søndag, oktober 30, 2005

Impulskjøp

Etter å ha bestått ex phil og vel så det ville eg feire. Forsiktig. Gjekk på platekompaniet og kikka på CD'ane til 49.90. Plar ikkje finne noko der, men denne gongen fann eg darume plata. Eg haddealdri høyrt om fyren før. Det var ikkje det at tittelen appelerte så voldsomt heller. "Joseph Spence: The Complete Folkways Recordings 1958". Prisen var ein av dei positive sidene, men det som verkeleg appelerte var coveret. Det var ein teinkning av gode gamle Joseph (også kalla "Joey" inni ovudet mitt). Ut i frå framsida på CD'en såg eg at dette var ein eg kunne identifisere meg med. Han var neger. Eg er skapneger (har alltid tenkt at det hadde vore fint å i alle fall vore mulatt). Han spela kassegitar. Det gjer eg og (i skjul og helst åleine for meg sjølve). Han sat åleine. Han hadde pipa i munnviken. Det plar eg og ha (samstundes eg smilar på ein litt barsk måte, og førstillar meg at kvinnene blandt publikum blir imponert).

Eg går ut i frå colaflaska stod med foten hans slik at den ikkje kom med. eg blir meir og meir sikker på at den gjorde det for kvar gong eg ser på bilete. Så klart gjorde den det. Han var nok ein av dei opplyste, som hadde oppdaga den magiske kombinasjonen. Lenge leve Joey.

fredag, oktober 28, 2005

Logikk

Logikk er eit hendelse.

Eg må lære blant anna dette. Klikke. Forelesaren er ein mann.

”En formulering U er en tolkning av en annen formulering T hvis og bare hvis T og U kan uttrykke samme tankeinnhold i det minste i én sammenheng.”

tirsdag, oktober 25, 2005

Skule

Var på hyttetur i helga. Eit genialt konsept kalla "kollokviehyttetur". Det er maks. Kunne ha lagt ut om kvifor men let bileta tale for seg. Ikkje det at dei er så utruleg gode, men det får gå. Meir bilete her.

Meir hat

Eg kjenner er har byrja å hate igjen. Det er jo som kjent for lite hat i verda, difor er det viktig at nokon tek seg av den hatske biten. Det er ei frase på engelsk som seier dette på ein fin måte: "It's a dirty job, but somebody has got to do it." På morsmålet tydar dette: "Det er ein urein jobb, men nokon må likevel gjere han". Og det er nett det eg gjer, eg gjer min del av jobben. Eg hatar. Litt meir intenst enn vanleg. Nett no. Intenst. Og det er ikkje kva som helst hatet går ut over. Sett bort i frå skule og mi eiga evneveike, så er det regnet. Eg har hata det før og eg gjer det igjen. Intenst. Å kor eg hatar det. Intenst. Det skal ingen veg, har inga retning, manglar totalt mål. Det berre kjem og fell rett ned. Det kjem ikkje i frå noko særskilt stad heller. Det er det som gjer det heile så håplaust. Ovanfrå kjem det. Ingen motivasjon heller. Det berre kjem. Intenst. Hat. Det gjer meg blaut. Fuktig. Intenst hat. Og så er det så uendeleg treffsikkert. Det hendar ikkje ein gong at det regnar og at eg unngår å bli truffen. Eit inderleg hat som er uendeleg intenst. Eg er makteslaus. Noko som ikkje har opphav, ikkje skal nokon stad, ikkje vil noko og likevel treff meg med aquatisk presisjon. Hat. Med på laget har regnet vinden. Det er ein annan historie og ein litt annan form for hat. Får heller ta det ved ein passande annledning.

I mangel på ein hatsk illustrasjon, vektlegg eg det igjen; eg hatar regnet.

onsdag, oktober 19, 2005

Real Madrid 4 -Rosenborg 1


13 mann var samla i hybenlen i kveld. 13. Det var trangt, svett innestengt, men kjekt på dei 12 kvadrat vi disponerar som stue. Ikkje meir ein 10 cm til sidemannen og colaen. God stemning igjennom heile første omgang. Roar Strand laga eit mål. Så gjekk det i dass. På rekke og rad laga Jonathan Woodgate, Raúl, Ivan Helguera og David Beckham mål. Før kampen hadde fleire av Real spelarane vitsa med at dei måtte markere mr. Woodgate. Trenaren kommenterte at dei snart ,måtte selge han, av di han var farlegare for motstandar laget enn for Real Madrid. Grunn; i to kampar på rad hadde han ekspedert ballen i eige nett. Kjekt for han at han fekk retta opp inntrykket litt.

søndag, oktober 16, 2005

GRATLA MED DAGEN MARTIN

21 år. Det er han.

Eit nasalt tilfelle

Her kjem ei middagsbords anekdote. Det er ei slik historie ein truleg ville fortalt foreldrene sine rundt middags bordet, og som resten av verden ikkje ville ha fått høyre av di det ikkje er drepande spennande. Men litt fasinerande er det dog.

I dag var det fint vær. Sol og ingenting regn. Tørt var det. Det er einetydande med at eg tar turen ut. Då dei siste dagane har vore svært kalde, og dei økonomiske krumspringa har hatt ein tendens til å bli store, lot eg gitaren stå heime og colaen får være i fred. I og med at det var søndag og eg hadde ein heil dag, tok eg mål av med å vandre på Fløyfjellet. I mangel på tur-klær (som er eit must dersom ein skal nyte naturen) droppa eg vandringa og tok Fløybanen til toppen. Stod i køi 20 min for å få ta banen. På toppen møtte eg eit lass, med folk, eit lass. Og eg som "was looking for solitude". Nedtur.
Eg kjende det stramma seg rundt halsen, eg byrja å svette. Dumme folk. Hald dykk borte. Eg gjekk i kø i ti min før eg tok ei skjebnesvanger avgjersle. Håplaust lei av alle folka skar eg rett ut or stien og gjøyv opp ei fjell side. Eg hadde solid såvesveis då eg sto opp, av den grunn hadde eg på meg ei solid hue, noko eg no angra på. Eg perspirete. Så det holdt. Fann meg til slutt ein topp og flekka det som var å flekke. Meg og naturen. Fint det. Ja overkroppen er det då eg talar om. Etter ein liten realitetskontroll tok eg på tskjorta igjen. I og med at verken colaen eller gitaren var med, pakka eg Eddi og fyret opp. Hadde ikkje før tatt tretten trekk før eg høyre røyster som var unaturleg nære.


Det viste seg at eg ikkje hadde funne ein øyde topp, men ein knaus med sti til, berre at den var på motasatt av der eg hadde gått opp. Fransk. Det var det dei tala. Eg liker fransk. Eg forstrå ein del. Dei var sju stk. Seks jenter og ein forvirra gut. Dei kvitra og kakla om sitt, heilt til dei såg meg. Eg var jo sikker på at som gode europearar snur dei no. Men nei. Dei slo seg ned. Fem meter i frå meg. "Que fume-t-il ?" "Une pipe, je pense". "Herbe?" "Je ne sais pas". Eg flira inni meg. Denne situasjonen er festeleg tenkte eg. Plutseleg spurte den eine jeta (ei litt framfusen ei): "Are you smoking weed?" Hoy, vel-vel-vel, rett på sak tenkte eg medan eg svara så godt eg kunne; "No." Så sat eg berre der, høyra på at dei tala om alt i frå gothmetall, via beatles til at Bono var ein kjekk mann. Festeleg når folk ikkje veit at ein forstår kva som blir sagt. Plutseleg byrja ei av jentene å klatra i trea. Underleg. Ho fekk entusisatiske til rop frå vennindene sine. Kanskje dei ikkje har trær der dei kjem i frå? "Skogs jenta!". Ei anna banna og klaga ovar at ho var blitt blaut i bakenden.

Det verka som om den framfusen jenta ville tale meir engelsk. Ho sang små fraser frå engelske sangar heile tida. Eddi og meg passa våre eigne saker. Så skjer det som skjer når ein er ein levande turist attraksjon. Spørsmåla kom, fleire turde å kaste seg på med strykande engelsk og igjen måtte eg nytte meg av smilet og nikkinga. Joda, dei var i frå Paris, studerte nok kunstgreier, budde på Fantoft, reiste om ti dagar, Noreg er dyrt, naturen finare enn i Frankrike, vinen var dyr, tobakken likeså, og det var bittert at ein ikkje kunne røykje inne på kafeear. Og så fyra den framfusnen jenta opp litt papir ho hadde ein anstendig samling med gras i. Lukta litt rart, slik som det ofte gjer. Det var vanskeleg å få tak i slikt i noreg, lettare i Paris.

Så gadd dei ikkje meir. Lat oss ta ein kaffi sa dei til kvarandere, medan alle høfleg sa goodbye, see you, thank you, yes. Så satt eg der. Då gjekk det opp for meg kor fantastisk tyssnaden er. Trur eg må slenge kjenslene min om tyssnad ned på tastaturet ein annan dag.

Helt

Eg har funne ein ny helt. Hadde eg hatt dei same fysiske forutsetningane som han, hadde eg gjort det same. Og skrytt like mykje. Ei ekstremt imponerende liste!

Og så så mange fine bilete. For eit arbeid det ligg bak denne sida!

torsdag, oktober 13, 2005

Kjeften

Eg har det i kjeften. Eg talar mykje. Eg seier kva eg meiner. Ofte er det store ord. Det høyres flott ut. Folk kjem med kommentarar som "er ikkje det lit ekstremt?" Somme vil kanskje plukke ut ordet idealist og lime det på ryggen min.

Kanskje det er sant, kanskje eg er ein idealist. I alle fall i kjeften. Ein ideel kjeft. Det er det eg har. Men akk og ve kor lite eg gjer! Heite kveite, ingenting gjer eg! Ingenting! Kva er det i kvardagen eg gjer som visar at eg er ein etterfølgjar av Jesus. Kva gjer eg bevisst av den grunn at eg trur på Han? Igjen; (lite eller) ingenting. Det eg gjer sørgjer eg for at folk får vite om. Vitkig å sole seg i glanse av dei gode gjerningane ein gjer. Eg gjer dei jo trass ikkje kvar dag. Dette er den ideelle situsajonen. Ha det i kjeften. Kjempe bra. Eg digger det. Først legg eg ut om kva eg vil gjera. Så gjer eg ingenting. Deretter gjer eg ein ting, og gjer det klart for verda rundt meg at eg har gjort det. Glitrande!

Gode Gud, pulveriser alt dette! La dei store orda min få konsekvensar. Eg vil det så gjerne (i alle fall om eg skal tru kjeften), om ikkje anna så vil eg ville det!

two, three... and;
ACTION!

mandag, oktober 10, 2005

Ex phil

Ex phil er kjekt. Og interessant. Men litt teit. Litt lite matnyttig. Kva har vel dette å seie?

Determinismen hevdar at alt som skjer i verda, det være seg med folk eller natur, er styrt av strenge årsakslovar. Alt som sker er ledd i ei uendeleg kjede av hendingar der den forutgåande hendinga avgjer kva som skal bli den neste. Ein konsekvens av dette bli då at ”gitt universets tillstand på et bestemt tidspunkt og naturlovene finnes det bare én mulig fremtid” (Granberg 2004, s. 291). Ut i frå dette kan ein slutte at det i prinsippet skal vera mogleg å forutsjå kva som kjem til å skje med 100% nøyaktighet, dersom ein kjenner alle årsaksfaktorane. No lar det seg pr. i dag ikkje gjere, då ein ikkje kjennar alle årsaksfaktorane.

- Framføreing i morgon.
- Lykke til 15.
- Jo takk. Det var snilt.
- Ja. Det er det ein har fellesskapet for.
- Lenge leve filius, broder.
- Ja, gode broder, lenge leve fellesskapet.

søndag, oktober 09, 2005

"Up in my lonely room, when I am dreaming of you"

Eg uttalar meg svært skjelden seriøst om mine preferansar på kvinnefronten. Men dette er så nært perfekt eg kan koma, så eg må berre få sagt det: Perfecto!





Kjenner de ei slik så send meg mobilnummeret.

Breidt smil

"... det va jysla kjekt."

"Å, så bra!"

"Eg smilte så møje at eg hadde øyrevoks i munnvikane!"

Stolt ape

Ja no sit vi her. Martin og eg. I samme sofa, med kvar sin data på fanget. Flott.

"Eg har betre data enn deg".

For eit nederlag. Korleis kan han seie noko slikt? Og så så totalt utan å begrunna påstanden! Blir såra og vonbråten.

Livet som sambuar er fint. Særleg når Dave Matthews syng om stolte apekattar.

"Eg skrv fortare enn deg".

No toppar det seg. Han påstår at han skriv fortare enn med. No er det berre ein ting som må til for å rette på skadene; vold og vaselin!

fredag, oktober 07, 2005

Ein smal sak

Du store nyting. Så blir dei ståande, desse tre, gitaren, pipa og colaen. Ja det gjer dei. Dette er oppskrifta for nyting for min del. Genialt.

Like ved der er bur ligg det ein gamal festning, med gras og benk på toppen. Det er blitt favoritt staden. Her sit eg og nyt livet, og distanserar meg frå det travle livet i byen. Her er det rimeleg sille. Ikkje så mange folk. Berre eg, gitaren, pipa og colaen. Det er magisk.

At pipa er med i denne kombinasjonen foruset at eg må være ute, og skal eg være ute må det være sol. Og det var det i dag. Eg satt der og gjorde det eg likar best; dampa, sang og drakk. Fint var det. Midt i refrenget i "Sitting on the dock of the bay (waisting time)" (og i ei tankerekkje der eg humra over at denne teksten passa fin til min situasjon), kom det eit lass med kinesarar opp. I og med at augo mine var latne att og uttrykket i annlete sa rimeleg tydeleg at eg konsentrerte meg om ei kunstnerisk framføring, vart eg lettare overumpla. Som den tilpassa og velopplære normannen eg er stogga eg med det same. Mennene med dei smale augo spredte seg rask rund på festningen og kikka ned frå dei høge murane, tok bilete og snakka smalt. Ein av dei kom rett bort til meg. "Du er flik å spele" sa han. Koseleg mann. "Elskar du musikk?" spurde han. "Ja" sa eg, medan eg tenkte at å elske var eit litt sterkt ord, og i same slengen slo fra meg å forklare han det. Hadde nok ikkje nytta likevel. Nokså utan vidare sette han seg ned, og vips var samtalen i gang (med mi delikate klimpring i bakgrunnen). Han snakka ein blanding av engelsk og underlege lydar. Eg fatta halvparten, men det er jo berre å smile (eller gjere ei grimase som gjer at dei trur du smilar, eg for min del smilte) så går alt fint.

No veit eg at kinesarar for ti årsida budde 8 mann på eit rom medan dei studerte på universitet. Det var forbudt å bu utan for universitetets område, og kvinner var verre enn pesten. Dersom ein blei tatt i ekteskaplege aktivitetar vart ein kasta ut. No er det ikkje slik lenger.

Det er flott med utlendingar. Skulle ynskje at fleire av dei ikkje hadde lært seg å oppføre seg på norks. Han var 50 år og hadde ein son på 24 som studete IT.