fredag, april 29, 2005

Alt for Klebe SK

I går var eg på trening med Klebe på Økstnevad banen. Graset var tørt, svært så tørt. Eg kasta med inn i eit desperat taklingsforsøk. Skrubb/brann sår om lag som to tjuekroningar. Tre timar svevn i natt.

Dette var foranledninga. På skulen i dag sleit eg. Både bokser og bukse klistra seg i såret. I min desperasjon sende eg ein SMS til mitt store førebilet. Han studerar som kejnt medisin i Oslo og sjekker jenter. Han føre slo først at eg skulle sove naken, for å få såret til å tørke. Like vel måtte eg belaga meg på eit par netter utan svev. Ok, dette forslaget var litt på kanten, men eg tenkte at dette treng eg jo ikkje gjer.

Ein time seinare får eg ein ny SMS: "Eg har ein utprøvd teori om at libresse funke bra i og med at det sug opp veske betre enn plaster. Du må berre prøva det". For eit forslag! Han er rett nok mitt store førebilete men dette er for drygt!

Manajary dag 2

14/10

Opp kl 07.30 tin ein fin frukost. Så var det ut til ein plantasje. Der hadde dei vanilje, pepar, koreander, kanel, ingefær samt noko anna dill som eg ikkje hugsar. På plantasjen var det eit luksus hotell: 400 000 pr. natt (om lag 300 kroner, kanskje litt meir). Plassen var jo prest. (Låg ikkje langt i frå Pangalana kanalen ,ein kunstig kannal som går langs store delar av aust kysten. Hotllet hadde fantastisk utsikt, eit genialt badebasseng og eit genialt utgangspunkt for alle formar for ekskursjona ).

Etter det var det plasking i bølgene før vi drog til Laila og Rivo. Der spiste vi fary (sukkerrøyr), voamanga (søtpotet), og ei anna god fruk som eg ei kan hugse namnet på. Fekk sendt ein mail i frå PC’en deira. (Dette var bort i mot ein uendeleg prosess. Maskina greide aldri å koble sogg opp på nettet, og då den først gjorde det tok set eit kvarter å få sendt ein enkel mail…)

Til kvelds var det det beste eg har smakt til no. Reker i ein eller annan form for karry (med ein touch ingefær)! Fantastisk prest! I godt humør etter den antastiske reka bestillte eg flamberte bananer til dessert, rimeleg godt!

Fekk eller vite ein del om turen på Pangalana kanalen. Alt i alt var det ser det ut til å vera mogleg å gjennomføra turen på to veker. Men time will som kjent show… (planane var å reise langs heile aust kysten i lakana (kano) på kanalen i juleferien, men det skar seg. Bittert.)

torsdag, april 28, 2005

Til Eirik B

Eg tala med deg om ein fotograf som tok heilt utrulege bilete i svart kvitt. Eg gav deg eit nanm, men veit ei om du hugsa det,ei heller om du fant noko. Her er ein link til nokre av bileta hans. Kos deg med dei. Til de andre som evt vil sjå bileta til Pierrot Men, er det berre til å ta ein titt.

Ta dette som eit døme på bileta hans. Ventar på løyve til å leggje bilete ut her, så de får nøye dykk med ein link enn så lenge.

Manajary dag 1

13/10

Opp 06.30 for å kjøpe brød i Ranomafana, 6 km frå hotellet. Vi fann null brød! Var førespegla ein tur på 7 timar og dårleg veg. Vegen var god og det tok 4,5 timar, og det inkludert ein laaaang pause!

Då vi kom fram var det inn på eit litt finare hotely (gasserane sin ”resturant”, meget enkle servering. Kjempe haug med ris og ein form for kjøt og saus i frå kl 11.30 til rundt 13.30, fordi då er maten varm og klar for servering. Pris: rundt fire kroner). Hotely fordi me skulle få maten fort. Ein time seinare fekk vi ei kinesisk suppe (grunnen var at innehaver var av kinesisk avstamming) utan smak. Blei i alle fall mett. På nabobordet tok kattane seg av restane (som framleis stod på bordet).

Etter å ha sett på hotellet som var heilt prest køyrde Henrik og meg til Laila og Rivo. Der fekk vi vite opplegget for resten av opphaldet.

Kven er kven? Henrik S. Grydeland, gift med Merete, Lyn-fanatikar, 50% lærar, moromann og far til fire. Laila: reiste ut som einsleg misjonærkvinne, skulle ikkje gifte seg med ein gasser. Er no gift med Rivo og har tre born, jobb med evangelisering i Mananjary området då vi var der. Er i dag i Antsirabe.

Då vi kom tilbake til hotellet var det strandfotball. Festeleg å spele på sand. Plutseleg fekk eg vondt i magen og svett og fæl satte eg meg ned. Doen hade ikje doring, og porselen mot svett bakende, ja det er glatt det! Heldigvis datt eg ikkje nedi. Gjekk å bada i sjøen etter på. Kvelden vart avslutta med pizza (som var heilt ok) og prat. Reising går heilt til hovudet på meg… (snakka ikkje om så mykje anna enn det på denne turen. Planla og drøymde om framtidige ekspidisjonar)

tirsdag, april 26, 2005

SLEPP NYNORSKEN TIL, FOR HENDELSE!

Skriv under mot nynorskforbodet i VG og Dagbladet. Gå til
www.sleppnynorskentilforhendelse.no

Nynorskbrukarane utgjer ei stor, og særs viktig gruppe i landet vårt, og det er uhyre viktig at desse lesarane vert tatt på skikkeleg alvor. Tida er overmoden og vel så det for å sleppe til nynorsken. Så det så!

mandag, april 25, 2005

Mada 2004/2004: Leirskule til Manajary!

12/10: Abe – Ranomafana

Opp 07.05. Bort på Helena (Ein kafee eg pleide å gå til dersom eg ikkje hadde mat i huset, noko eg aldri hadde) for å kjøpe frukost, bom tur. Enda opp med å gå heilt ned til Boulangerie 54 ned ved tsena kely (også kjent som litle torget, torget som var nærast med og mitt hus). Til avreise hadde tre av fire Hald jenter møtt opp (elevar i frå Hald internasjonale senter i Mandal. Er ute ca eit halvt år på team tur. Desse underviste i engelsk). Voldsomme greier med klemming og alt. Då alt dette var unnagjort var kloka mellom 0800 0830 (Beklager alle desse klokkesletta, men det er slik eg har notert…)

Det blei ein lang kjøyretur utan vidare pausar. Høgdepungtet var då eg kjøyrde i ca 45 min på den aller dårlegaste biten av vegen(vegen var så dårleg at eg holdt med i andre gir og det gjekk ca 10-20 km/t) og 15 min på asfalt. Det var ein del stress, men likevel rimeleg PREST! (Uttrykk eg ville innføre istaden for å seie ”sjef” eller ”konge”. Eg tykkjer ”prest” er mykje betre!)

Å kjøyre Toyota Lndcruiser er ikkje ein spøk. Dei er gode når vegen er så dårleg at maks fart er 20km/t, men skal du ha dei i 60 eller meir er dei, samanlikna med norkse bilar, håplause på vegen. Og så bråkar dei voldsomt.



Då vi kom fram lempa vi bagasjen inn på ”Tropic Village”. Så bar det ut i regnskogen for å sjå på dyr. Sjelden… (at vi skulle sjå på dyr…) Gjekk i 20 min (i Ranomafana nasjonalpark) og fekk sjå tre sortar : fosa (liknar ein litt stor katt), ”red belly” lemur og ein liten musemaki. Tok litt bilete (diverre papirbilete). Litt betre uttelling enn i Isalo.

Kveldsen fortener eit eige avsnitt. Vi bestillte mat klokka fem og sa at vi skulle ha den i åtte tida. Kl ni fekk vi dei fyrste kalde grillspyda. Prest. Ja, ja, grillspyd er å ta hardt i. Ein litt luksus utgave av maskitaen (små grillspyd ein får kjøpt på gata i skumringa) i Abe er vel heller det rette. Då vi då hadde kjøtet var det å vente på ris og ”pomes frites”. Snakke meg om service! Men ein ting skal han (sevitøset) ha. Uoppfordra fekk vi 30% rabatt på kveldsen! Ikkje noko eg hadde venta. (Dette av erfaring. Denne episoden er den einaste ogngen eg kan kome på at eg nokon gong har fått rabatt på Mada. Dei ville aldri innrømma feil!! Irriterande)

Så var det romma då. Måtte sove i dobbelt seng med Hassan (Hans Chr. Küspert). Får meg jo til å tenkje på London turen og BK (Var i london i påska 2003, og har enda trumer av å ha delt send med Terje S). Rommet låg rett over kjøkkenet. Det var varmt lukta steikeos og det var utruleg lytt! (Grunnen til dette var at det var omlag 2mm mellom kvar planke i golvet. Viss eg ville kunne eg ha kikka rett ned på kjøkkenet.) Det siste førte til at vi forsøkte sovne til lyden av kokkane som spiste restane av vår mat, og ein katt som og ville vera med i gildet. Heilt OK.

fredag, april 22, 2005

Elektrolått

Å snakka, eller "chatte" som enkelte kallar det, via ulike program på verdsveven er ei underleg oppleving. Det er fleire interesante spørsmål å skrive om, men det som er det mest fascinerade synest eg, er det eg vel å kalle for elektrolåtten.

Elektrolåtten vil eg definere som eit forsøk på å uttrykkje at ein synest noko er morosamt via tastaturet. Forsøka på å uttrykkje dette har fleire annlete. Døme: haha, hehe, hihi, hoho, hæhæ, håhå, huhu, høhø, fleire kom eg ikkje på. Som du ser er alle desse ganske like, berre nyansar i forskjell. Likvel er desse nyansanen uhyre viktige. Tolkar ein desse feil kan det få fatale følger. Eg har vanskeleg for å forholda meg til desse. Det er aldri greit å vite om personen på andresida ler med deg, av deg, er ironisk eller berre reagerar slik som ein er forplikta til. For å gjere det heile enda verre er det nokon som med ujamne mellomrom brukar store bokstavar, gjenntek uttrykket fleire gonger o.s.b.

Det er ikkje berre det å forstå kva folk mener som er problemet. Eit like stort problem er for meg å formidle mine reaksjonar. I vankunna sitt fullstendige kaos har eg berre gitt opp elektrolåtten. Det er mogleg at folk ikkje synest det er å kjekt i chatte meg med på nettet då eg i reglen helst vil bruke "eg ler" i staden for haha, eller hehe.

Når sant skal seiast er det jo i seinare tid blitt lettare med alle animasjonane, men framleis er det mange som tyr til den opprinnelege elektrolåtten.

torsdag, april 21, 2005

Sitat

Då er gjekk i tredje klasse på Bryne vgs hadde eg ei bok eg skreiv ned alle lekser, planar og jobbing i. Utan på var det eit bilete av ei "usømeleg" kledd jente. Eg lata som om eg hata dette og reiv bort bilete. Tilbake sat eg med ein kvit framside. Det var då ideen om sitat var unnfanga. Eg henta dei i alt i frå dikt, kommentarar frå medelevar, sangar, gullkorn frå lærerane, ja stort sett over alt.

Her er eit utval av dei eg syntes var best. Ikkje best grunna det som blir sagt, men for måten det blir sagt på.

"Think you're in heaven, but you're livin' in hell"
- Robert Nesta Marley

-Fekk meg til å tenke nye tankar om himmelen. Vi har det jo så flott her vi er no, berre tenk på korleis det blir dersom billeten er gyldig!

"You are the air inside my chest"
-Paul Simon

- Ein kreatvi måte å uttrykkje sin kjærleik på

"What I want i s what I've not got. What I need is all around me!"
-Dave Matthews

- Treffande skildring av Vesten i dag.

Dette var tre glitrande sitat. For ta meir ein annan gong.

tirsdag, april 19, 2005

Fasit på god mann, del ein


Børge "Buggas Tha Gelmaster aka Buster" Finnbakk

mandag, april 18, 2005

Hytte tur med "gruppa"

På lørdag rett etter Bryne slo Alta 3-1, møttes vi på Shell og satte snuten sørover. Målet: Ei eller anna hytte sør for Bryne. Kvifor: Lufte ein gjeng galne gutar. Galne gutar: Odd Erling, Buggas, Kensington, Jalle et Moi. Galen gut som var med oss i våre tankar: Odd Ivar (han med den spisse tunga)

Det var ein fin tur. Kort, under eit døgn, men fin. Mykje "lått og løye", fantastisk mat og litt snop.

Nøyar meg med ei av dei mange festelege situsajonane. Ein kan godt seie at vi var på konf. weekend. Alle typane var der. Dei rolege som ikkje gjer noko gale, den unge umodne som tullar og vasar og leiaren som knapt nok er ferdig konfirmert sjølv.

Det heile byrja med at den veslevoksne leiaren sa at han var trøytt. Han labba opp mot loftet. Dei andre kikka undrande på han, men følgde hans eksempel, dog noko motvilleg. I utgongspunktet skulle vi sove på to rom. Då leiare fann dette litt ubehageleg var det heller å foreslå at alle skulle kome seg inn på eit og same rom. Greit. Eg venta at det no skulle bli ro og at eg snart skulle vera ute på dei store djup.

Lyset har ikkje før gått av for leiaren seiar. "Tei still, eg skal plystre!" Vi fekk i oppgåve å gjette kva sang det dreide seg om. Ingen hadde peiling. Han plystra igjen, særdeles nydeleg. Ingen ana kva det var. Sjokkert over vår vankunne måtte leiaren avsløre gåta sjøl. "Ein fantastisk TV serie som gjekk på NRK på midten av 90 talet!". Han allereie gløymt kva det var. Dette var nivået, og verre skulle det bli. Ikkje lenge etter klemte eldste mann i med to vers og eitt refreng av den legendariske sangen "Under brua". Deretter var det litt opera frå yngsteguten, så det dirra i veggane. Opreraen hadde ikkje før stillna hen, før D.D.E. jalla frå den eine køya. Ut av intet, og utan førvarsel, song no denne sangglade herre ut ein herleg historie om ein som var så glad i setemusklane hans. Utruleg.

For ein tur, for ein gjeng.

fredag, april 15, 2005

D'Gary konsert (!)

D’Gary er en fantastisk trollmann på gitar, en monster-gitarist!
- David Lindley

Det er både skremmende og fascinerende å høre på D’Gary. Det lette anslaget og den særegne teknikken gir musikken hans en mystisk stemning.
- Knut Reiersrud

Dette var det eg las på internett om denne fyren. Eg kjende til han i frå nokre CD'ar, men at omverda syntes dette om han var kjekt. Ikkje rart at forventningane var store før gårsdagens konsert. Eg visste at musikke han spelar er spesiell så eg brukte litt tid på å "høyra" meg inn på rett spor.

Han der opp sørga for at ramma rundt konserten var slik at eg utruleg nok kunne vera der og høyra på heile konserten.

Og for ein konsert! Kan knapt beskrivast med ord. Heilt rått. Eg plar alltid sjå kva gitar artisten spelar på etter ti sekund. Eg prøvde å få det med meg dei første fem sekunda, men så byrja han å spele. Då var den tanken som blåst ut ov hovudet mitt. Han hadde visst tatt i ein gitar før ja. Han har utvikla ein eigen stil som han kaller "gofo". Gitarspelinga hans er det ingen i heile verda som kan etterligne. På høgrehanda er det berre tommel og peikefingen som jobbar. Det blir rytmisk, fengande og melodiøst. I går hadde han med seg ei som sang og dansa, og ein på div rytmeinstrumenter. Dama hadde ei trollsk røyst, vanvittig stilig, særleg på dei rolege partia. Dansen såg ikkje så imponerande ut før det blei bemerka at ho haldt ein rytme med beina og ein annan med overkroppen og armane! Mannen på rytmeinstrumenta må vera henta frå ein annan planet. At han haddde kontroll på alt han gjorde fattar ikkje eg.


Ariv foto: D'Gary

Saman gjorde dei ein svært stilig konsert! Midt i konserten gjekk det litt over hovudet på meg. Då var D'Gary heilt i hundre og det blei litt lite variasjon. Det må vera det einaste negative.

Etter konserten kom eg backstage. OK, ikkje så imponerande, for der var det litt mangen folk. Eg fekk no i alle fall takka han for ein flott konsert og så fekk eg autografen (litt flaut, han skreiv til alle som stod der).

Kjekke musikk opplevingar kan ein dele i to. De der ein kjem heim og spele lysta er på topp. Ein set seg ned meg gitaren i fanget, draumar seg bort, tida flyg og alt er kjekt. Den andre sorten er den der ein kjem heil spele yr som få, seg seg ned tar ein C, sukkar oppgitt og tenkjer "Eg er skremmande svak til dette. Alt er håplaust. Brenne denne greia godt?) Denne opplevinga havnar definitivt i den siste kategorien.

onsdag, april 13, 2005

"Kva skal du gjere til neste år?"

Heite kveite. Kor mange gonger får ein ikkje det spørsmålet. Ofte spør folk fleire gonger og. Trur det er siste utveg når det gjeld samtaleemne for min del. Eg plar hugse kva folk skal etter å ha spurt dei ein gong. Dersom eg ikkje hugser det så gjorde det truleg ikkje inntrykk på meg, eller så brydde eg meg fint lite då eg spurde. Kven kjenner seg vel ikkje igjen i det? Stiller spørsmål ein er programforplikta til, som ein eignetleg ikkje er så voldsomt interessert i svaret på. Jaja, neste år: I og med at eg er som ungdommar flest veit eg at eg sikkert må svare på kva eg skal gjere til neste år uendeleg mange gonger. For å redusere antalet gonger frå uendeleg- til abnormt mange gonger, legg eg ut lista eg fekk frå Samordnaopptak:

DINE STUDIEØNSKER FOR 2005-OPPTAKET I PRIORITERT REKKEFØLGE

PRI KODE STED STUDIUM
--- ------ ---- -------------------
1. 184752 UiB Psykologi
2. 185752 UiO Psykologi, årsenhet
3. 184461 UiB Midtøstenkunnskap
4. 184880 UiB Sosiologi
5. 184910 UiB Religionsvitenskap
6. 223454 HVO Journalistutdanning

Fortolking (for det er heilt sikkert folk (som søkjer sjølv, men) som likevel ikkje greier å forstå dette):

1. Eg vil studera psykologi.
1. Eg vil til Bergen (UiB står for universitetet i Bergen).
2. Eg vil framleis studera psykologi, framleis helst i Bergen, men går det ikkje så tek eg til Oslo. Litt ulogisk, av di krava i reglen er høgare i Oslo enn i Bergen.
3. Javel, eg er håplaus, psykologi kom eg ikkje inn på. Eg vil til Bergen. Eg studerar midtaustenkunne (slik at eg kan få bort dei tankane (somme (traktortullingar) ville kalla det "fordommar") som gjorde at eg eigentleg hadde tenkt å skrive "Ali-Muhammadkunne").
4. Sjitt, eg får ingengting til. Eg tek sosiologi, for det gjer Jon Arne og han skrøytar.
5. Eg er jo religiøs. Kva med å finne ut kva det eignetleg er.
6. Det må vera ein vits. Av alt eg søkjer på er det dette studiet som har høgast oppptakskrav. Restetorget neste...

Vart no freista til å vidare utvilke tanken om samtalar ein eigentleg drit ein lang i, men eg lar det vera.

Eg hatar lister. Men mitt førebilete lagar mange lister, så då gjer eg det og.

søndag, april 10, 2005

Beach sesongen 2005 er i gang!

Ja du las rett! I dag har eg gjennomflør den første, av forhåpentligvis mange, økta med beachvolley. Det skjedde i hagen hjå Anne Rut "Tuttå" Kjøllesdal, i lag med Lars "Kjell" Tjelle og Martin "Rastaroom" Tjelle, Kjells yngre bror.


Tuttå og 15. Johannessen smadra Kjell og Rastaroom i den første kampen

Det var lett åmerke at dette var den første økta for oss alle. Sjølv med sokker, langbukse og genser beit kulda. Kjekt var det no for det! Gler meg til resten av dene sesongen! Har sett av heile sumaren til jobbing og volley så vil du spela er eg råklar!

fredag, april 08, 2005

H

H er yndlings bokstaven min. Den har ein slik fin form, er lett å uttala og kan brukast til så mangt. Eg kan bruka den til å kjefte på folk, skjlle ut, skryta, rose, hate, vise omsorg, støtte, få gode karakterar, filosofere, forstå, nyte, uttrykke. Lista er uendeleg lang. Er det rart H er favoritten?

Men det som verkeleg gjer at eg liker den så god er alt den førar med seg. Økt livsnyting, uendeleg mykje betre humør, overskot, stor auke i moglege alktivitetar, iregelen ferie, grilling, beach-volley, fotball på gras, shorts, t-skjorte, strand, kjekke og ivrige jenter, brune sådan, utekveldar, lange nette. Som lista ovanfor er dette berre litt av det H førar med seg. Er det rart det er denne bokstaven som skil seg ut blandt dei 29?

Det rake motstykke er L. Eg hatar L. L er ubrukeleg. Stygg å sjå til. Kantete og estetisk lite fin. Den er vanskeleg å uttala og mange blandr den med R medan dei er små. Huff, eg får frysningar på ryggen av L. Den har stort sett berre negative kvalitetar. Så negative at eg ikkje ynskjer å nemne dei ein gong. Undrar du deg likevel kvifor eg hatar L?

I og med den er rake motsetninga til H er det alt den tar med seg som er det mest grusomme. Livsnyting på eit minimum, slapt og udefinerbart humør, underskot på det meste, antall aktivitetar begransar seg til antall skjermar i heimen, fiskekaker, kondistrening i Sandtangen, stilongs, tjukke sokkar, t-skjorte under fire andre plagg, ei forblåst og bort i mot gudsforlatt strand, inneslutta og mindre aktive jenter, bleike sådan, innestngte kvledar, uendeleg mange folk klemt inn i eit hus, det er særs god luft i huset, forsvinnane korte dagar, ubegripeleg mengdar meg nedbør, kulde utan like. Hadde berre lista stoppa der. Kvifor? Finnst dei ei meining?

Eg tykkjer om H.

torsdag, april 07, 2005

Afrikanske religionar

Ei dame står i ei hole og triksar,
med ei heksegryte og miksar;
Rotteøyre, grashoppe-lår,
og magen av ein skorpion,
det er kanskje det du forbinn med afrikansk religion?!?

Men lat meg opplysa deg,
afrikanarane har kome langt på veg.
Katilisisme, dei tilber Maria møy,
somme har frolengst bendt dukkene av høy.
Ikkje slik som i India,der du kan døy
dersom du fornærmar ein mann i orange tøy.


Dette framførte eg som eit ledd i ei framføring Bøsse og eg hadde på ungsomsskulen. Vi hadde om religion i afrika. Vi sang til og med. Smiska jo eindel.

mandag, april 04, 2005

Heim frå Ihosy

21/9

Møtte opp kl 09.30 på flyplassen (det er ein langt stykke med hard trampa rød jord, ei rimeleg bra landingsstripe. Det er kun eit hus der og det er berre ope når det kjem fly. Til Ihosy er det berre misjonen som flyg, så det er ikkje så ofte ”kontoret” er ope ). Venta i to timar, berre for å få vite at flyet gjekk i frå Toliara, kl 1200! 13.35 var det tilbake til flyplassen igjen. Venta nok ein time før flyet kom. Om lag 1600 var vi i Abe Der blei vi henta av Linda (Bårdsen, sjefen min). Flyet bråka brutalt mykje, og pipinga i øyrene blei verre.

Det var alltid kjekt å reise og oppleve andre sider av landet. Livevel var det og alltid kjekt å kome tilbake til Abe, kome heim.

søndag, april 03, 2005

Dagen i Isalo

20/9

Etter ei kald og lang natt, utan telt, sovepose eller nemneverdig med svevn, var det opp 05.00. Då gadd vi kkje liggje å vente på dagen lengre. Vi sa i frå til Mac Gyver som grynta at det var ”maraina lotra!” alt for tidleg! Han hadde og hatt det kald og fått minnimalt med svevn. Frukost var to gulerøtte. (Dette var krise for MacGyver då han hadde fått slått ut/mista 60% av tennene sine. Han fekk no i seg dese gulerøttene på eit vis og vi kom oss av gårde).

Første etappe var til ”Canyon de Maki”. Der var det fint. Fjell, vann og grønt. Så var det ei bestialsk stigning opp på ”platået”. Det var kjempe flott!

.
Eit lite utsnitt av utsikta som venta oss etter den brutale stigninga i morgon sola.

Der sveiv vi i 1-1,5 timar før vi kom fram til ein flott foss. Boksltavleg talt ubeskriveleg! Då var klokka 10.45 og det var lunsj.

(Ved fossen traff vi på ei anna gruppe kvite og deira guide. Mac Gyver var snar med å ta kontakt med sin kollega. Dei prata om laust og fast, fyrte opp ein sigarett, og kom for inn på emnet mat. Det kom fram at vi ikkje hadde ete så mykje i dag og begge rista litt oppgitt på hovudet og smilte. Eg nemde at vi jo hadde hatt mangahazo , på norsk omtala som manjok, til frukost. Mac Gyver hysja på meg. Han ville ikkje at kollegaen hans skulle få vite om det. Å seie at vi hadde mangahazo til frukost ville vera det same som å indirekte innrømma at han var fattig. Då ville han tape anlete (ein slitt uttrykk, men det får gå), noko som ikkje var yskjeleg.)

Så bar det vidare til to vatn, eit grønt, og eit svart. Igjen: ubeskriveleg.
Så var det å setje kursen mot Ranohira. Då var klokka 1300 og sola steikte! Fem km i solsteiken, utan ein einaste plass med skugge. Vaten og mat var vi tomme for. Sleit oss fram og kunne til slutt nyta ei velfortent ISKALD COLA! Faktisk blei det to liter på meg der og då…

Hans, alias Hassan; imponerte stort på denne turen. Sin unge alder til tross, knappe 14(!) år, holdt han følge heile turen og syta ikkje! Samstundes viste han seg som ein moden reisekamerat som det gjekk an å føre gode samtaler med og vitse med! Ein god gut!

Skulle liksom sjå apekattar på denne turen. Trur eg så tre grashopper og ien kameleon. Det næraste eg kom ein ape var vel guiden vår! (Dette er ikkje ein rasistisk vits, men snarare ei betraktning eg gjorde meg for å illustrere kor forsvinnande lite dyr vi såg.)

Vår kjære guide Mac Gyver fortener ei lita skildring. Han var ein artig skrue. Han gjekk og banna og steika stort sett heile turen. Då eg konfronterte han med det, berre lo han og sa at slik skulle ikkje utlendingar forstå! Han foralte at han spelte opp til dans i heimbyen sin, og lurte på om eg hadde eit annlegg til han! Han gav oss og ei innføring i reglane for hanekampar og fortalde at det blei satsa store summar i desse kanmapane. Heilt opp til 3 000 000, rundt ei halv årsløn! I ettertid har eg funne han avbilda i ein artikkel i eit fransk motorsykkelblad, i ein artikkel om Isalo…


Vår geniale guide: Mac Gyver (namnet hadde han fått fordi han hadde lært alt han kunne på eigahand, han hadde null utdanning. Som born var han gjetar.)

Kl 16.00 etter ein lang ventepause, kom Klaus og Sophie å henta oss. Vi kjørde over Hormbe i plask regn. Ganske spennande. Bremsene på bilen funka ikkje heilt. Hjalp ein bil som satt fast i gjørma.

Ellers svei eg nedre del av høgre legg. Bak. Slarv i smøring av maskineriet. (Leggen var heilt lilla, så brendt var den. Måtte til med kremar av ymse utval. Desse var det helsesøster Sonja som hadde.)

Alt i alt ein flott dag. Eg dreit til og med i friluft for fyrste gong på mangen år!

Paven er død

Som de alle sikkert veit så er Karol Wojtyla eller Pave Johannes Paul II død. Han døde laurdag 2. april 2005 kl 21.37. I denne annledning vil eg dele vidarefortelle ei historie som gjorde enormt inntrykk på meg.

Eg meiner at eg lenge vagt har kunna hugse at det var noko dramatisk som skjedde med paven då eg var yngre. Det fekk eg bekrefta i dag. Eg såg på TV (vilkårlig sådann, denne var på engelsk) og der viste dei ei "oppsummering" av paven sitt liv. Det som gjorde sterkt inntrykk på meg var delen der dei fortalde om mordforsøket (det dramatiske eg syntes å kunne hugse) på han. Ein tyrkisk ekstremist fekk løsna fire skot frå kloss hald, og paven seig om. Heldigvis ovelevde han dei harde skadene han blei påført.To å seinare besøkte Johannes Paul II mannen som hadde forsøkt å ta han av dage, ba for han og tilgav han! Heite kveite, det er imponerande!

Eg vil, og mange andre med meg, lysa fred over minnet åt Karol Wojtyla.

Dersom du vil lese meir om paven så har VG laga ein kort og grei biografi.