onsdag, april 13, 2005

"Kva skal du gjere til neste år?"

Heite kveite. Kor mange gonger får ein ikkje det spørsmålet. Ofte spør folk fleire gonger og. Trur det er siste utveg når det gjeld samtaleemne for min del. Eg plar hugse kva folk skal etter å ha spurt dei ein gong. Dersom eg ikkje hugser det så gjorde det truleg ikkje inntrykk på meg, eller så brydde eg meg fint lite då eg spurde. Kven kjenner seg vel ikkje igjen i det? Stiller spørsmål ein er programforplikta til, som ein eignetleg ikkje er så voldsomt interessert i svaret på. Jaja, neste år: I og med at eg er som ungdommar flest veit eg at eg sikkert må svare på kva eg skal gjere til neste år uendeleg mange gonger. For å redusere antalet gonger frå uendeleg- til abnormt mange gonger, legg eg ut lista eg fekk frå Samordnaopptak:

DINE STUDIEØNSKER FOR 2005-OPPTAKET I PRIORITERT REKKEFØLGE

PRI KODE STED STUDIUM
--- ------ ---- -------------------
1. 184752 UiB Psykologi
2. 185752 UiO Psykologi, årsenhet
3. 184461 UiB Midtøstenkunnskap
4. 184880 UiB Sosiologi
5. 184910 UiB Religionsvitenskap
6. 223454 HVO Journalistutdanning

Fortolking (for det er heilt sikkert folk (som søkjer sjølv, men) som likevel ikkje greier å forstå dette):

1. Eg vil studera psykologi.
1. Eg vil til Bergen (UiB står for universitetet i Bergen).
2. Eg vil framleis studera psykologi, framleis helst i Bergen, men går det ikkje så tek eg til Oslo. Litt ulogisk, av di krava i reglen er høgare i Oslo enn i Bergen.
3. Javel, eg er håplaus, psykologi kom eg ikkje inn på. Eg vil til Bergen. Eg studerar midtaustenkunne (slik at eg kan få bort dei tankane (somme (traktortullingar) ville kalla det "fordommar") som gjorde at eg eigentleg hadde tenkt å skrive "Ali-Muhammadkunne").
4. Sjitt, eg får ingengting til. Eg tek sosiologi, for det gjer Jon Arne og han skrøytar.
5. Eg er jo religiøs. Kva med å finne ut kva det eignetleg er.
6. Det må vera ein vits. Av alt eg søkjer på er det dette studiet som har høgast oppptakskrav. Restetorget neste...

Vart no freista til å vidare utvilke tanken om samtalar ein eigentleg drit ein lang i, men eg lar det vera.

Eg hatar lister. Men mitt førebilete lagar mange lister, så då gjer eg det og.

4 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Tenk at eg ikkje he fått mæ meg at du he fått deg en blog!! Men nå æ du jo jaffal igang! Sko jaffal gått te dæg visst eg trengte psykolog! Elle..? Keep up the good nynorsk!

13 april, 2005 19:43  
Blogger 15. Johannessen said...

Stemme. Glitrande psykolog og glitrand nynorsk!

13 april, 2005 23:24  
Blogger Pappa Karlsen said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

13 april, 2005 23:35  
Blogger Pappa Karlsen said...

æsj tullde litt.

13 april, 2005 23:36  

Legg inn en kommentar

<< Home