mandag, april 04, 2005

Heim frå Ihosy

21/9

Møtte opp kl 09.30 på flyplassen (det er ein langt stykke med hard trampa rød jord, ei rimeleg bra landingsstripe. Det er kun eit hus der og det er berre ope når det kjem fly. Til Ihosy er det berre misjonen som flyg, så det er ikkje så ofte ”kontoret” er ope ). Venta i to timar, berre for å få vite at flyet gjekk i frå Toliara, kl 1200! 13.35 var det tilbake til flyplassen igjen. Venta nok ein time før flyet kom. Om lag 1600 var vi i Abe Der blei vi henta av Linda (Bårdsen, sjefen min). Flyet bråka brutalt mykje, og pipinga i øyrene blei verre.

Det var alltid kjekt å reise og oppleve andre sider av landet. Livevel var det og alltid kjekt å kome tilbake til Abe, kome heim.