tirsdag, mai 03, 2005

Mange har gleda seg til å få høyre meir om: Manajary dag 3! Veldig spennande lesning.

15/10

Etter ei god natts søvn var det opp til ein god frukost. Ein fin start på dagen. Føremiddagen tilbragte vi på kanalen.

Det var flott og lyden frå motoren var overkommeleg. Var innom ein landsby og såg korleis livet langs kanalen fungerar (Pangalana kanalen). Vi var innom tranobe (”Det store huset”); av med skoa og snakka med kongen. (Den ledste i landsbyen, i dette tilfellet ei gamla kvinne. På slike besøk er det viktig å vite kvar ein skal sitje og korlies. Menn, kvinner unge og gamle har alle sine plassar i huset. Huset var for øvrig ei hytte av palmestilkar og stod på pålar slik at set skal vera leveleg der i varmetida.)

(Plutseleg gjer journalen min eit uforståeleg hopp. Det som følgjer er skrive her i Noreg etter humkommelsen.)

Vi kjøyrde ut or Mananjary og inn i regnskogen. Der hadde Rivo snakka med ein landsbyhøvding (som faktisk eigentleg var i frå Tana) og ordna det slik at vi kunne besøke dei. Vi hadde med KFUK/KFUM sine telt.

Etter å ha sett opp telta var det festmiddag i landsbyen. Høne og ris, kjempe godt! Etter det var det kveldskos og ”jabb”. Eg spela litt gitar og kosa meg. (Seinare på kvelden høyrde Henrik og meg på utanlandssendinga for å få med oss dei siste resultata frå Tippeligaen. Kava med lang ekstra antenne, og så å berre så vidt få med seg resultata på nyhetene.)

Vi hadde ein kjempe hyggeleg vert. Han var utruleg oppofrande og gjorde alt han kunne for at vi skulle trivast.(Noko som er eit gjennomgåande trekk på heile Mada, alle er så gjestmilde!)

Til slutt. Dreit på utedass. Rimeleg fornøgd med treff prosenten. Eigentleg ganske slitande å sitje på huk, men det hjalp på trykket. Ein liten kuriositet: kvadratet var på 30’30 cm! Prest…