søndag, mai 01, 2005

Madala 2 vs Klebe

I morgon er det endeleg klar for seire start for oss i Klebe og. Eingentleg skulle vi ha spelt kamp sist madag men då klarte ikkje motstandare å stille lag.

I samband med morogondagens kamp kommenterte mor mi at det var byasar vi skulle spele mot. Eg kan vel ikkje si at blodpumpa gjekk i stå då eg høyrde det. Det er liksom ikkje så stas lenger. I mi tid i Bryne var kampane mot Viking og Vidar (kanskje til og med Ulf Sandnes) noko vi så fram til. Det var i desse kampane vi kunne springe til vi kasta opp. Kunne fint brekke eit bein eller to berre vi vann. Adrenalinet pumpa, og vi (i alle fall eg), gav ikkje ved dørene og og tråkka til det vi makta. Det er noko med Bryne Viking.

Noko heilt anna er det med Madla 2(ja det er faktisk 2. laget deira) mot Klebe. Grunnlaget for dei same kosntelasjonane bør jo være der. Bønder mot dei i frå byen. Likevel, kjenner eg ikkje på rivalkiseringa. Det kan jo ha noko med at vi er i 5. divisjon og blir omtala om "breddeidrett" eller mosjonistar, ikkje veit eg.

Det eg veit er at det var kjekt å kjenne at eg var klar for å ofre helsa for ein siger. Det gjer eg ikkje no lenger.

Litt surt, men uansett: Alt for Klebe!

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Steinar! Huske du når du blei utvist to min etter at me satte beinå på dansk jord. Det lønne seg!

Steinar! Du er den største råtassen som har vært på ein fotballbane nogen gong! SVIN!!!!

02 mai, 2005 11:44  
Blogger Marge said...

Ang. det såret ditt. Hadde det våre muligt, ut frå eit medisinsk synspunkt, at du la ut eit belede av det på bloggen din? Då e det lettare å hjelpa deg med problemet.

03 mai, 2005 00:19  
Blogger 15. Johannessen said...

Eg tenkte på det, men fann ut at det blir for sytete. Eg kan heller gjera det neste gong, det er heilt sikkert ikkje meir enn maks to veker til. Slå det garantert opp igjen.

03 mai, 2005 09:40  

Legg inn en kommentar

<< Home