lørdag, mars 21, 2009

Skiljet mellom Sunni og Shiia

Korleis oppstod skilje mellom sunni- og shia- islam?

Alle vitale funksjonar kvilte på Muhammed og hans virke då han levde. Då han døde måtte det kjapt identifiserast ein ny leiar. Ei gruppering meinte ein skulle følgje arabisk sedvane og la den som var best skikka til å ta over leiinga gjere nettopp det. Ei anna gruppe meinte at familiære band skulle være det sentrale kriteriet, og sidan Muhammed ikkje etterlot seg nokre sonar, var svigerson hans Ali, det beste alternativet.

Abu Bakr hadde vore ein nær medarbeida ar Muhammed og hadde mellom anna leia bønna når Muhammed ikkje var i stand til dette. Han vart innsett som leiar (kalif), noko som skjedde så raskt at Ali ikkje ein gong var til stades ved valet. Med dette vart eit viktig prinsipp sett fast; leiaren skule veljast ut i frå evner, ikkje ut i frå slekt.

Først då den fjerde kalif skulle veljast kom Ali til makta, men i perioden hans som kalif låg han i stadig maktkamp med Muawiya. Då ali døde vart hans son Hasan lansert som ny kalif av shiat’ Ali (Ali sitt parti), men valet falt på Muawiya. Etter Muawiya sin død var ein anna av Muhammed sine soner Husein, aktuell som kalif. Son til Muawiya, Yazid, fekk tittelen som 6. kalif, noko som gjorde splittinga komplett.

Husein og slaget ved Kerbala. Husein nekta å være lojal til Yazid, noko som førte til krig. Husein døde i slaget ved Kerbala (i Irak) i 680, og vart saman med dei som støtta han shiias første martyrar. Dette blir feira kvar 10. månad (muharram), som ein markering av shiia identitet og til minne om alle martyrane som har dødd før shiia opp igjennom historia. Yazid blir sett på det som i frå ein kristen ståstad kan være kombinasjonen av Judas, Kaifas og Pilatus: han er den mørkaste skikkelsen innan for shiia islam.

Med døden til Husein som utgangspukt vart shia no til ein eigen retning som ikkje lenger anerkjende den sunnittiske leiarskapen.

Kjelder:
Jan Oppsal: Lydighetens veg (1994)
Hammudah Abdalati: Isalm in foucus (1975)
Heinz Halm: Shi'ism (1991)

3 Kommentarar:

Anonymous Thomas said...

Særs informativt! Eg likar. Kan eg drista meg til å koma med ynskjer for framtidige innlegg: Kvifor er det viktig med gode råvarar i salaten? Kva skiljar Martin Luther fra Martin Luther King. Kan ein aleine utifra hudtone skilja ein nordeuropeisk person frå ein sydeuropeisk?

29 oktober, 2009 17:31  
Anonymous Anonym said...

I wish not concur on it. I think precise post. Specially the title-deed attracted me to be familiar with the unscathed story.

16 januar, 2010 07:29  
Anonymous Anonym said...

Genial post and this enter helped me alot in my college assignement. Say thank you you seeking your information.

20 januar, 2010 04:17  

Legg inn en kommentar

<< Home