søndag, april 03, 2005

Dagen i Isalo

20/9

Etter ei kald og lang natt, utan telt, sovepose eller nemneverdig med svevn, var det opp 05.00. Då gadd vi kkje liggje å vente på dagen lengre. Vi sa i frå til Mac Gyver som grynta at det var ”maraina lotra!” alt for tidleg! Han hadde og hatt det kald og fått minnimalt med svevn. Frukost var to gulerøtte. (Dette var krise for MacGyver då han hadde fått slått ut/mista 60% av tennene sine. Han fekk no i seg dese gulerøttene på eit vis og vi kom oss av gårde).

Første etappe var til ”Canyon de Maki”. Der var det fint. Fjell, vann og grønt. Så var det ei bestialsk stigning opp på ”platået”. Det var kjempe flott!

.
Eit lite utsnitt av utsikta som venta oss etter den brutale stigninga i morgon sola.

Der sveiv vi i 1-1,5 timar før vi kom fram til ein flott foss. Boksltavleg talt ubeskriveleg! Då var klokka 10.45 og det var lunsj.

(Ved fossen traff vi på ei anna gruppe kvite og deira guide. Mac Gyver var snar med å ta kontakt med sin kollega. Dei prata om laust og fast, fyrte opp ein sigarett, og kom for inn på emnet mat. Det kom fram at vi ikkje hadde ete så mykje i dag og begge rista litt oppgitt på hovudet og smilte. Eg nemde at vi jo hadde hatt mangahazo , på norsk omtala som manjok, til frukost. Mac Gyver hysja på meg. Han ville ikkje at kollegaen hans skulle få vite om det. Å seie at vi hadde mangahazo til frukost ville vera det same som å indirekte innrømma at han var fattig. Då ville han tape anlete (ein slitt uttrykk, men det får gå), noko som ikkje var yskjeleg.)

Så bar det vidare til to vatn, eit grønt, og eit svart. Igjen: ubeskriveleg.
Så var det å setje kursen mot Ranohira. Då var klokka 1300 og sola steikte! Fem km i solsteiken, utan ein einaste plass med skugge. Vaten og mat var vi tomme for. Sleit oss fram og kunne til slutt nyta ei velfortent ISKALD COLA! Faktisk blei det to liter på meg der og då…

Hans, alias Hassan; imponerte stort på denne turen. Sin unge alder til tross, knappe 14(!) år, holdt han følge heile turen og syta ikkje! Samstundes viste han seg som ein moden reisekamerat som det gjekk an å føre gode samtaler med og vitse med! Ein god gut!

Skulle liksom sjå apekattar på denne turen. Trur eg så tre grashopper og ien kameleon. Det næraste eg kom ein ape var vel guiden vår! (Dette er ikkje ein rasistisk vits, men snarare ei betraktning eg gjorde meg for å illustrere kor forsvinnande lite dyr vi såg.)

Vår kjære guide Mac Gyver fortener ei lita skildring. Han var ein artig skrue. Han gjekk og banna og steika stort sett heile turen. Då eg konfronterte han med det, berre lo han og sa at slik skulle ikkje utlendingar forstå! Han foralte at han spelte opp til dans i heimbyen sin, og lurte på om eg hadde eit annlegg til han! Han gav oss og ei innføring i reglane for hanekampar og fortalde at det blei satsa store summar i desse kanmapane. Heilt opp til 3 000 000, rundt ei halv årsløn! I ettertid har eg funne han avbilda i ein artikkel i eit fransk motorsykkelblad, i ein artikkel om Isalo…


Vår geniale guide: Mac Gyver (namnet hadde han fått fordi han hadde lært alt han kunne på eigahand, han hadde null utdanning. Som born var han gjetar.)

Kl 16.00 etter ein lang ventepause, kom Klaus og Sophie å henta oss. Vi kjørde over Hormbe i plask regn. Ganske spennande. Bremsene på bilen funka ikkje heilt. Hjalp ein bil som satt fast i gjørma.

Ellers svei eg nedre del av høgre legg. Bak. Slarv i smøring av maskineriet. (Leggen var heilt lilla, så brendt var den. Måtte til med kremar av ymse utval. Desse var det helsesøster Sonja som hadde.)

Alt i alt ein flott dag. Eg dreit til og med i friluft for fyrste gong på mangen år!