mandag, april 25, 2005

Mada 2004/2004: Leirskule til Manajary!

12/10: Abe – Ranomafana

Opp 07.05. Bort på Helena (Ein kafee eg pleide å gå til dersom eg ikkje hadde mat i huset, noko eg aldri hadde) for å kjøpe frukost, bom tur. Enda opp med å gå heilt ned til Boulangerie 54 ned ved tsena kely (også kjent som litle torget, torget som var nærast med og mitt hus). Til avreise hadde tre av fire Hald jenter møtt opp (elevar i frå Hald internasjonale senter i Mandal. Er ute ca eit halvt år på team tur. Desse underviste i engelsk). Voldsomme greier med klemming og alt. Då alt dette var unnagjort var kloka mellom 0800 0830 (Beklager alle desse klokkesletta, men det er slik eg har notert…)

Det blei ein lang kjøyretur utan vidare pausar. Høgdepungtet var då eg kjøyrde i ca 45 min på den aller dårlegaste biten av vegen(vegen var så dårleg at eg holdt med i andre gir og det gjekk ca 10-20 km/t) og 15 min på asfalt. Det var ein del stress, men likevel rimeleg PREST! (Uttrykk eg ville innføre istaden for å seie ”sjef” eller ”konge”. Eg tykkjer ”prest” er mykje betre!)

Å kjøyre Toyota Lndcruiser er ikkje ein spøk. Dei er gode når vegen er så dårleg at maks fart er 20km/t, men skal du ha dei i 60 eller meir er dei, samanlikna med norkse bilar, håplause på vegen. Og så bråkar dei voldsomt.



Då vi kom fram lempa vi bagasjen inn på ”Tropic Village”. Så bar det ut i regnskogen for å sjå på dyr. Sjelden… (at vi skulle sjå på dyr…) Gjekk i 20 min (i Ranomafana nasjonalpark) og fekk sjå tre sortar : fosa (liknar ein litt stor katt), ”red belly” lemur og ein liten musemaki. Tok litt bilete (diverre papirbilete). Litt betre uttelling enn i Isalo.

Kveldsen fortener eit eige avsnitt. Vi bestillte mat klokka fem og sa at vi skulle ha den i åtte tida. Kl ni fekk vi dei fyrste kalde grillspyda. Prest. Ja, ja, grillspyd er å ta hardt i. Ein litt luksus utgave av maskitaen (små grillspyd ein får kjøpt på gata i skumringa) i Abe er vel heller det rette. Då vi då hadde kjøtet var det å vente på ris og ”pomes frites”. Snakke meg om service! Men ein ting skal han (sevitøset) ha. Uoppfordra fekk vi 30% rabatt på kveldsen! Ikkje noko eg hadde venta. (Dette av erfaring. Denne episoden er den einaste ogngen eg kan kome på at eg nokon gong har fått rabatt på Mada. Dei ville aldri innrømma feil!! Irriterande)

Så var det romma då. Måtte sove i dobbelt seng med Hassan (Hans Chr. Küspert). Får meg jo til å tenkje på London turen og BK (Var i london i påska 2003, og har enda trumer av å ha delt send med Terje S). Rommet låg rett over kjøkkenet. Det var varmt lukta steikeos og det var utruleg lytt! (Grunnen til dette var at det var omlag 2mm mellom kvar planke i golvet. Viss eg ville kunne eg ha kikka rett ned på kjøkkenet.) Det siste førte til at vi forsøkte sovne til lyden av kokkane som spiste restane av vår mat, og ein katt som og ville vera med i gildet. Heilt OK.