tirsdag, mai 03, 2005

Siger på ein dårleg dag.

Klebe spela som kjent kamp mot Madla 2 i går. Entusiasmen var stor då det var første serie kamp og det atpåtil på gras. Skuffelsen var desto større då vi oppdaga at kampen skulle spelast på kunstgras.

På ein heller laber dag, der altfor mange sjansar blei brende, vann Klebe 2-1. Dette etter mål av Eddi og Aras. Det siste målet var ei perle av eit frispark. I frå 20-25 drog Aras til og sendte ballen i vinkelen. Det var krona på verke for Aras som hadde ein stor dag på midtstoppar plass, godt assistert av Klebekaptein Urstad.

Når det gjeld dei unge (enkelet vil nok stille spørjeteiken ved følgjande) og lovande på Klebe, så dreit ingen seg ut. Det er jo første målet. Nese (20) kom inn eit snautt kvarter før slutt, og bidrog til å sikre sigeren med hard defensiv jobbing. Underteika tabba seg utruleg nok ei heller ut. Kunne faktisk ha hatt ein målgivande passning, men til det var talentet for lite, evna fraverande og all flaks brukt opp ved ein tidlegare anledning.


Med vantru auge leita eg igjennom alle nett-utgåvene av ymse aviser, uten å finn eit einaste bilete i frå kampen i går. Difor brukaer eg denne dårlege erstattninga (som Scanpix har retten til) som eit illustrasjonsfoto. Klebe sine drakter er gule, og ikkje kvite som vist på bilete

2 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Klar for ede færie elle? http://www.aftenposten.no/nyheter/dustoreverden/article1032475.ece

03 mai, 2005 23:19  
Blogger 15. Johannessen said...

jepp, men ete jo for fem mann kvar så det går jo lett!

04 mai, 2005 11:45  

Legg inn en kommentar

<< Home