lørdag, november 24, 2007

Uganda Calling

No er eg altsaa komen fram til Uganda. Eg bur paa ein stad kalla Red Chilli Hidaway, saman med eit lass andre utlendingar. Er ikkje det heilt store, men eg faar lov til aa nytte teltet der, noko som er rimelegare enn all anna overnatting.

Eg ankom Entebbe ved Victoriasjoen for to dagar sidan. Etter aa ha nytta uventa mykje peng paa visum fann eg ut at eg kunne proeve aa finne rimlegare transport til Kampala enn taxi. Taxis sjaafoerane lo av meg< det gaar ikkje buss her i fraa. Men eg gav meg ikkje og stilde meg opp der det stod fire fem andre mennsker samla. Etter fem minutt kom det ein bil forbi og plukka oss opp alle saman. Sjaafoeren var Tony og hadde tom bil paa veg heim til Kampala. Kva er vel daa meir naturleg enn aa gje folk gratis skyss?

Trafikken her er verd nokre setnngar i seg sjoelv. For det foerste: Dei kjoeyrar paa venstre side av vegen, noko som fleire gonger spelte meg eit puss. For det andre: du kolliderar ikkje foer du er borti noko, tryggleiksmarginen er paa fem cm. Daa eg hadde forstaatt dette, gjorde det ikkje saa kykje at hundar og kattar, syklar og mopedar, bussar og bilar, for aa ikkje gloyme fotgjengarar, virrar fram og attende i vegen.

Kampala er ein kaotisk by, men lite system. Set ein det saman med min mildt sagt svake sans for stadar, er det ikkje vanskeleg aa sjaa foere seg at det tek litt tid for meg aa kome meg i fraa a til b. Det eg som oftast gjer er foerst aa spoerje ein person om aa gje meg ei generell retning. Dertetter spoere eg peron nummer to om eit namn. Saa signaliserar eg til ein mutatu, ein hybrid busstaxi, og spoer om han skal den vegen. Seiar han ja hoppar eg inn saman med dei andre 14 pasasjeran som sit i Hiace'n, og satsar paa at eg kjenner meg igjen naar eg kjem dit eg skal.

I dag er planen aa oppsoekje ein libanesisk resturant og teste vasspipe i afrika. Deretter tenkjer eg meg paa seriefinalen i den lokale fotballigaen her i Uganda. Denne kampen skulle eigentleg spelast i morgon, men vart flytta av di folk her i byen er galne etter egelsk fotball og derfor heller hadde sett sereiopninga i morgon enn aa gaa paa kamp her.

I morgon tek eg til Rwanda. Der blir eg i ei veke eller saa. Saa blir det burundi foer eg returnerar til Uganda i september. Daa blir eg verande ein maanad og reisar rundt til ulike Chrisc lokallag.