torsdag, august 25, 2005

Null internett

Eg har ikkje tilgang til internett i min nye heim i Bergen. Det er kun på skulen eg kan "nett'an" og der skal eg jo være seriøs.

Eg hatar forresten bakkar. Ikkje bakkar i ein tal, Asbjørn, men oppoverbakkar. Det er det for mykje av her. Laktat-verdiane i låra mine er til dagleg alt for høge, noko eg ikkej veit heilt korleis eg skal takle. Det får gå.

Reknar med å vera klar 09.09.05.

fredag, august 05, 2005

Naudsynt, ja særs naudsynt

Eg jobbar i kommunen, noko som betyr at eg har pausar, ein god del pausar. I ein av desse fortreffelege pausane samtala vi om drikking. Det kom fram at noko som vert kalla BU var svært sentralt i drikke opplæringa til folk på Ålgård. Eg for min del hadde aldri høyrt om denne/dette BU, og spurde (i rein undring) kva det var!Då svaret kom knakk eg saman. Det må vera det dummaste eg har høyrt! Noregs Bygdeungdommslag Å heite! "Vi bur i ei bygd vi lagar eit lag." "Igenting har til til felles, men lag må vi ha." Håplaust! Eg kan ikkje tenkje meg noko meir fånyttes! Eit lag for yngre folk på bygda. Ja, det var vel på sin plass, deter vel naudsynt; trass alt er bygdeungdommen ei særs utsatt gruppe... Nei. Dette kjem inn på topp 13 lista mi av det dummaste eg har høyrt. På bilete ser du forøvrig ei bygd.

torsdag, august 04, 2005

Livet mitt er endra


For ei veke sida kjøpte eg CM5. Eg har bevisst latt være å kjøpe dette lenge, av di eg ana at det var ein trussel mot alt. Alt som heitte sosialt samvær, konsentrasjon, skule og hygiene. Og det var det. Det er det siste eg tenkjer på før eg legg meg og det første som er i hovudet mitt i det eg opnar augo om morgonen. Det er magisk. Fantastisk.

Eg starta tre fire spel som eg sletta før eg kom i gang, det "bugga" litt og eg bare tapte. Så lasta eg ned ei fil som skulle rette opp feila og oppdatere spelarane. Og du kor kjekt det er no. Spelar med Lyon, er i andre sesongen og har utruleg nok fått fatt i Robinho. Den første sesongen enda eg på andre plass, bak PSG og Puleta som scora over 50 mål på dryge 30 kampar.

Sjølv om eg skal på jobb halv åtte dagen etter på er set sjeldan eg klarar å avslutte før klokka nærar seg eitt. I går kveld var ein slik kveld. Eg avslutta sesongen og sette i gang med spelar kjøp, det kjekkaste med heile spelet. Eg fekk plutseleg solid med pengar å handle, så eg surfa rundt og plukka meg ut godbitane. Eg anda opp med Menez, Carew, Simpliso, Serginho, Del Horno, Torres. Eg prøvar framleis å bli kvitt nokre av spelarane som er til overs etter sumar handelen, men det er ikkje mange som vil ha dei.

Dette er eit fantastisk spel, og no må eg avslutte for eg skal spele!! Det er så rått.

P.S.: Skal spel ei veke til, så skal eg brenne ut spelet med Lyon, og slette CM5 frå maskina. Dette er 100% naudsynt då eg veit at det vil gå ut over både studier og kameratar.