mandag, april 18, 2005

Hytte tur med "gruppa"

På lørdag rett etter Bryne slo Alta 3-1, møttes vi på Shell og satte snuten sørover. Målet: Ei eller anna hytte sør for Bryne. Kvifor: Lufte ein gjeng galne gutar. Galne gutar: Odd Erling, Buggas, Kensington, Jalle et Moi. Galen gut som var med oss i våre tankar: Odd Ivar (han med den spisse tunga)

Det var ein fin tur. Kort, under eit døgn, men fin. Mykje "lått og løye", fantastisk mat og litt snop.

Nøyar meg med ei av dei mange festelege situsajonane. Ein kan godt seie at vi var på konf. weekend. Alle typane var der. Dei rolege som ikkje gjer noko gale, den unge umodne som tullar og vasar og leiaren som knapt nok er ferdig konfirmert sjølv.

Det heile byrja med at den veslevoksne leiaren sa at han var trøytt. Han labba opp mot loftet. Dei andre kikka undrande på han, men følgde hans eksempel, dog noko motvilleg. I utgongspunktet skulle vi sove på to rom. Då leiare fann dette litt ubehageleg var det heller å foreslå at alle skulle kome seg inn på eit og same rom. Greit. Eg venta at det no skulle bli ro og at eg snart skulle vera ute på dei store djup.

Lyset har ikkje før gått av for leiaren seiar. "Tei still, eg skal plystre!" Vi fekk i oppgåve å gjette kva sang det dreide seg om. Ingen hadde peiling. Han plystra igjen, særdeles nydeleg. Ingen ana kva det var. Sjokkert over vår vankunne måtte leiaren avsløre gåta sjøl. "Ein fantastisk TV serie som gjekk på NRK på midten av 90 talet!". Han allereie gløymt kva det var. Dette var nivået, og verre skulle det bli. Ikkje lenge etter klemte eldste mann i med to vers og eitt refreng av den legendariske sangen "Under brua". Deretter var det litt opera frå yngsteguten, så det dirra i veggane. Opreraen hadde ikkje før stillna hen, før D.D.E. jalla frå den eine køya. Ut av intet, og utan førvarsel, song no denne sangglade herre ut ein herleg historie om ein som var så glad i setemusklane hans. Utruleg.

For ein tur, for ein gjeng.

2 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Konge tur, konge tur! Kva meir kan ein seie?!!

19 april, 2005 22:35  
Blogger 15. Johannessen said...

Blei i alle fall mett!

20 april, 2005 10:35  

Legg inn en kommentar

<< Home