fredag, april 22, 2005

Elektrolått

Å snakka, eller "chatte" som enkelte kallar det, via ulike program på verdsveven er ei underleg oppleving. Det er fleire interesante spørsmål å skrive om, men det som er det mest fascinerade synest eg, er det eg vel å kalle for elektrolåtten.

Elektrolåtten vil eg definere som eit forsøk på å uttrykkje at ein synest noko er morosamt via tastaturet. Forsøka på å uttrykkje dette har fleire annlete. Døme: haha, hehe, hihi, hoho, hæhæ, håhå, huhu, høhø, fleire kom eg ikkje på. Som du ser er alle desse ganske like, berre nyansar i forskjell. Likvel er desse nyansanen uhyre viktige. Tolkar ein desse feil kan det få fatale følger. Eg har vanskeleg for å forholda meg til desse. Det er aldri greit å vite om personen på andresida ler med deg, av deg, er ironisk eller berre reagerar slik som ein er forplikta til. For å gjere det heile enda verre er det nokon som med ujamne mellomrom brukar store bokstavar, gjenntek uttrykket fleire gonger o.s.b.

Det er ikkje berre det å forstå kva folk mener som er problemet. Eit like stort problem er for meg å formidle mine reaksjonar. I vankunna sitt fullstendige kaos har eg berre gitt opp elektrolåtten. Det er mogleg at folk ikkje synest det er å kjekt i chatte meg med på nettet då eg i reglen helst vil bruke "eg ler" i staden for haha, eller hehe.

Når sant skal seiast er det jo i seinare tid blitt lettare med alle animasjonane, men framleis er det mange som tyr til den opprinnelege elektrolåtten.

2 Kommentarar:

Blogger Bjørnar said...

Eg vil gjger oppmerksom på at det på dette her internettspråket er vanlig å bruke * for å angi handling. Eks. *ler*, *kremter*, *blunker*. Ellers er jo LOL, ROFL osv. etablerte standarder.

Men ke skyldes egentlig denne tilbakeholdenhetene overfor "nye" ting (de kan vel knapt kalles nye lenger...)? Er det din generelle tilbakeholdenhet, eller er det av dypere art?

23 april, 2005 11:54  
Blogger 15. Johannessen said...

Interessant. Når du seier det kan eg hugse å ha sett deg skrive noko mellom to *'er, utan eigentleg å ha forstått poenget.

Vil vel ikkje heilt gå med på å kalle det for "tilbakeholdenhet". Eller kanskje, jo, sjølv om det er litt upresist. Det kjem vel av at eg ikkje meistrar det med det same vil eg tru. Er i tvendesinn sjølve nett no...

23 april, 2005 12:12  

Legg inn en kommentar

<< Home