onsdag, mai 25, 2005

Jack Johnson

Som tidlegare nemt fekk eg to CDar av Jack Johnson. Faktisk ikkje meir enn 209kr var prisen for begge med porto. Fint.

Platene er ”On And On” (”På og På” evt, ”Vidare og Vidare”) frå 2003, og “In Between Dreams” (”Mellom Draumar”) frå 2005. Eg bestillte dei etter tips frå tusse, tussleik, tussanlull, baretull, og studenten-som-verken-les-eller-meldar-seg-opp-til-eksamen-men-likevel-kallar-seg-student. Begge er 100% Jack Johnson stil. Denne stilen er ikkje heilt lett å setje på genre kartet. Kallar ein det for ”akustisk rock”, er ein inne på noko. I same andedrettet kan ein og seie ”singer/songwriter”. Ikkje langt borte er ”Robert Nesta” og ”reggae” heller. Musikken er utruleg avslappa og så fort eg trykkjer på play kjenner eg eksotiske lukter, og temeraturen i stua stig. Eg vart rett og slett bli. Er eg i rette hjørne må eg moglegens kjempe med ei lita tåre. For ein musikk. Jack klarar å få fram dei ”positive vibrasjonane” frå reggaen utan at den stundom irriterande ”kåchonk, kochånk” rytmegitaren. No har eg berre høyrt begge platene ein gong, men favorittane er ikkje vanskelege å identifisere.Taylor frå den første plata er veldig bra, frå Mellom Draumar vil eg framheve ”Sitting, Waiting, Wishing” (”Sitte, vente, ønskje”) og Banana Panckakes (Bananpannekaker”). No kan eg gå sumaren trygt i møte (hendelse den let vente på seg), for sumarmusikken er i boks! Dette kan det ikkje bli dårlege grillselskap av!

5 Kommentarar:

Blogger Marge said...

Jack Johnson e sjef! Eg må få heim ei plada elle to eg og, anbefale du nogen meir enn andre?

28 mai, 2005 01:26  
Blogger 15. Johannessen said...

Den siste plata er den muntraste, og den likar eg best. Det er den som er mest reggae prega. Den er faktisk konge. I går skynda eg meg med å ete middag, berre for høyre på CD'en!

28 mai, 2005 15:01  
Anonymous Anonym said...

209 kr!!!!!!!

03 juni, 2005 20:30  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
[url=http://zeahdhde.com/dkyx/pwvq.html]My homepage[/url] | [url=http://pbsjevop.com/jvza/xnln.html]Cool site[/url]

14 november, 2006 21:18  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://zeahdhde.com/dkyx/pwvq.html | http://lbdzdsgh.com/wmng/myrx.html

14 november, 2006 21:18  

Legg inn en kommentar

<< Home