fredag, april 15, 2005

D'Gary konsert (!)

D’Gary er en fantastisk trollmann på gitar, en monster-gitarist!
- David Lindley

Det er både skremmende og fascinerende å høre på D’Gary. Det lette anslaget og den særegne teknikken gir musikken hans en mystisk stemning.
- Knut Reiersrud

Dette var det eg las på internett om denne fyren. Eg kjende til han i frå nokre CD'ar, men at omverda syntes dette om han var kjekt. Ikkje rart at forventningane var store før gårsdagens konsert. Eg visste at musikke han spelar er spesiell så eg brukte litt tid på å "høyra" meg inn på rett spor.

Han der opp sørga for at ramma rundt konserten var slik at eg utruleg nok kunne vera der og høyra på heile konserten.

Og for ein konsert! Kan knapt beskrivast med ord. Heilt rått. Eg plar alltid sjå kva gitar artisten spelar på etter ti sekund. Eg prøvde å få det med meg dei første fem sekunda, men så byrja han å spele. Då var den tanken som blåst ut ov hovudet mitt. Han hadde visst tatt i ein gitar før ja. Han har utvikla ein eigen stil som han kaller "gofo". Gitarspelinga hans er det ingen i heile verda som kan etterligne. På høgrehanda er det berre tommel og peikefingen som jobbar. Det blir rytmisk, fengande og melodiøst. I går hadde han med seg ei som sang og dansa, og ein på div rytmeinstrumenter. Dama hadde ei trollsk røyst, vanvittig stilig, særleg på dei rolege partia. Dansen såg ikkje så imponerande ut før det blei bemerka at ho haldt ein rytme med beina og ein annan med overkroppen og armane! Mannen på rytmeinstrumenta må vera henta frå ein annan planet. At han haddde kontroll på alt han gjorde fattar ikkje eg.


Ariv foto: D'Gary

Saman gjorde dei ein svært stilig konsert! Midt i konserten gjekk det litt over hovudet på meg. Då var D'Gary heilt i hundre og det blei litt lite variasjon. Det må vera det einaste negative.

Etter konserten kom eg backstage. OK, ikkje så imponerande, for der var det litt mangen folk. Eg fekk no i alle fall takka han for ein flott konsert og så fekk eg autografen (litt flaut, han skreiv til alle som stod der).

Kjekke musikk opplevingar kan ein dele i to. De der ein kjem heim og spele lysta er på topp. Ein set seg ned meg gitaren i fanget, draumar seg bort, tida flyg og alt er kjekt. Den andre sorten er den der ein kjem heil spele yr som få, seg seg ned tar ein C, sukkar oppgitt og tenkjer "Eg er skremmande svak til dette. Alt er håplaust. Brenne denne greia godt?) Denne opplevinga havnar definitivt i den siste kategorien.