fredag, april 29, 2005

Manajary dag 2

14/10

Opp kl 07.30 tin ein fin frukost. Så var det ut til ein plantasje. Der hadde dei vanilje, pepar, koreander, kanel, ingefær samt noko anna dill som eg ikkje hugsar. På plantasjen var det eit luksus hotell: 400 000 pr. natt (om lag 300 kroner, kanskje litt meir). Plassen var jo prest. (Låg ikkje langt i frå Pangalana kanalen ,ein kunstig kannal som går langs store delar av aust kysten. Hotllet hadde fantastisk utsikt, eit genialt badebasseng og eit genialt utgangspunkt for alle formar for ekskursjona ).

Etter det var det plasking i bølgene før vi drog til Laila og Rivo. Der spiste vi fary (sukkerrøyr), voamanga (søtpotet), og ei anna god fruk som eg ei kan hugse namnet på. Fekk sendt ein mail i frå PC’en deira. (Dette var bort i mot ein uendeleg prosess. Maskina greide aldri å koble sogg opp på nettet, og då den først gjorde det tok set eit kvarter å få sendt ein enkel mail…)

Til kvelds var det det beste eg har smakt til no. Reker i ein eller annan form for karry (med ein touch ingefær)! Fantastisk prest! I godt humør etter den antastiske reka bestillte eg flamberte bananer til dessert, rimeleg godt!

Fekk eller vite ein del om turen på Pangalana kanalen. Alt i alt var det ser det ut til å vera mogleg å gjennomføra turen på to veker. Men time will som kjent show… (planane var å reise langs heile aust kysten i lakana (kano) på kanalen i juleferien, men det skar seg. Bittert.)