lørdag, november 24, 2007

Dubai

Etter ein heller slapp start paa opphaldet i Dubai vart det heile mykje betre saa fort eg fekk i meg litt varm mat. Og det var ei konge oppleving!

Her er omlag 40 grader i skuggen, i den grad den eksisterar, samstndes som det er saers fuktig i lufta. Dei lokale heltane har teke konsekvensen av dette og i dei aller fleste bygningane er det air conditioning. Ein foelgje av varmen er at eg maktar maksimalt med 30 min trasking foer eg maa inn paa eit eller anna kjoepesenter for aa kjoele meg ned.

Men poenget var maaltidet ja. Eg ville gjerne vaere eksotisk og proeve noko ukjend. Det aller meste rund t hotellet er kipkjapp mat i ulike formar og variantar. Eg toyde grensa for fysisk aktivitet i sola tol det maksimale i jakta paa noko som ikkje var frityrsteikt og kom tilfeldigvis over eit smug der det ang eit skilt: Resturant . Daa eg kom inn var alle borda opptekne av inderar som alle spiste med henne. Noelande gjekk eg bort til mannen med mest haar paa brystet og frodigast bart (sikre teikn paa autoritet ...;)) . Han forstod minimalt av kva eg sa, men at eg ville ha mat var openbart . Slik eg forstod det foreslo han fleire alternativ, mellom anna noko med chiken. Daa dette var det ordet eg kjende igjen slo eg til. Eg sette meg ned ovanfor ein inder og fekk ete med han. Maten var god, praten koseleg dog hakkete, og eg vart mett. Og endaa har eg ikkje kjent p orselenet rope etter meg ,eit godt teikn.

Morgondagen er open og blank . I jakta paa det billegaste hotellet havna eg langt i fraa det meste, Dubai har tilgode aa sjarmere meg. I morgon er siste sjanse saa faar ein sjaa kva som skjer.