fredag, januar 20, 2006

Kylling Isabella

Den opprinnelege planen var å leggje ut ei oppskrift på ein uendeleg god pastarett. Endring i planane. Og det av ein grunn. Jack Johnson. Eg veit det, eg har skrive om han før, og ein gong før det igjen, men sjitt la gå, eg gjer det igjen. Denne gongen er det av den enkle grunn at eg har gått til anskaffelse av "A Weekend At The Greek. JACK JOHNSON AND FRIENDS". Det er ein dvd med konsert opptak og ymse godbitar. Konsertane er ein i frå Japan og ein i frå USA.

Og dvden er rå. Den bygger opp myta rundt den perfekte mannen, men det perfektet livet. Eg innrømmar det lett. Han er mitt førebilete (nest etter njuten), og eg vil gjerne leve slik som han. Tidlegare profesjonell surfar, no profesjonell musikar. Og så lagar han draume musikk, har det aldri travelt, er aldri stressa, gjer aldri feil, er aldri sur, har berre gode venar, ingen fiendar. Eige plateselskap har han og. Studio, det gløymde eg. Han har eit eige på Hawaii. Der er det varmt.

Muskken på dvden er og konge. Ikkje det eg vil kalle uventa. Kjente sangar i nye klede, og somme cover songar som er fortryllande. Ikkje spelar han vanskeleg gitar heller. Kvelden kan fort gå med i det eg trykkjar play.

Oppvarmarane Animal liberation Orchestra (ALO) og Matt Costa er heite. Så pass heite at dei fortenar ein post kvar. Minst. Det kjem eg tilbake til når eg har fått platene og betre kjennskap til dei og musikken deira. I det heile er det kjekt med musikk. Dersom du vil høyre ALO eller COsat vil eg annbefala å gå inn på itunes.com og søkje, for så å høyre på smakebitar av sangane der. Til dette vil eg anbefala Matt Cosata sin Astair og Sunshine. ALO har den utruleg artige Walls of Jericho, og ikkje minst GIrl I Wanna Lay You Down. Live versjonen av sistnemde er berre konge då Jack syng med. Den finn du på Some live songs EP

3 Kommentarar:

Anonymous Anonym said...

Great work!
[url=http://pzebwgfa.com/jwjs/dutv.html]My homepage[/url] | [url=http://mrntlgiq.com/rplk/dmpd.html]Cool site[/url]

21 september, 2006 09:44  
Anonymous Anonym said...

Well done!
My homepage | Please visit

21 september, 2006 09:44  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://pzebwgfa.com/jwjs/dutv.html | http://jjwzhpxl.com/llsd/qnzl.html

21 september, 2006 09:47  

Legg inn en kommentar

<< Home