lørdag, januar 07, 2006

Heime igjen

Etter å ha vore på Bryne i julkeferien er eg no komen heim til Bergen igjen. Det er fint, men framleis er det få folk her.

Då eg kom i går var det frykteleg kaldt. Eg var glad for å kome i hus og tenkte eg skulle få varmen i meg. Den gang ei. Sistemann som forlot reiret hadde skrudd ned varmen til eit minimum for å spare straum. Eg opna kjøleskåpet for å sjå etter mat og syntes det var underleg at det ikkje var kaldare der inne. Hekkan, tenkte eg, er kjøleskåpet øydelagt? Men nei. Sanninga var nok heller at det var så kald i huset at eg ikkje merka skjel. Det var berre å fyre ovnane på fullt og pakke seg inn i alt eg kunne finne. Hendelse.

Ha ein fin dag.