fredag, april 08, 2005

H

H er yndlings bokstaven min. Den har ein slik fin form, er lett å uttala og kan brukast til så mangt. Eg kan bruka den til å kjefte på folk, skjlle ut, skryta, rose, hate, vise omsorg, støtte, få gode karakterar, filosofere, forstå, nyte, uttrykke. Lista er uendeleg lang. Er det rart H er favoritten?

Men det som verkeleg gjer at eg liker den så god er alt den førar med seg. Økt livsnyting, uendeleg mykje betre humør, overskot, stor auke i moglege alktivitetar, iregelen ferie, grilling, beach-volley, fotball på gras, shorts, t-skjorte, strand, kjekke og ivrige jenter, brune sådan, utekveldar, lange nette. Som lista ovanfor er dette berre litt av det H førar med seg. Er det rart det er denne bokstaven som skil seg ut blandt dei 29?

Det rake motstykke er L. Eg hatar L. L er ubrukeleg. Stygg å sjå til. Kantete og estetisk lite fin. Den er vanskeleg å uttala og mange blandr den med R medan dei er små. Huff, eg får frysningar på ryggen av L. Den har stort sett berre negative kvalitetar. Så negative at eg ikkje ynskjer å nemne dei ein gong. Undrar du deg likevel kvifor eg hatar L?

I og med den er rake motsetninga til H er det alt den tar med seg som er det mest grusomme. Livsnyting på eit minimum, slapt og udefinerbart humør, underskot på det meste, antall aktivitetar begransar seg til antall skjermar i heimen, fiskekaker, kondistrening i Sandtangen, stilongs, tjukke sokkar, t-skjorte under fire andre plagg, ei forblåst og bort i mot gudsforlatt strand, inneslutta og mindre aktive jenter, bleike sådan, innestngte kvledar, uendeleg mange folk klemt inn i eit hus, det er særs god luft i huset, forsvinnane korte dagar, ubegripeleg mengdar meg nedbør, kulde utan like. Hadde berre lista stoppa der. Kvifor? Finnst dei ei meining?

Eg tykkjer om H.

5 Kommentarar:

Blogger Kristian said...

He he he. Du kubbe ji skreve bog om detta, "Alfabete, en spennende reise". Akkurat som den lille gangetabell :D

09 april, 2005 03:46  
Blogger Kristian said...

He he he. Du kubbe ji skreve bog om detta, "Alfabete, en spennende reise". Akkurat som den lille gangetabell :D

09 april, 2005 03:46  
Blogger 15. Johannessen said...

Kanskje, eg skal tenkje på det. Likevel er det helst desse to boskavane eg har så sterke kjensleser for...

Kven veit, plutseleg engasjerer U eller S meg, vi får sjå.

09 april, 2005 11:18  
Blogger Hanna said...

H for Hanna! :)
Kan godt forstå at du lige H!

10 april, 2005 16:25  
Blogger 15. Johannessen said...

Sjitt, der tok du meg med sokkane i handa!

10 april, 2005 21:31  

Legg inn en kommentar

<< Home