fredag, mars 23, 2007

Konge takling...

Dette er årsaka til at afrikansk fotball ofte er artig å sjå på. Legg merkje ved at skotuppen er heilt på nivå med albogen! Og foten minst 40 cm frå ballen. Ei klassisk soks!

mandag, mars 19, 2007

Som to dråpar...

Mitovitovy kosa izi m'tsam 'a! Sa ahoana Medel?

lørdag, mars 10, 2007

Blei tikka, tikka vidare.

Bøsse, det svinet, tikka meg. Eg har aldri vore rask, så eg klarde ei å stikke av.

Reglar:

Kvar spelar startar med å skrive seks underlege ting om seg sjølv. Bloggarar som blir “tekne” må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg, samstundes som reglane for spelet blir klarlagt. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som “har den”, og skriv opp namna deira. Etter det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vite at de har blitt “tekne”, og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

6 underlege ting ved 15. Johannessen

1. Eg tykkjer denne leiken er fantastisk.

2. Fingerneglene som sit på den høgrehanda (sett bort i frå litlefingeren) er betrakteleg lengre enn dei som er på venstre.

3. Eg har alle CD'ane Bob Marley har gitt ut.

4. Eg stemmer for å kunne rape og fise kva tid ein vil i eins eige hus.

5. Nett no klør eg på høgre lår.

6. Eg kunne eigentleg tenkjer meg å reise verda rundt og loffe, men vel i staden å leggje dei neste 5 åra av livet mitt til den grå og triste byen Bergen.

Då får eg tikke vidare. Det er jo stress i og med at min omgangskrins er svært begrensa. Eg tek somme som eg kjenner og andre som eg ei veit kven er. Desse er: Erlend Bjerkestut, Geggi, Målbu, Erlend Rørvik og til sist Maria!

Etiketter: ,

lørdag, mars 03, 2007

Pat Metheny

Pat Metheny har gitt ut musikk sidan 70-talet. Jamt og trutt. Det har resultert i fleire flotte CDar, og eit enormt antal sangar. Så mange at han faktisk har ein eigen radiokanal hjå iTunes. Det er flott. Berre gå inn på radio lenkja på iTunes og trykk på jazz. Der kjem den opp. Trykk så på Pat. Det er flott. Og godt.

Lenge leve Pat og Ibanez'en hans.



Forresten er det ein del andre artige radio kanalar der og.