onsdag, mai 31, 2006

Den feite dama

Der sang ho. Høgt. Tydeleg. Og lenge. Fint var det ei, men hildrande du kor godt det var. Kven er det eg talar om? Jo den feite dama, ho som syng kvar gong noko er over.

I går satte eg punktum for tidenes eksamens tid. Då eg leverte eksamen etter sju timars hard skriving kom alt innover meg. Vondt i hovudet og snue i det klokka blei fire. Då hadde eg tynt alt eg kunne, og var ferdig i bransjen. Dagen vart avslutta på persisk restaurant og ei vansspipe på terassen til Fix You. Det merkast at noko var over. Var det i to timar og i drygt den første time sat vi berre der røykja, sporadisk avbrote av ein eller anna kommentar. Elles var det berre å sitje der å gjere ingenting.
Nydeleg.

No er det vanlege ting som står på programmet. Ete, dusje gå til frisør o.l. Det blir perfekt. Så skal eg heim til Bryne og kjøre "eit prosjekt til dagen" rytme. Det vil seie at eg iløpet av ein dag har som mål få gjort ein ting. Ikkje til eit visst klokkeslett. Til dømes kan målet for ein dag vera: Spela beach. Er stygt redd for at dei fleste dagane kjem til å dreie seg om det, det og jobb. Eg gler meg!

fredag, mai 05, 2006

God tid!

Eg formulerte meg glimrande her om dagen, så glimrande at eg må leggje det ut på bloggen.

Sindre sa: "Har du ikkje litt dårleg tid no?"
15. Johannessen svara: "Eg har ikkje dårleg tid, eg kjem berre litt for seint!"

Det verste som kan skje er jo trass alt at ein kjem litt for seint. Kva gjer vel det. Eg slår eit slag for bærekraftig livsstil og reduksjon av hjarteogkarsjukdommar.

Stress ikkje, nyt tida.

Lenkje til Odd Erling

Her Odd Erling. Eg gjer eit nytt forsøk. Dersom det ikkje går er dette adressa; www.misjon.info