lørdag, januar 21, 2006

CAN 2006

Då er det i gang! Det afdrikanske mesterskapet i fotball. Eg gler meg voldsomt til fortsetjinga. Det heile starta i går. Heimelaget Egypt smadra Lybia 3-0.

Det er mange faktorar som gjer at CAN er spanande og interessant. For det første er det eit arrangement av afrikanarar, for afrikanarar i Afrika. Det er ikkje for ofte slikt skjer, og det gjer det heile ei heilt sepesiell stemning. Det er og oppmuntrande å sjå det brennande engasjementet mange av supporterane har. Ikkje nødvendig vis dei som er på tribunen, men dei som sit føre radioen eller tven. Desse som ikkje er så velståande at dei kan gå på kamp. Fotballen tar forkuset bort i frå det evige fokuset om å jobbe for å skaffe familien mat. (Dette har eg hørt før tenkjer de kanskje, og ja kanskje det, men det er sant. Og verdifullt).

For den generellt fotball interesserte er dette ein del av den obligatoriske oppvarminga til sumarens VM. No får er sjå mange av laga i aksjon, og ikkje minst får ein ein idé og kor dei ulike laga står. Samstundes er dette og arenaen for uoppdaga afrikanse unngutar. Eg gler meg som ein unge til å sjå nye anlete, med fantastiske eigenskapar. Nå skal det jo seiast at det ikkje berre er ungfolar som spring rundt på bana. To eldre herrar på 40 er og med i turneringa, deriblandt Egypts store helt Hossam Hassan.

Spelarar ein bør sjå opp for i denne turneringa vil eg no lage ei liste over, sjøvomegstrengtatterimotslikelisterseregdetnosomnaudsyntågjeredet:

Yaya Touré (Olympiakos & Coté d'Ivoire)
Carlos Idriss Kameni (Espanyol & Cameroun)
Salomon Olembe (Nantes & Cameroun)
Tresor Lumana Lua Lua (Pompey & DR Congo)
Pedro Mantorras (Benfica & Angola)
John Obi Mikel (FC Lyn Oslo & Nigeria)
Victor Nsofor Obinna (Chievo & Nigeria)
Stephen Appiah (Fenerbache & Ghana)
Emmanuel Adebayor (Monaco & Togo)

(Sjølvsagt bør du kunne hovudstadane i desse landa spelarane er i frå. Kan du?)

6 Kommentarar:

Blogger Marge said...

Cotè d'Ivoire-Yamoussoukro(offentleg sidan 1983) (Abidjan framleis den politiske)
Angola-Luanda
Cameroon-Yaounde
Ghana-Accra
Togo-Lome
Nigeria-Abuja
DR Congo-Kinshasa

Det syns eg va det mest interessante med denne posten. Men afrikansk fotball er meir interessant enn anna fotball likevel.

21 januar, 2006 17:04  
Blogger 15. Johannessen said...

Trollsk. Du må ha juksa. Ellers så imponerar du stort. Særeleg med DR Kongo. Ei lett å skilje mellom dei to landa utan å sjekke på nettet.

22 januar, 2006 02:38  
Blogger Marge said...

Eg ska innrømma at eg juksa, men DR Kongo hadde eg stålkontroll på, så den visste eg. Dei fleste visste eg, men måtte bekrefta først...

23 januar, 2006 21:17  
Anonymous Anonym said...

Great work!
[url=http://ucasmobr.com/hfnd/mkmz.html]My homepage[/url] | [url=http://dflelyje.com/cdyf/bmfq.html]Cool site[/url]

14 september, 2006 04:20  
Anonymous Anonym said...

Good design!
My homepage | Please visit

14 september, 2006 04:23  
Anonymous Anonym said...

Nice site!
http://ucasmobr.com/hfnd/mkmz.html | http://fnecjehh.com/zacl/pmop.html

14 september, 2006 04:23  

Legg inn en kommentar

<< Home