tirsdag, januar 31, 2006
onsdag, januar 25, 2006
Nok eit innlegg
Det var grusomt varmt. Trykkjande. Luftfuktigheita nærma seg 98%. I to dagar hadde han gått utan vatn. Lang i frå folk og midt blandt alle dei ville dyra såg han konturane av noko som kunne likne eit lyspungt. Det grove annsiktet, som ellers var prega av strabasane i dei to føregåande dagane, sprakk opp i noko som skulle likna eit smil. Grunna slangebite han hadde fått i høgreskulder likna det meir ei grimase.

Kva var det han såg? Han kunne knapt tru sine eigen auge! Reisendetre! Ein kvar raisanede sin draum. Han sett oppfarten. Motivert av veksten han hadde sett, trassa han kvistan som stakk djupt inn i dei frå før maltrakterte beina. Han ensa ikkje dei kvasse balden på trea som raspa han på overkroppen. Der var det! Midt i balandt alt han ikkje hadde nokon som helst kjensleg ovanfor, stod det han trong mest.

Han treiv fram kniven, og planta den ergjerrig i stammen. Presist, med ein presisjon Davy Crocket hadde misunna han. Nett det han måtte treffe. I same røyrsla hadde han fått fram glaset sitt i frå skinnskreppa. No sat han på huk og kunne ikkje tru det han såg. Varme ville aldeles ta livet av han. Det som no føregjekk var likevel nok til å halde mote oppe. Vatn kom rennande ut langs knivbladet. Med den størst presisjon ledsaga han dei edle dråpane ned i glaset sitt.

Då han hadde fått ut alt som var å hente, sette han glaset til munnen, og slurpa vatnet i seg. Det lindra. Det gjorde godt. Det gav han nye krefter. Motivert med tanken på kva som venta han dersom han klarde seg, tømde han dei siste dråpane i seg og fortsette...

Ville eigentelg berre mimre litt i frå den tida eg var i varmare strøk, og så fann eg desse bileta og tenkte det ikkje skada å være litt kreativ!

SOL!
Du store mi tid kor glad eg er i sol! I dag hadde vi som bur i byen mellom dei sju rengbyger æra av å få sjå hennar vene åsyn. Det gjorde godt. Eg kjennar det i heile kroppen. Dei kvardagslege gjeremåla vart mykje lettare! Det er flott. Nydeleg. Prest.
No er det berre å nyte Grandiosaen og gjere seg klar til kveldens program: Kamerun v.s. Togo og så seinare, om eg rekk det, United v.s. Blackburn. Den første kampen er framleis gruppespelet i CAN, mendan den siste er returkamapen i ligacupens semifinale i England.

søndag, januar 22, 2006
Cameroun - Angola

Så, uventa, gjekk vi på ein smell. Eurosport ville ikkje vise Kamerun kampen. Bittert. - Kva kamp visar dei då tenkte eg. Vel, ingen kamp. Ski. Kulde. Negative kjensler. Også; kunstløp. Kva gjer du meg. Blir oppgitt. Ettermiddagen vart likevel hyggeleg, med graut og galgen humor.
Eg har no prikka ut godkampane som kjem denne veka. Desse vil eg anstrenge meg for å få sett.

25/1: Kamerun – Togo 19:00
27/1: Ghana – Senegal 16:15
28/1: Egypt – Elfenbenskysten 18:00
No har eg sjekka at desse faktisk blir vist. Og det blir dei. På eurosport. Det er berre å glede seg til nyte flotte finter, blendane teknikk, underlege taktiske disposiusjonar og ikkje minst avsindige grisetaklingar. Det siste er ein ukjent del av afrikansk fotball. Dei fleste tenkjer tekninkk og artisteri når ein tenkjer afrikansk fotball. Eg tenkjer taklingar som liknar meir på overfall. Ingen kan takle så stygt og hensyns- og hemingslaust som afrikanerane.
Kamerun vann forøvrig kampen mot Angola 3-1. Eto'o laga alle tre måla. Bittert å ikkje få sett det, live vel å merke. For måla kan du sjå, og det på eurosport sine heimesider.
lørdag, januar 21, 2006
CAN 2006

Det er mange faktorar som gjer at CAN er spanande og interessant. For det første er det eit arrangement av afrikanarar, for afrikanarar i Afrika. Det er ikkje for ofte slikt skjer, og det gjer det heile ei heilt sepesiell stemning. Det er og oppmuntrande å sjå det brennande engasjementet mange av supporterane har. Ikkje nødvendig vis dei som er på tribunen, men dei som sit føre radioen eller tven. Desse som ikkje er så velståande at dei kan gå på kamp. Fotballen tar forkuset bort i frå det evige fokuset om å jobbe for å skaffe familien mat. (Dette har eg hørt før tenkjer de kanskje, og ja kanskje det, men det er sant. Og verdifullt).
For den generellt fotball interesserte er dette ein del av den obligatoriske oppvarminga til sumarens VM. No får er sjå mange av laga i aksjon, og ikkje minst får ein ein idé og kor dei ulike laga står. Samstundes er dette og arenaen for uoppdaga afrikanse unngutar. Eg gler meg som ein unge til å sjå nye anlete, med fantastiske eigenskapar. Nå skal det jo seiast at det ikkje berre er ungfolar som spring rundt på bana. To eldre herrar på 40 er og med i turneringa, deriblandt Egypts store helt Hossam Hassan.

Yaya Touré (Olympiakos & Coté d'Ivoire)
Carlos Idriss Kameni (Espanyol & Cameroun)
Salomon Olembe (Nantes & Cameroun)
Tresor Lumana Lua Lua (Pompey & DR Congo)
Pedro Mantorras (Benfica & Angola)
John Obi Mikel (FC Lyn Oslo & Nigeria)
Victor Nsofor Obinna (Chievo & Nigeria)
Stephen Appiah (Fenerbache & Ghana)
Emmanuel Adebayor (Monaco & Togo)
(Sjølvsagt bør du kunne hovudstadane i desse landa spelarane er i frå. Kan du?)
fredag, januar 20, 2006
Kylling Isabella

Muskken på dvden er og konge. Ikkje det eg vil kalle uventa. Kjente sangar i nye klede, og somme cover songar som er fortryllande. Ikkje spelar han vanskeleg gitar heller. Kvelden kan fort gå med i det eg trykkjar play.
Oppvarmarane Animal liberation Orchestra (ALO) og Matt Costa er heite. Så pass heite at dei fortenar ein post kvar. Minst. Det kjem eg tilbake til når eg har fått platene og betre kjennskap til dei og musikken deira. I det heile er det kjekt med musikk. Dersom du vil høyre ALO eller COsat vil eg annbefala å gå inn på itunes.com og søkje, for så å høyre på smakebitar av sangane der. Til dette vil eg anbefala Matt Cosata sin Astair og Sunshine. ALO har den utruleg artige Walls of Jericho, og ikkje minst GIrl I Wanna Lay You Down. Live versjonen av sistnemde er berre konge då Jack syng med. Den finn du på Some live songs EP
tirsdag, januar 10, 2006
flickr.com

lørdag, januar 07, 2006
F.S. Pedersen

Ein fantastisk mann som eg ikkje har nemd før er min gode danske venn Frans. Han er ein magisk og utruleg rutinert reisevant fyr. Berre sjå på dette herlege bilete! Somme eg kjenner synest det er vanskeleg å forstå det han seier. Han har skrive ei interessant oppgåve om jamsbønna, eller the yam bean. Og så har han teke koselege bilete.
Heime igjen
Etter å ha vore på Bryne i julkeferien er eg no komen heim til Bergen igjen. Det er fint, men framleis er det få folk her.
Då eg kom i går var det frykteleg kaldt. Eg var glad for å kome i hus og tenkte eg skulle få varmen i meg. Den gang ei. Sistemann som forlot reiret hadde skrudd ned varmen til eit minimum for å spare straum. Eg opna kjøleskåpet for å sjå etter mat og syntes det var underleg at det ikkje var kaldare der inne. Hekkan, tenkte eg, er kjøleskåpet øydelagt? Men nei. Sanninga var nok heller at det var så kald i huset at eg ikkje merka skjel. Det var berre å fyre ovnane på fullt og pakke seg inn i alt eg kunne finne. Hendelse.
Ha ein fin dag.