torsdag, april 28, 2005

Manajary dag 1

13/10

Opp 06.30 for å kjøpe brød i Ranomafana, 6 km frå hotellet. Vi fann null brød! Var førespegla ein tur på 7 timar og dårleg veg. Vegen var god og det tok 4,5 timar, og det inkludert ein laaaang pause!

Då vi kom fram var det inn på eit litt finare hotely (gasserane sin ”resturant”, meget enkle servering. Kjempe haug med ris og ein form for kjøt og saus i frå kl 11.30 til rundt 13.30, fordi då er maten varm og klar for servering. Pris: rundt fire kroner). Hotely fordi me skulle få maten fort. Ein time seinare fekk vi ei kinesisk suppe (grunnen var at innehaver var av kinesisk avstamming) utan smak. Blei i alle fall mett. På nabobordet tok kattane seg av restane (som framleis stod på bordet).

Etter å ha sett på hotellet som var heilt prest køyrde Henrik og meg til Laila og Rivo. Der fekk vi vite opplegget for resten av opphaldet.

Kven er kven? Henrik S. Grydeland, gift med Merete, Lyn-fanatikar, 50% lærar, moromann og far til fire. Laila: reiste ut som einsleg misjonærkvinne, skulle ikkje gifte seg med ein gasser. Er no gift med Rivo og har tre born, jobb med evangelisering i Mananjary området då vi var der. Er i dag i Antsirabe.

Då vi kom tilbake til hotellet var det strandfotball. Festeleg å spele på sand. Plutseleg fekk eg vondt i magen og svett og fæl satte eg meg ned. Doen hade ikje doring, og porselen mot svett bakende, ja det er glatt det! Heldigvis datt eg ikkje nedi. Gjekk å bada i sjøen etter på. Kvelden vart avslutta med pizza (som var heilt ok) og prat. Reising går heilt til hovudet på meg… (snakka ikkje om så mykje anna enn det på denne turen. Planla og drøymde om framtidige ekspidisjonar)

2 Kommentarar:

Blogger magnus said...

haha, du beskrive veldig nøyaktig korleis du gjekk på do, men ingenting om dopapir? Var det difor du bada rett etterpå?

lykke til med såret, kjøp deg eit bur, det held dyna vekk:)

29 april, 2005 10:19  
Blogger 15. Johannessen said...

er litt usikker på det med dopapir, men i reglen fekk eg tak i eit eller anna til å ta bort det verste med i alle fall!

Skulle hatt bur i natt. Eg angrer no.

29 april, 2005 14:00  

Legg inn en kommentar

<< Home