tirsdag, mars 29, 2005

Sykkeltur over Horombe

19/9
Opp kl 06.00! Etter ein litt lengre frukost kjørde vi opp den verst stigninga mot Horombesletta. Derfrå sykla vi til Ranohira. Det var om lag 8 mil og det tok om lag 5 timar +/-.


(Horombesletta er verd nokre setningar bare den. Det er eei slette på om lag tre mil. For det meste er det berre gras der, enkelte tre finn finn ein her og der. Eit godt stykke utpåsletta er det ei klynge med trær. Her hadde vi bla ein pause. Pause hade vi og ved den einaste klynga med hus ein ser på sletta. Der kjøpte vi brus, før vi tok trøene fatt igjen. Over sletta finnst det utallege vegar. Eller dvs spor. Over sletta kjører det uendeleg med trailere med last i frå kysten. Under regntida blir vegane øydelagde og lastebilae må kjøre utanom. Slik finnst det sikker 100 ulike vegar for å kome seg over sletta på. Ein fellesnemnar for alle desse er ar dei er utruleg hupete. Det var periodarder det verka i heile meg av di det rista slik i sykkelen. For utan hol i vegen er det og ein god del sand. Det var utruleg irriterande. Vi kunne ha god fart, for så plutseleg å tryne fordi framhjulet sank ned i sanda!For utan Horombe sykla vi jo fem mil på asfalt. Kvar gong vi sykla gjennom ein by skreik folk etter oss: ”Vazaha, vazaha!” som tydar kviting. Det blir vi litt lie av etter kvart)

Så var det middag til blodpris (i forhold til mengden), for så å finne ein guide. (Ein må ha med seg guide for å i det heile få lov tilå bevege seg i nasjonalparkane rundt om i landet. Pris er det lurt p avtale på førhand.)

Etter litt om og men (eg herja med dama som solgte bilettar og sa at eg eignetleg var gassar, men at var bobo eller albino! Ho tvilte ei stund, men så blei ho berre sur…) blei det Mac Gyver (43). Ein ivrig og festeleg guide. Vi bort i mot tvang han til å gå til rotteplassen, han meinte at det var for seint. Vi fekk ikkje sett nokon dyr, men fantastisk natur var det så langt auge kunne sjå! Totalt gjekk vi om lag tre mil, så kokte vi ris og ande egg, noko vi kjøpte hjå nokon som budde like ved.(Mac Gyver var oppgitt og litt sur pga maten. Han meinte at vi kvite burde ha noko godt med oss, i det minste litt kjøtt. Etter kvar bare flirte han av at vi var så ”nadige”. Vi hadde kun med oss litt ris, nokre gulerøter, ein moderat klase med bananer og fire baguettar (”baggettar”) ) Risen og egga sette vi til livs saman med eit par andre guidar. (Hans og meg var dei einaste utlendingae som satt og spiste saman med guidane. Dei andre kvite sat for seg sjølve. Ikkje at det var teit, men det er ver å sitje å høyre på kva guidane snakkar om seg i mellom som er nok av det kjekke!) Vi overnatta under nokre manga (mango) trær.

Det var og eit tysk par og fire franskmenn på same leirplass.

I morgon er det apekatter, foss og eit naturleg basseng. Blir ein hard dag.

mandag, mars 28, 2005

På veg til Ihosy

Dette er noko av det ein ser når ein kjøyrer til Ihosy frå Abe.

søndag, mars 27, 2005

Fem, seks og sju

16/9
Frukost med ei dame med bart! Til og med antydning til smultring! (Heilt rått, trur ikkje eg fekk med meg nokon ting i frå samtalen rundt bordet, dama med hårvekst i anletet var utruleg festeleg å sjå på!)

Ein kald dag, blei brukt til å være inne, hjalp Hans når han satt fast med skule arbeidet, samt las om Komorene (ei øygruppe nordvest for Madagaskar). Dit skal eg i påska!

Middag med ”komity mpitantana”, omlag 18 stk. Så klatra eg ti meter ned i jorda, i ein brønn. (Historia om Josef som blir kasta ned i ein brønn får eit nytt perspektiv etter faktisk å ha vore nede i ein brønn. Det var varmt, klamt, lufta var dårleg og det var støvete. Denne brønne grov dei for hand, med spadar!) Etter dette var det forball med Hans.

Dagen vart avslutta med eit forsøk på å lage sang, ein litt seriøs ein. Ikkje akkurat ein konge sang! Og så klart: den same snakkinga på slutten av dagen leia av far i huset. Håpar at været blir betre slik at det blir noko av sykkelturen til Ranohira.

Alt i alt ein litt laber dag. Vond i tannkjøtet.

17/9
Hjalp Hans litt med matte. Spelte freecell og las om Komorene inni mellom. Sov ein herlig middagslur, før eg laga pizzabunn. Så var vi inne på nettet og fann ut at Ståle var blirr varaordførar i Time.

Var på besøk hjå Manga (hushjelpa vår 87-89), kjempe koseleg! Ho har kjempe søte ungar. Vi spiste papaya og såg på bilete i frå Maintirano.

Planala sykkelturen.

18/9
Hjalp Hans med ein engelsk stil. Hadde og eit kurs fro Mr. William, som jobber for SoFaBa. Ga han ei lyninnføring i Word 97. Gasnke sjef (evt prest om du vil) først, men blei utolmoding. Spelte fotball med Hans.

Fødselsdagsselskap for Frederic, nok ein SoFaBa mann. Sang og gitarspel av William (som skjarmerte eit par gasser damer totalt i senk” Artig å sjå!).

Gav Manga noko som såg ut som nokre tusingar. Det var eigentleg hundre tusen pakka inn i to tusenlappar. Trur ho vart glad! (Vurderte å ikkje forkalre kor mykje 100 000 er, men gjer det likevel. Etter ein dramatisk inflasjon er dette no verdt rundt 60 NOK. Likevel er det ca 25% av ein månadsløn, for ei hushjelp med litt ansenitet i misjonen.)

Til slutt planala vi dei siste detaljane av turen og pakka.

fredag, mars 25, 2005

Langfredag i Bryne kyrkje

Eignetleg skulle eg ha vore med på tur, til eit eller anna dyre vatn. Grunna dårleg vær trakk heile reisefølgje seg og splkutseleg var eg tidleg oppe og med lite program. Far min foreslo å gå i kyrkja saman med familien. Det gjorde eg.

Det var ei flott oppleving med ei "andeleg" vandring på via dolorosa. Samspelet mellom salmar og veksel lesing gjorde inntrykk. Det er noko med det som blir brukt i kyrkja. Det er det ypperste av det ypperste, det er arbeida med over lang tid og retta på slik at det skal være slitesterkt. Og det er det. Kvar setning er pakka full av meining. Gode formuleringar går aldri av moten, i alle fall ikkje for meg. Desse setningane set ord på tankar og kjensler som, for meg, er vanskelege å få sagt utan å tenkje seg lenge om. Eg sug til meg orda, nokon vil hevde dei er tunge, men for nokon kraftige setningar det er!

Rett nok må ein væra på tå hev og ha fokus 100% heile tida, men likevel det bør ein kalra. Det kan til ei viss grad samanliknast med å vera på førelesning med ein svært lærd og dyktig førelesar. Ein må ut or kvardagsspråket, det blir for fattig. For fattig til å beskriva det som skjedde, og alle kjenslene som var innvolvert på langfredag for omlag 2000 år sidan.

Utan fokuset er det lett å dette av lasset. Det gjorde eg og eit par gonger. Eg veit at eg gjekk glipp av noko. Det irriterar meg.

torsdag, mars 24, 2005

Dag tre og fire i Ihosy

14/9
Avstad i kyrkja kl litt før ni. Etter å ha tatt Lariamen (malaria-profylaksen) dabba vi bort til til kyrkja, om lag 100 meter i frå huset . I frå første benk fekk eg med meg liturgi, opplysningar, litt meir opplysningar, ein heftig lang tale (nei ikkje eg gløymde ikkje komma her. Den var berre lang.), tresmak i baken, offring, ei ny offring, nattverd samt litt meir liturgi før den frigjerande lyden i frå kyrkjeklokkene (Ni slag der nett slik som her i Noreg). Då var klokka blitt 12.30…

Etter ein god middag var det ut på søndagstur. Målet var ”Paradiset”. Ein svingarav 26 km før Ihosy frå Abe. Vi kjørde litt på måfå (det var ingen veg der (veg=blispor, sti etter menneske eller dyr, eller noko anna som kan antyde at det har vore noko her før oss), likevel kom vi fram til der vi skulle. Ein kjempe plass. Ei elv og noko dill. (Ikkje den beste beskrivinga, men det er kjeddelig å skrive for nøyaktig). Litt synd at det ikkje var regntid, då hadde det sikker vore einda meir fantastisk (frodig og grønt, no var det mesteav gras og vekster gul og tørrt). Håpar å returnere rundt jul.

Så kom kvelden. Den gjekk med til ein interessant samtale med Klaus. (For ein mann! Han veit så utruleg mykje. Han lærte gassisk svært god på eit år, er utdanna lingvist. Samstundes som han kan beteiknast som intelektuell har han og peiling på det aller meste av praktiske gjeremål. Alt i frå mekking til planter og dyreliv. Ein mann eg fekk, og framleis har, stor respekt for!) Først om gassisk og så om den norsk vidaregåande skulen. Var kjekt men det blei seint, 00.10. (senge tid for misjonærane er rundt 22-23).

15/9
”Første skuledag”… Opp til frukost uvisst kva dagen skulle gje meg. ”Hjalp” Alma heile dagen, dvs eg sa kva det neste ho skulle gjere var. Ho er kjempe flik og flittig! Ellers var det ein inne dag. Forferdelig vind og ikkje meir enn 14 grader! (Husa er ikkje isolerte i det heile, noko som gjer kaldt vær ekstra kaldt) Måtte ta på meg det eg hedde. Leita etter film til kameraet , slik at eg kan dokumentera opplevingane mine, utan at eg lukkast. Må og nemnast at det faktisk er ganske krevjande å vera lærar.

Ser fram til å kome til Abe, bagasjen er komen (med fotball utstyr, frakt sponsa av Saron), trur eg i alle fall. Ser og fram til den eventuelle turen til Ranohira, på sykkel.

Kvleden blir brukt til intensiv gassisk terping. Lurar på om det er frivillig………? (Denne terpinga syntes eg var konge, då det var eg som hadde roen. Samstundes hjalp Klaus meg med å setje ting i system då han kunne dei ulike gramatikk termane og forklarte kvifor det eg sa var rett. Festeleg samtale: han spurde meg korleis ein skulle seie slik og slik, fordi han ikkje visst det, så svara eg han. Dette svaret analyserte han, og forklarte meg samanhengen.)

onsdag, mars 23, 2005

Ihosy dag to

13/9

Opp kl 08.15. Då hadde vi sovet lenge nok meinte Klaus. Etter frukost drog Hans og eg ut på sykkeltur. (Eg lånte Klaus sin sykkel. Det var på denne turen dei første ideane kom til den kreative turen eg fekk Hans med på seinare i veka.)Kjempe kjekt, flott natur og herleg temperatur! (Vi sykla på alt i frå asfalt til bort i mot uframkommelege vegar. Vi fekk merke at vi var i Bara-land (området til ein av dei gassiske stammane) då vi sykla rett inn i ein okse marknad… Bara folket lev av kvegdrift og jordbruk.)

Til middag var det ein tysk versjon av ”får i kål” (Fam Küspert er tyskerar som har budd lenge i Noreg, og har difor reist ut for NMS). Godt. Så var det ny tur, denne gongen på ”måfå”. Igjen fascinerande natur og glimrande temperatur. Eg tenkjer kvar dag at ”dette vil eg vise folk i Noreg, dette vil eg dele”. Håpar framlies på besøk.

Ser fram konturane av ein laaaang sykkeltur på fredag. Her i frå over Horombesletta, til Ranohira og nasjonalparken der. (Isalo, eit flott fjellandskap med borgjøymde ”narurlege badebasseng”).

I skrivande stund har Sophie gjennomgang av nettskole/exel for foreldrene på tysk, spennande… (Dei er jo som nemd tyskerar, og eg kan seia ost og skinnbukse på tysk. Det er alt. Ikkje diretke spennande når dei då legg i vei på morsmålet sitt.) Ellers Alma (yngstejenta på 6) veldig trygg på meg. Nesten for trygg . (Ho klatra på meg, hang rundt halsen og satt i fanget på med nesten same kva eg gjorde.) I morgon er det kyrkje , noko som er bort i mot berykta her. Kan visst vare i tre-fire timar.

tirsdag, mars 22, 2005

Fyrste tur ut or Abe

Heimeskule i Ihosy.

Heime skule er som ordet seiar, skule heime. Denne gongen var det min tur til å vera læraren som var med heim. Det meste som er skrive er direkte avskrift frå journalen eg førte medan eg var rundt omkring. I kursiv finn du tankar, utdjupingar, refleksjonar og forklaringar som eg har ført på medan eg skreiv dette inn på EDB'en.

Forkortingar:
Abe - Antsirabe
Tana - Antananarivo
Fianar - Fianarantsoa



12/9-03
Dette er første turen ut or Antsirabe. Målet: Ihosy og heimeskule for Küsperts. Skulle ha vore av gårde kl 0700, men drog ikkje før tre kvarter seinare, kl kvart på åtte. Klokka 1715 var vi framme i Ihosy, altså 9,5 timar på tur. (Ihosy er ein liten filleby utan noko særleg å skryta av, sett bort i frå den gjestmilde fam Küspert. Dei har dette som sin base for utviklings rosjektet SOFABA. Byen fungerar elles mest som einstoppestad for dei som er på veg mellom Toliara og Tana/Abe). Då vi kom fram hadde eg fått med meg babyvræl, om lag 10 oppkast, 30 stopp, ei hyling i hovudet utan like og ein middag i Fianarantsoa (Fianar)

Vel framme i Ihosy var det rett til fotball med dei lokale gutane (dvs. gutar på 10-15 år som budd inne på den norske misjonsstasjonen. Vi spelete barfota med ein trikse ball eg hadde med meg. Måla var nokre sko, og banen var rett under eit digert ”kily” tre og ubeskrivelig støvete.) Ganske kjekt, så var det ein dusj utan nemneverdig trykk. Etter spagetthi med egg til kvleds var det eit av Küsperts utallige spill. Heil OK.

Imogon er det laurdag, satsar på å få sett meg litt rundt, samt kanskje litt med Manga, hushjelpa til her i huset (ho var vår hushjelp i Maintirano då vi budde der. Då var ho rundt tjue, no er ho sikkert nærare 35).

Gitaren er som alltid med. Spelte ca 15 min i dag. Litt for lite. Satsar på at det blir meir. Når sant skal sieast er eg spent på korleis denne veka blir.

Resten av kvelden snakka eg med Klaus og Sonja, (forledrene til Alma (6), Sophie (16) og Hans Christian (14)). Klaus har tre motorsyklar , to guzzi’ar og ein annan, (Denne kvleden angra eg bittert på at eg ikkje deler min kjære fras lidskap og kunne om motorar og alt dei kan drive framover. Hadde eg hatt litt peiling hadde eg hatt samtale emne resten av veka!)

mandag, mars 21, 2005

2003/2004

Eg er i gang med eir prosjekt. Prosjekt "skriv inn alle notater frå turane i fjor". Det er stress, men kjekt og. Difor kjem eg til å legge dei ut, litt etter litt. Ved å lese dette får du eit lite innblikk i mitt år i fjor.

Pass deg!

Viss folk kaller deg for eit "dra til tryne" er du safe. Truar nokon deg med å dra AV trynet ditt bør du bli uroleg. Dette er ein proff "tryneavdraar" som demonstrerte sine krefter på ein slakta okse.

fredag, mars 18, 2005

Middagskvil

Kva er det med denne blogginga? Det slo meg plutseleg at det må vera noko ein brukar for å fylle eit tomrom, eit rom som var fyllt med noko anna før. Eit tomrom er kanskje litt setekt men eit eller anna behov fyller no den i alle fall. Fleire gonger medan eg har lese ymse bloggar har følgjande tanke slått meg: "Skulle tru dei sat og lata som om dei sat rund middagsbordet med failien." Mykje av det folk skriv er om hendingar i løpet av dagen eller tankar ein har gjort seg. No kan det vera at eg kjem i frå ein litt sær familie, men det er faktisk slikt (som fleire skriv om) det kan bli tala om i min familiemedan vi inntek dagnes varme næring.

Er det slik er det sikkert fint å ha bloggen å ty til dersom ein fyttar for seg sjølve for å studera.

Godt eg har kjøpt meg EDB i og med at eg forlet hus å heim til hausten.

Lukka vindauge

Eg er nøyaktig på rettskriving. Dersom du vil så må du berre kjenne deg fri til å kommentre skrive feil, unøyaktige formuleringar eller evt. feil bruk av nynorsk.

torsdag, mars 17, 2005

Lapp hageslangen

Framføre meg har eg min nye EDB, ein bærbar ein. Lenge har eg sagt at dette var det som skulle til for at eg og skulle kaste meg på blogge-bølgja. For å gje eit inntrykk av at eg er ein mann av mine ord, kjem desse fyrste orda. Når det er sagt er den eignetlege grunnen til at eg bloggar Magnus. Han er min helt. Han bloggar. På nynorsk. Eg gjer som han. Eg bloggar som han.

Difor er eg ein dau fisk, utan eigne meiningar eller kjensler, som flyt med straumen, heilt ute av stand til å manuvrera.