fredag, oktober 07, 2005

Ein smal sak

Du store nyting. Så blir dei ståande, desse tre, gitaren, pipa og colaen. Ja det gjer dei. Dette er oppskrifta for nyting for min del. Genialt.

Like ved der er bur ligg det ein gamal festning, med gras og benk på toppen. Det er blitt favoritt staden. Her sit eg og nyt livet, og distanserar meg frå det travle livet i byen. Her er det rimeleg sille. Ikkje så mange folk. Berre eg, gitaren, pipa og colaen. Det er magisk.

At pipa er med i denne kombinasjonen foruset at eg må være ute, og skal eg være ute må det være sol. Og det var det i dag. Eg satt der og gjorde det eg likar best; dampa, sang og drakk. Fint var det. Midt i refrenget i "Sitting on the dock of the bay (waisting time)" (og i ei tankerekkje der eg humra over at denne teksten passa fin til min situasjon), kom det eit lass med kinesarar opp. I og med at augo mine var latne att og uttrykket i annlete sa rimeleg tydeleg at eg konsentrerte meg om ei kunstnerisk framføring, vart eg lettare overumpla. Som den tilpassa og velopplære normannen eg er stogga eg med det same. Mennene med dei smale augo spredte seg rask rund på festningen og kikka ned frå dei høge murane, tok bilete og snakka smalt. Ein av dei kom rett bort til meg. "Du er flik å spele" sa han. Koseleg mann. "Elskar du musikk?" spurde han. "Ja" sa eg, medan eg tenkte at å elske var eit litt sterkt ord, og i same slengen slo fra meg å forklare han det. Hadde nok ikkje nytta likevel. Nokså utan vidare sette han seg ned, og vips var samtalen i gang (med mi delikate klimpring i bakgrunnen). Han snakka ein blanding av engelsk og underlege lydar. Eg fatta halvparten, men det er jo berre å smile (eller gjere ei grimase som gjer at dei trur du smilar, eg for min del smilte) så går alt fint.

No veit eg at kinesarar for ti årsida budde 8 mann på eit rom medan dei studerte på universitet. Det var forbudt å bu utan for universitetets område, og kvinner var verre enn pesten. Dersom ein blei tatt i ekteskaplege aktivitetar vart ein kasta ut. No er det ikkje slik lenger.

Det er flott med utlendingar. Skulle ynskje at fleire av dei ikkje hadde lært seg å oppføre seg på norks. Han var 50 år og hadde ein son på 24 som studete IT.

5 Kommentarar:

Blogger Pappa Karlsen said...

Hahah konge historie!

07 oktober, 2005 21:58  
Blogger Bjørnar said...

Eg må sei eg likte dette innlegget veldig godt. Hyggelig historie.

08 oktober, 2005 09:26  
Blogger magnus said...

eg vonar du kjem og syng her ein gong. det hadde vore stas, du kan få sitta på balkongen...

08 oktober, 2005 19:50  
Blogger 15. Johannessen said...

Det skal eg gjera. Eg plar at ein halv liter cola i honorar.

09 oktober, 2005 12:39  
Blogger Marge said...

Kult innlegg! Kjenne meg igjen i å lata som om eg forstår alt.

09 oktober, 2005 17:43  

Legg inn en kommentar

<< Home