søndag, januar 22, 2006

Cameroun - Angola

I går var det duka for den første kampen i Afrika mesterskapet for min del, trudde eg. Vi møttes hjå Trygve S og benka oss for å sjå Kamerun mot Angola. Då både Frode Ø og eg hadde ikledd oss Kamerunesiske effektar for annledninga, var ikkje Trygve sein om å ikle seg løvene sine stolte fargar. Spaninga var stor, og vi gleda oss.

Så, uventa, gjekk vi på ein smell. Eurosport ville ikkje vise Kamerun kampen. Bittert. - Kva kamp visar dei då tenkte eg. Vel, ingen kamp. Ski. Kulde. Negative kjensler. Også; kunstløp. Kva gjer du meg. Blir oppgitt. Ettermiddagen vart likevel hyggeleg, med graut og galgen humor.

Eg har no prikka ut godkampane som kjem denne veka. Desse vil eg anstrenge meg for å få sett.

23/1: Nigeria – Ghana 16:15
25/1: Kamerun – Togo 19:00
27/1: Ghana – Senegal 16:15
28/1: Egypt – Elfenbenskysten 18:00

No har eg sjekka at desse faktisk blir vist. Og det blir dei. På eurosport. Det er berre å glede seg til nyte flotte finter, blendane teknikk, underlege taktiske disposiusjonar og ikkje minst avsindige grisetaklingar. Det siste er ein ukjent del av afrikansk fotball. Dei fleste tenkjer tekninkk og artisteri når ein tenkjer afrikansk fotball. Eg tenkjer taklingar som liknar meir på overfall. Ingen kan takle så stygt og hensyns- og hemingslaust som afrikanerane.

Kamerun vann forøvrig kampen mot Angola 3-1. Eto'o laga alle tre måla. Bittert å ikkje få sett det, live vel å merke. For måla kan du sjå, og det på eurosport sine heimesider.

5 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Test ut pandora.com

24 januar, 2006 16:12  
Anonymous Anonym said...

Kamerun!!!

den skitne anonyme kommentaren øverst er forresten lars,hHan elske pandora. det vil sei at du til nå bare har fått kommentarer frå storo rangers! altså bare folk frå klepp og ingen kommentarar frå nogen frå bryne. Ser kvifor eit kristent miljø som er mest inkluderande ja...;)

v
lev
l

25 januar, 2006 15:30  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
[url=http://bcyvytoa.com/alss/brtq.html]My homepage[/url] | [url=http://vtfsjvts.com/vtnn/enuv.html]Cool site[/url]

29 september, 2006 06:25  
Anonymous Anonym said...

Good design!
My homepage | Please visit

29 september, 2006 06:25  
Anonymous Anonym said...

Well done!
http://bcyvytoa.com/alss/brtq.html | http://bbzfdwym.com/vwik/fsjm.html

29 september, 2006 06:26  

Legg inn en kommentar

<< Home