onsdag, mai 25, 2005

Tjohei!

For ein gledens dag! Etter ein litt skral star blei dagen betre og betre. Eg kom meg ikkje skikkeleg opp or senga, så eg kasta meg i dusjen. Etter frukosten sette eg meg til pulten for å gjere det eg eigentleg skal på dagtid på ein vanleg onsdag; lese. Og las gjorde eg. Islam var temaet og sidene fauk forbi. Før eg visste ordet av det hadde eg lese 50 sider, noko som er særs sterkt til å vera meg. Fortsatte med å lage ei oversikt over dei heilage skriftene i hinduismen, men det gjekk i dass. Førsnøgd var eg likevel. Logga med inn på nettet og fann at fleire sider var oppdatert sidan sist. Så kom posten! Og du hendelse! For ei glede! Eg hadde forsvidt venta på den eine pakka som var sendt meg frå amazoo.com, men at eg hadde byrja å abonera å Guitar World Acoustic, det hadde eg gløymd ut. Med gitarbladet i handa og to CD’ar frå Jack Johnson (det var det som var i pakka, viss du lurte) i handa smilte eg frå det venstre øyre til kakket i bakhovudet. Til slutt laga eg ein gneistrande god middag med kvitløksbrød til! Og no tastar eg lett og fornøgd nokre få blide tankar, medan Jack blås meg bort, som det heiter på norsk. Om litt skal nok det nye gitarbladet til pers. For at dagen skal bli heilmax (Egon) så håpar eg berre at AC gjer jobben sin, slik at dei som syng at dei aldri går åleine ikkje får noko meir å skryte av.

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Great work!
[url=http://ddlmkzhg.com/ucas/uqme.html]My homepage[/url] | [url=http://vvdkohqd.com/nvcn/ywbw.html]Cool site[/url]

23 september, 2006 20:44  
Anonymous Anonym said...

Well done!
My homepage | Please visit

23 september, 2006 20:45  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://ddlmkzhg.com/ucas/uqme.html | http://knaldruf.com/gpka/bafi.html

23 september, 2006 20:45  

Legg inn en kommentar

<< Home