukter pizza når ein treff dei er på gangen blir for dumt. Det går ikkje.

Men; tilbake til normbrotet. Blir frustrasjonen stor nok kan eg forstå det. Eg har sjølv måtte ta med ein ufrivillig pause grunna vas i frå sidemannen. Men å seie det høgt; nei det er ubegripeleg. Hadde no ytringa no berre vore fornuftig, noko å rette seg etter! Men neida! Å avslutte eit klage utbrot, som jo i utgangspunktet er radikalt dumt, med å seie "jaja, bare kjør på for min del", blir beint fram meiningslaust. Håplaust. Ikkje er han førestårsstudent heller.

Hald kjeft og sett deg ned. Kjenner er hamrara litt ekstra på tastaturet no, i protest.

Lenge leve sosiale antennar!